Bursdag

I dag vert det ikkje å mange teologiske refleksjonar på bloggen. Eg vil heller nytta høve til å nemne at eg har bursdag i dag. For dei som liker binærtalsystemet er eg 11100 år. For dei som liker det latinske talsystemet er eg xxviii år. For dei som liker det arabiske talsystemet er eg 28 år.

Det vert feira med mat og vener. Ikkje nødvendigvis i den rekkefylgja.

Og då må eg jo ha eit bibelsitat tenker eg. Eg tenkte å vise til den 28. boka i bibelen, det 28. kapitlet og det 28. verset. Fylgjer vi ein standard protestantisk bibel vil dette vere Hosea. Hosea har berre 14 kapitel, men om vi berre tel vidare på kapitel og vers kjem vi til Jona 3,2. Der seier Gud til Jona: “Stå opp, gå til Ninive, den store byen, og rop ut over han den bodskapen eg gjev deg!” Kanskje det er ein skjult bodskap her til meg?😉

Fylgjer vi ein standard katolsk bibel vil dette vere Klagesongane, som berre har 5 kapitel. Men om vi berre tel vidare på kapitel og vers kjem vi til Esek 18,4. Der seier Gud: “Eg rår for alt liv, både for far og son. Den som syndar, han skal døy.” Er dette også kanskje eit hint?😉

Då får eg slutte av med ein ‘klassikar’ — mi litt unkonvensjonelle omsetjing av Ord 15,15: “For den dølle er dagane kjipe, men den hippe drar stadig feite parteyys!”

This entry was posted in Ymse.

3 comments on “Bursdag

  1. Heidi says:

    Gratulerer med dagen!

  2. Gratulerer med dagen i går – vil au nytta høvet til å takka deg for den gode og særs interessante bloggen din🙂

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s