Kyrkjevalet framleis i Narcissus si ånd

Då er vi igjen klare for kyrkjeval i Dnk. I september skal vi stemme over kyrkja si framtid, eller i alle fall Dnk si framtid. Einskilde hugsar sikkert Dnk sin smått narsissistiske kampanje i 2009, med dette spørsmålet som ‘valhook’: Kva slags kyrkje vil du ha? Nedanfor ser du reklamefilmen frå 2009, som Audun Oppland med rette kritiserte fordi den ikkje gav noko indikasjon på kven og kva som står på val.

Men Dnk fornektar seg ikkje i år heller. Då eg i går kveld tok ein tur innom sidene til Dnk i Bergen kom eg over årets stemmekampanje som i år har haldt på den gode, narsissistiske linja frå i forfjor. Mottoet i år er ikkje kva slags kyrkje vil du ha?, men Stem på den kyrkja du drøymer om! Altså ikkje den kyrkja Gud ‘drøymer’ om. Meir informasjon, inkl. årets reklamefilm (som ikkje inneheld mottoet frå i forfjor, men som klart er ei redigert utgåve av førre film), finn ein på kyrkjevalet.no.

Eg håper at folk, i møte med denne kampanjen reflekterer over kva kyrkja er for noko, og kvifor det er problematisk å setje eigne draumar framføre Guds.

This entry was posted in Ymse.

8 comments on “Kyrkjevalet framleis i Narcissus si ånd

  1. Peter says:

    Nettopp. For den kyrkja Gud drøymer om er sjølvsagt den katolske😉

  2. Det har eg ikkje sagt noko om her i posten…😉 Men eg vil påpeike at det er eit problem at ei kyrkje ikkje oppmodar folk til å stemme på det Gud ynskjer, men på det dei sjølv ynskjer og drøymer om.

    Eg seier ikkje noko her om kva Guds ysnkjer skulle vere, men om det prinsippielle problemet med å la våre ynskje vere målestokken for korleis kyrkja skal styrast og organiserast, både i praktiske, organisatoriske og læremessige spørsmål. Kyrkja skal som kjent vere Guds hus.

  3. Peter says:

    Tanken er vel at kyrkja både skal vere Guds hus og vårt hus. Og då meiner eg det blir relevant å spørje kva kyrkje du drøymer om.

    Kvifor dette nødvendigvis skal innebere å setje eigne draumar framfor Guds ser eg ikkje. Det kan sjølvsagt skje. Trusvedkjenninga set imidlertid som kjent relativt tydelege grenser for kva kyrkja skal vere.

  4. Peter says:

    Tanken er vel at kyrkja både skal vere Guds hus og vårt hus. Og då meiner eg det blir relevant å spørje kva kyrkje du drøymer om.

    Kvifor dette nødvendigvis skal innebere å setje eigne draumar framfor Guds ser eg ikkje. Det kan sjølvsagt skje. Trusvedkjenninga set imidlertid som kjent relativt tydelege grenser for kva kyrkja skal vere.

  5. Ja, men dei siste åra viser ikkje akkurat at folk tek omsyn til kva truvedkjenninga seier.

  6. Peter says:

    Igjen ei viss generalisering frå di side, vil eg meine. Noko som i samtalen lett skaper ei unødvendig skilje mellom “vi” og “dykk”.

  7. Poenget mitt er at uansett kor vi står — konservativ, liberal, etc. — vert det feil å starte med å spørje kva kyrkje vi ynskjer oss, kva kyrkje vi drøymer om. Vi er ikkje kyrkja sin Herre, vi er kalla til å fylgje Guds vilje. Og difor må vi spørje: Kva kyrkje vil Gud ha? Kva kyrkje drøymer Gud om?

    Eg vil ikkje her gå ut med noko definisjonar eller gå inn på einskildssaker. Men det er eit prinsippielt problem å ta utgangspunkt i oss sjølve. Kyrkja er vårt hus i overført tyding: Vi er Guds born, men han er Far, han er Herre i huset.

  8. Peter says:

    Ja nettopp. Og fedre med modne barn spør dei gjerne kva heim dei vil ha, innanfor visse rammer og grenser, sjølvsagt.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s