Happy Birthday…?

I dag er det president Obama sin 50årsdag. Til lukke med dagen.

Men dette er ikkje berre ei bursdagshelsing. I høve bursdagen til presidenten var det eit innslag på NRK Radio (Rogaland) om det han hadde utretta, og dei spela av nokre uttalingar han hadde hatt, i høve til m.a. den nyare økonomikrisa og helsereformen. Han sa at han ville ha ei endring i samfunnet (“change we can believe in…”), men sa at dette ikkje ville skje over natta fordi ein stod ovanfor eit treigt, stort og tøft demokrati. Er dette ei utaling av ein president, eller av ein som skulle ynskt han var diktator? Han sa også at han ikkje likte den økonomipolitiske ‘drakampen’ som har pågått den siste tida, at ein ikkje har tid til slikt tull, at ein har mykje arbeid framføre seg. Men dette skjer fordi ikkje alle veljarane i eit demokrati er einige, og at dei kan utrykke dette også i handling. Igjen, er dette ei uttaling av ein president i eit demokrati eller ein skapdiktator? Men det verste er eigentleg det som skjedde i juli, i høve ei immigrasjonssak. Der sa Obama: “Now, I know some people want me to bypass Congress and change the laws on my own. Believe me, right now, dealing with Congress, the idea of doing things on my own is very tempting. I promise you, not just on immigration reform.” Han vart avbroten av folk som messa, “Yes you can! Yes you can!” De kan sjå det på filmklippet nedanfor. (Eg fann klippet via CNN.)

Dette minner uhyggeleg om plottet i dei nyare Star Wars-trilogien. I siste film, etter at Palpatine har gjort seg sjølv til keisar, og oppretta det fyrste galaktiske imperiet, vert han møtt med ein urovekkjande jubel som minner stygt om hyllinga av Obama i filmklippet oppfor. For å sitere ein karakter frå filmen, Amidala: “So this is how liberty dies, with thunderous applause.” Eg håpar sjølvsagt at dette ikkje skjer, men med den haldninga Obama viser kan det virke som at han håpar på det.

Eg ser slike uttalingar som særs problematiske, spesielt frå munnen til ein president i eit demokrati. Eg seier ikkje at eg nødvendigvis er ueinig med Obama i sak om immigrasjon e.l., men at slike uttalingar (uansett kva sak det er snakk om) minner meir om ein skapdiktator enn ein president i eit demokrati. Ein slik person skal ta omsyn til veljarane sine ynskjer. Demokratane og repuplikanarane har begge ein veljarbase, og sist eg sjekka var det ikkje slik i eit demokrati at berre éin type veljar si stemme som tel. Eller ser vi kansje her konturane av eit nytt DDR? Eller kanskje ser vi her byrjinga ADR, Americanische Demokratische Republik. Obama har jo vorte likna med FDR, ein person som til tider viste klare fascistiske trekk, slik dette vart forstått på 1930-talet. Men det er nok for no. Happy Birthday!

This entry was posted in Ymse.

4 comments on “Happy Birthday…?

  1. Petra says:

    Han sier ikke at han ikke vil det skal være demokrati! Han sier at han ikke kan bestemme det selv, fordi det ikke er sånn systemet fungerer og at han trenger “dancepartners” ! Det er det det handler om

  2. Ja, og han framstillar dette som eit problem, eit irritasjonsmoment. Ikkje akkurat det du har lyst å høyre frå ein president.

  3. Lars Ruben says:

    Du må forstå settinga her, Kjetil. For det første er dette en måte å snakke på som de færreste som er tilstede vil misforstå. Det er et kjent problem at politikerne knapt får gjort noen ting i Washington bl.a. pga. det politiske spillet og fordi man velges inn i Representantenes hus for bare to år. Det betyr i praksis at de fleste er i valgkampmodus mesteparten av tida. For tida er ca. 14% av den amerikanske befolkningen fornøyde med jobben Kongressen gjør. Mesteparten av de som hører Obama tale liker derfor å få inntrykk av at han forstår frustrasjonen deres, gjerne ved hjelp av litt spøkefulle utsagn som du viser til.

    For det andre har Obama så til de grader vist de siste ukene at han har vært villig til å inngå kompromiss med republikanerne, mens en stor del av republikanerne (særlig i Representantenes hus) ikke har vært interessert i å gjøre noe kompromiss i det hele tatt. Heving av gjeldstaket har vanligvis vært en helt rutinemessig ting som for eksempel skjedde sju ganger uten oppstyr under Bush. Å true med å kjøre den amerikanske økonomien fullstendig i grøfta ved å ikke heve grensa hvis ikke Obama går med på nøyaktig det de mest ytterliggående republikanerne vil, er fullstendig uansvarlig, og gjør Obamas kommentarer enda mer forståelige enn de ville vært til vanlig.

  4. Lars Ruben says:

    En liten kommentar til: Dette er også Obamas måte å minne folk som er skuffa over at han ennå ikke har fått til noen immigrasjonsreform om at han, selv om han er president, ikke kan få til alt han vil, og i hvert fall ikke så raskt han vil.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s