Maria Møy si opptaking i himmelen

I dag er det festen for Maria Møy si opptaking i himmelen, så difor vel eg å sitere dagens evangelietekst (Luk 1,39-56) og ved å be ei bøn for dagen, basert på kyrkjebøna.

Det står skrive hjå evangelisten Lukas i det 1. kapitlet. Ære vere deg, Herre.

39 Nokre dagar etter drog Maria av stad og skunda seg opp i fjellbygdene, til den byen i Juda 40 der Sakarja budde. Der gjekk ho inn til Elisabet og helsa på henne. 41 Då Elisabet høyrde helsinga frå Maria, sparka barnet i magen hennar. Ho vart fylt av Den heilage ande 42 og sa med høg røyst: “Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er frukta i ditt morsliv. 43 Korleis kunne det henda meg at mor til Herren min kjem til meg? 44 For då helsinga di nådde øyret mitt, sparka barnet i magen min av fryd. 45 Ja, sæl er ho som trudde, for det Herren har sagt til henne, skal oppfyllast.” 46 Då sa Maria:

“Mi sjel høglovar Herren,
47 og mi ånd frydar seg i Gud, min frelsar.
48 For han har sett til si ringe tenestekvinne.
Og sjå, frå no av skal alle ætter prisa meg sæl,
49 for store ting har han gjort mot meg,
han, den mektige; heilagt er hans namn.
50 Frå ætt til ætt varer hans miskunn
for dei som ottast han.
51 Han gjorde storverk med sin sterke arm;
han spreidde dei som bar hovmodstankar i hjartet.
52 Han støytte stormenn ned frå trona
og lyfte opp dei låge.
53 Han metta dei svoltne med gode gåver,
men sende dei rike tomhendte frå seg.
54 Han tok seg av Israel, sin tenar,
og kom i hug si miskunn
55 slik han lova våre fedrar,
Abraham og hans ætt, til evig tid.”

56 Maria vart verande hos Elisabet i om lag tre månader; så reiste ho heim att.

Slik lyder det heilage evangeliet. Lova vere du, Kristus.
Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning. Amen.

Lat oss be.

Allmektige, evige Gud, du har teke den alltid reine Maria møy, din Sons Mor, med sjel og lekam opp til himmelens herlegdom. Vi ser på dette teikn for håp og trøyst og ber at du må leia oss på den vegen som fører til din herlegdom. Det bed vi ved Son din, Jesus Kristus, vår Herrem som med Deg og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud, frå æve og til æve. Amen.

This entry was posted in Ymse.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s