Mi sjel opphøgjer Herren

I dag, medan eg surfa litt rundt på forskjellige bloggar, kom eg over dette innlegget om korleis ein skal forstå det Maria møy song i Luk 1,46-55. Dette byrjar slik (etter mi omsetjing): “Mi sjel opphøgjer Herren.” (Gresk: Μεγαλύνει ἡ ψυχή μου τὸν κύριον.) Denne lovsongen vert ofte kalla for Magnificat, etter fyrste ord i den latinske omsetjinga av verset (Vulgata): “Magnificat anima mea Dominum.”

Spørsmålet som vart stilla er om magnificat eller det greske ordet μεγαλύνει skal forståast ‘berre’ som lovprising, eller om det ligg noko meir bak. I innlegget skriv forfattaren (Taylor Marshall) dette:

To “magnify” the Lord is saying more than to “praise” the Lord. We Catholics truly believe that Mary is like a living magnifying glass that both enlarges our praise to God and magnifies His mercy and grace as it comes to us. She doesn’t change the divine Light, but she allows us to perceive different. Those who have weak eyes (we sinners), need a magnifying glass to read the love of God.

Well the Greek confirms the Catholic translation over the Protestant (mis)translation. In Greek, we read “Μεγαλύνει ἡ ψυχή μου.” The word μεγαλύνει or megalunei means “enlarge” not “praise.” You don’t have to be a Greek scholar to see that megalunei relates to “mega” and everyone knows what that means. Mary is saying that he soul makes God appear bigger to us. We earthly see God better through Mary. Her immaculate soul is the telescope by which we can see Christ.

Sjølv trur eg han kanskje les litt mykje inn i verset, og han tek feil når han seier at μεγαλύνει ikkje kan bety lovprising.[1] Men eg trur samstundes at han har rett. Når vi lovprisar og lovsyng Herren så opphøgjer vi han, og proklamerer hans frelse i takk og tilbeding. Eg trur det kanskje er nettopp i lovprisinga at vi best kan vera heroldar for evangeliet, medan vi prisar Gud for den han er, og takkar Gud for det han har gjort.

Vi gjer ikkje Gud større bokstavleg tala, men vi kan kanskje openberre meir av kven han er for andre, og dermed vere ‘forstørringsglas’ som viser verda kven Gud er, og kva han har gjort for oss. Maria møy er prototypen på dette. Så lat oss jubla med ho (Luk 1,46-47): “Mi sjel opphøgjer Herren og mi ånd frydar seg i Gud, min frelsar.” Amen!

Noter:

[1] Sjå denne boka, s. 623 (under μεγαλύνει).

Biletet oppfor er av Maria sin lovsong, mala av Franz Anton Maulbertsch.

This entry was posted in Ymse.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s