Breivik er kulturell kristen, ikkje konservativ

I den siste veka har vi høyrt ein del snakk om at Anders Behring Breivik er ein ‘konservativ kristen’ og til tider også ‘fundamentalistisk kristen.’ Men eg meiner det er klare prov på at han ikkje er nokon av delane. Ein ‘fundamentalistisk kristen,’ slik dette omgrepet vanlegvis vert brukt, er ein person som har eit syn på bibelen som heilt og fullt feilfri,[1] noko som ofte viser seg i ein hyppig bibelbruk. Eg ser ikkje noko av dette hjå Breivik. Klassisk fundamentalistisk kristendom er også tildels anti-katolsk, noko Breivik ikkje har. No meiner eg han tolker katolsk tanke feil, men det er ei anna sak. Og både ‘fundamentalisme’ og ‘konservativ kristendom’ – og sjølvsagt også katolsk kristendom – har som ein del av sin ‘definisjon’ at ein må ha eit personleg forhold til Gud, som Far, frelsar, etc.

Men kva seier Breivik? I ‘intervjuet’ han laga med seg sjølv i manifestet sitt, spør han (i fylgje Ann Coulter): “Do I have to believe in God or Jesus in order to become a Justiciar Knight?” Svaret er interessant: “As this is a cultural war, our definition of being a Christian does not necessarily constitute that you are required to have a personal relationship with God or Jesus.” Han svara ikkje berre at alle som støtter hans syn kan vere med, men at han i sin definisjon av kristendommen ikkje tar med at ein må ha eit personleg forhold til Gud. Han seier også at “it is enough that you are a Christian-agnostic or a Christian-atheist.”

Breivik er ein kulturell kristen i høgreekstrem ånd. Å kalle Breivik for ein ‘fundamentalistisk’ eller ‘konservativ’ kristen vert heilt feil. Men det skapar sikkert overskrifter.

[1] Ikkje ‘ufeilbarleg.’ Berre personar kan vere ‘ufeilbarlege.’ Tekstar kan berre vere ‘feilfrie.’ På engelsk heiter det infallible or inerrant. Det fyrstnemnde vert ofte brukt om Bibelen, men Bibelen er altså ein tekst, ikkje ein person.

One comment on “Breivik er kulturell kristen, ikkje konservativ

  1. Peter says:

    Ja,og religionsvitar Egil Asprem tek endå sterkare i på sin blogg http://heterodoxology.com/2011/07/26/counterjihadist-templar-terrorism-some-reflections-on-the-terrorist-from-oslo-west/

    “In fact, the existing institutions of Christendom are all seen as corrupt, weak and “suicidal”, and a thorough reform of Christianity is another of Breivik’s revolutionary aims. This would be a different church indeed, and it would include much of what has been “rejected” through earlier phases of European identity politics. Including “Odinism”.”

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s