Eg ser raudt!

For nokre dagar sidan fekk eg valavisa til partiet Raudt i Bergen i posten. Namnet var “Stem Rødt,” og på side 6 var det ein lita spalte der ein hadde spurt forskjellige folk kvifor ein burde stemme på Raudt. De fyrste, som eg skal sjå på her, var Chiku Ali, ei 53 år gamal kvinne som jobbar som kulturarbeidar og integreringskonsulent. Som svar på spørsmålet seier ho at ein bør stemme på Raudt fordi partiet “er folkets parti,” og at det ikkje “er interessert i makt, men rettferdighet.”

Den fyrste tanken eg fekk då eg las dette var at denne kvinna er særs naiv. Dersom historia lærer oss noko er det at kommunistar er like interessert i makt som alle andre. Eg har ikkje noko direkte problem med å verdsetje samhald, men eg vil seie at dette kanskje er ein av hovudgrunnane til at eg ikkje er kommunist. Kommunismen, påstår mange, har nettopp desse verdiane som grunn. Men eg tør å påstå at den ikkje har det. Samhaldsverdien innan kommunismen og sosialismen er like gamal som mennesket. Vi er skapt til å leve i samfunn. Som Aristoteles sa det, så er vi ‘politiske og sosiale dyr.’ I 1. Mosebok står det:

Då sa Gud: “Lat oss skapa menneske i vårt bilete, i vår likning! Dei skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen, over feet og alle villdyra og alt krypet som krælar på jorda.” Så skapte Gud mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, til mann og kvinne skapte han dei.” (1Mos 1,26f)

Då sa Herren Gud: “Det er ikkje godt for mannen å vera åleine. Eg vil gje han ei hjelp som svarar til han.” (1Mos 2,18)

Men likevel er eg ikkje kommunist/sosialist, og det er fleire grunnar til det. For det fyrste så vil eg seie at eg er grunnleggjande ueinig med det menneskesynet som ligg til grunn for denne ideologien. Det er ikkje, som folk påstår, eit positivt menneskesyn. Eit positivt menneskesyn må vere realistisk. Merk at ordet positiv ikkje alltid betyr ‘bra’ eller ‘godt.’ Krondømet er noko uttrykket ‘hiv-positiv.’ Positivt er noko når det er realistisk, når det korrosponderer med røyndomen. Og menneskesynet innan kommunismen/sosialismen er ikkje realistisk. Det er utopisk, og dermed negativt — og farleg.

Eg vil også kort nemne at eit av kommunismens mest urealistiske ideal er, slik ein kommunist sa det, søken etter eit samfunn utan ‘profittbehov.’ Men profittsystemet er eit realistisk system. Utan det systemet vil ikkje folk produsere. For kvifor skal ein produsere noko utan avkastning? Kommunisten ynskjer å dele kaka, men vil ikkje at nokon skal baka den.

Det kommunistiske menneskesynet er også djuptgåande antroposentrisk (menneskefokusert), noko som utelukkar Gud frå biletet — eller i det minste gjer han overflødig. Og dermed går det imot grunnlaget i mi tru. (Meir om menneskesynet nedanfor.)

For det andre er fellesskapstanken, som er allmennmenneskeleg, blitt pervertert, mykje på grunn av menneskesynet. Ein har pressa det organiske og levande ved fellesskapet inn i ei trong, ideologisk ramme — og ein hever fellesskapet opp som noko som er seg sjølv nok, i tråd med det antroposentriske menneskesynet. Og her er vi ved det grunnleggjande i min motstand mot kommunisme/sosialisme. Det allmennmenneskelege ved denne politiske greina — fellesskapstanken — er gjennomsyra av eit hyperindividualistisk menneskesyn. (Og det er, ironisk nok, eigentleg stikk i strid med fellesskapstanken.)

Europeisk filosofi hadde, i mange hundreår før kommunismen/sosialismen kom inn som ein eigen politisk grein, blitt gjennomsyra av ein nominalistisk tankegang. Mennesket er seg sjølv nok. Og dette vil faktisk resultere i Lenin, Stalin, Pol Pot og Mao. I ein artikkel las eg at Sovjet og Kina (og andre kommunistiske statar) eigentleg ikkje var reelle kommuniststatar. Det er delvis rett. Men eg meiner det ikkje er fordi dei ikkje prøvde, men fordi det ideologiske grunnlaget er utopisk og urealistisk, og fordi det filosofiske grunnsynet i bakgrunnen nødvendigvis vil resultere i tyrannar og diktatorar.

Så nei, vi bør ikkje stemme raudt, og raudt er like mykje ute etter makt som alle andre. Det farlege er at dei prøve å skjule dette. Då let eg Dr. Perry Cox frå serien Scrubs få siste ordet: “People … are … bastards. Bastard coated bastards with bastard filling.”

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s