Kristen antiintellektualisme på sitt ‘beste’

Ulf Christiansson frå bandet Jerusalem klarar på heilt fantastisk vis å stadfeste kvifor eg til tider møter på omgrepa ‘idiot’ eller ‘kristendum’ i debatt med ikkje-kristne: “Evangeliet kommer aldri til å bli akseptert av intellektuelle mennesker, for man kan ikke ta imot det logisk. Da mister man kraften i det.” (Dagen 6. juli d.å.)

Veit Christiansson eigentleg kva det vil seie å vere intellektuell? Veit han at han no har fråsagt kristennamnet frå ein god del personar, som t.d. Paulus og Augustin? Kristen antiintellektualisme er eit problem. Gud skapte oss med eit sinn, og eg er overtydd om at han vil at vi skal bruke det. Eller meiner kanskje Christiansson at om vi berre ‘frigjorde’ oss frå fornuft så ville alt gå bra? Er synda mindre tydeleg i andre delar av mennesket?

Eg vonar at intellektuelle der ute som søker Gud ikkje let seg avbryte av tullpratet til Christiansson.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s