Kyrkja sin einskap

Frå 18. – til 25. januar vil ein i Den katolske kyrkja be særskild for kyrkja sin einskap. I høve dette vil eg her kort skrive litt om einskapen i kyrkja slik vi finn det i Efesarbrevet. Dette er laust basert på mi semesteroppgåve i NT frå i haust; «Å ta vare på Andens einskap…» Eit ekklesiologisk studium av Ef 4:3-6.11-16 med særleg fokus på kyrkja sin einskap. (Pdf-fil. De finn fleire her.) Eg vil berre heilt kort skrive ned nokre tankar ut frå denne. Eg skal berre sitere versa i mi eiga omsetjing, og legge til nokre eigne kommentarar, ut frå semesteroppgåva mi.

Efesarbrevet er det nytestamentlege skriftet som klarast held fram kyrkja. Det er truleg NT sitt ekklesiologiske hovudbrev, med ein klar samanheng mellom kristologi og ekklesiologi.[1] Nytestamentlaren Ernest Best skriv:

[It] can be said that the thrust of the christology of Ephesians, while not out of line with that of other Pauline letters, or indeed the vaster part of the NT, is ecclesiological, just as its teaching on the church may be described as christological. Yet the link between the theological earlier part of the letter and the paraenetic later part is not christological … but ecclesiological.[2]

I semesteroppgåva tok eg for meg Ef 4:3-6.11-16. Eg tok også med v.1-2 i omsetjinga, for kontekstens skuld. Her tek eg berre for meg v.3-6.

1 Difor formanar eg dykk, eg som er ein fange i Herren, at de må ferdast verdigt det kallet de vart kalla med, 2 med all audmykt og tolsemd, med langmod, så de tåler kvarandre i kjærleik 3 og legg vinn på å ta vare på Andens einskap, i fredens samband; 4 éin lekam og éin Ande, liksom de også vart kalla til eitt håp då de vart kalla, 5 éin Herre, éi tru, éin dåp, 6 éin Gud og Far for alt, han som er over alt og gjennom alt og i alt.

Det Paulus her formanar om er at vi må halda fast på einskapen i Anden. Det er viktig å påpeike at han ikkje formanar oss om å skapa einskap, men om å halda fast på den faktiske einskapen. Men dersom denne kan missast, er den verkeleg essensiell for kyrkja? Ja, og eg trur svaret ligg i Paulus si bruk av lekamsmestaforen, som eg kjem tilbake til.

I v.4-6 ser vi Pauli ‘formelmessige’ opplisting av det trusinnhaldet kyrkja samlar seg om. Versa er i nærast kateketisk form, og har ein klar komposisjon og eit retorisk siktemål. Til v. 4 er det særleg lekamsmetaforen som er viktig.[3] Dette er heilt sentral i Efesarbrevet, men er brukt litt annleis enn (elles) hjå Paulus (t.d. hovudtenkinga i v.15-16). Paulus ynskjer truleg å fokusere på eit jødisk (positivt) syn på det lekamlege ved å distansere seg frå ein gresk-romersk dualisme der lekamen er mindre viktig (og der ein er meir komfortable med tanken om Kristus som kyrkja si ‘sjel’). Vi møter omgrepet fyrst i 1:23 der kyrkja har ein kosmisk dimensjon som lekamen til «han som fyller alt i alle.» Vidare (i 2:16) ser vi einskapen i frelsa ved at Kristus «forsona dei begge» (dvs. Israel og heidningefolka) «med Gud, i éin lekam.» Lekamen kan her vise til den krossfeste, men kan også vise til kyrkja. Men det viktigaste er at dette er Kristi lekam. «For liksom lekamen er éin, endå han har mange lemer, er alle lemene éin lekam, endå dei er mange. Slik er det med Kristus òg.» (1Kor 12:12) Legg merke til kva Paulus skriv. Ikkje ‘slik er det med kyrkja,’ men ‘slik er det med Kristus.’[4] Som lemer på Kristi lekam er vi underlagt han, jf. ‘Herre’ (v.5).

Dette er ikkje berre ein generell einskapsmetafor der kyrkja har einskap som éin lekam, men fokuset i Efesarbrevet er på at dette er Kristi lekam, noko som kan hjelpe oss i spørsmålet om einskapen er essensiell og gitt dersom vi må halda fast på han. Vi kan tenke oss at liksom lekamen vert verande éin etter ein amputasjon kan kyrkja som sådan halda fast på einskapen sjølv om ho skulle oppleve splid eller missa einskildsmedlemmar. Formaninga om å halda på einskapen er då ei formaning om å halda fast på Kristus, og vere eitt med han og (fylgjeleg) andre kristne.[5]

Vidare er ‘Herre’-omgrepet viktig. Det er brukt tre stader i Efesarbrevet (4:5; 6:9.24). Best meiner det ikkje nødvendigvis uttrykker Kristi herredøme (‘headship’) over kosmos (Ef 1:10.22) eller kyrkja (Ef 4:15), sjølv om dette er sentralt i Efesarbrevet, fordi «it occurs in preformed material.»[6] Eg er ikkje overtydd av dette, då det er viktig å sjå korleis Paulus bruker dette (eventuelt gamle) materialet, og korleis han elles bruker desse omgrepa. Eg meiner dette er ein referanse til Shema.[7] Gitt at ‘Herren’ er Kristus, ser vi her noko nytt i høve jødiske skrifter, ei retolking av Shema.[8]

Trua er også sentral, men fokuset her er ikkje på sjølve trushandlinga, men på innhaldet. Efesarbrevet er spesifikt skrive til kristne (jf. 1:1; 4:3), og fokuset er ikkje på rushandlinga som sådan (fides qua creditum, ‘den trua det vert trudd med’), men på trusinnhaldet (fides quae creditum, ‘den trua som vert trudd på’).[9]

Dåpen er vidare viktig.[10] Best meiner dette viser til «the Christian initiatory rite of water baptism.»[11] Eg tek ikkje opp spørsmålet om dåpens natur her,[12] men vil kort sjå på korleis det er brukt. V.5 er den einaste staden i Efesarbrevet der omgrepet dåp (gr. βάπτισμα) er brukt, men konseptet vert uttrykt på andre måtar. I Ef 5:25-26 les vi: «Menn, elsk konene dykkar, liksom Kristus elska kyrkja og gav seg sjølv for henne, så han kunne helga henne, med di han reinsa henne med vassbadet i ordet.» Dåpen er her noko passivt frå vår side, med Kristus som den aktive part.[13] Men kva er meint med ‘éin dåp’? Dette kan vere eit spørsmål om symmetri (‘éin Herre, éi tru…’), men det kan også vere snakk om dåpen som initiering og underkasting under den éine Herren, i den éine trua,[14] eller at det berre finst éin dåp. (At det skjer éin gong ligg implisitt i dåpens natur som initiering.[15]) I dåpen vert ein også fødd inn i Guds familie (Joh 3:3.5; Ef 2:19; 4:6).

Det er vidare viktig å setje fokus på Fars-omgrepet.[16] Eg går ikkje detaljert inn på dette, men vil kort peike på seks ting: (1) Pauli bruk av «éin Gud og Far» er truleg monoteistisk, kanskje p.g.a. heidningekristne. ‘Far’ kan her forståast i meininga ‘skapar,’ med ‘alt’ (gr. πάντων/πᾶσιν, v.6b) forstått som inkjekjønn, og ikkje hannkjønn.[17] Dette kan då knytast til tanken om fornyinga av skaparverket (Rom 8:18-27). (2) Vi ser i denne teksten (v.4-6) ein trefaldig (men ikkje nødvendigis trinitarisk) samanstilling mellom ‘Ande,’ ‘Herre’ og ‘Gud/Far,’ jf. 1Kor 12:4-6. (Samanlikn med binære formuleringar i t.d. 1Kor 8:6.)[18] (3) Fars-omgrepet må forståast patriarkalsk, ut frå samfunnsstrukturen.[19] Gud vert i NT likna med ‘husherren’ (gr. ὁ οἰκοδεσπότης),[20] og vi ser ein blanding av familie- og kongerikemetaforane.[21] Reidar Hvalvik påpeiker at frasen ‘Guds kyrkje’ (gr. ἡ ἐκκλησία του θεοῦ) «can only be understood in the sense “the church that belongs to God,” a phrase which makes sense only if the assembly consists of “the people of God.”»[22] (4) For mange kristne vart kyrkja ein ny familie, som erstatning for den familien dei evt. tapte då dei konverterte.[23] (5) Gud arbeider gjennom bestemte menneske,[24] og delegerer autoritet, jf. t.d. apostlane.[25] (6) I v.4-6, som ‘legg ut’ einskapstemaet, ser vi ein kulminasjon nettopp i den éine Gud og Far.

Einskapen i kyrkja er den einskapen vi har i Kristus, under Gud som paterfamilias. Den består i eit personleg fellesskap med Gud og med andre kristne, samla om trusinnhaldet (jf. Ef 1:23; 2:18-22). Det kan difor aldri vera sann einskap dersom det ikkje er einskap i lære.

Lat oss alle be om einskap, slik Kristus ber at vi må vera eitt.

Kjelder:

Best, E. (1998). Ephesians. ICC. Edinburgh: T&T Clark

Brueggemann, W. (2008). Old Testament Theology. An introduction. Nashville, TN: Abingdon Press

Fee, G.D. (1987). The First Epistle to the Corinthians. NICNT. Grand Rapids, MI: Eerdmans

The Hope of Salvation for Infants Who Die Without Being Baptised. Eit dokument frå Den katolske kyrkja sin internasjonale teologiske kommisjon. [Henta frå vatican.va, 02.01.2012]

Hvalvik, R. (2007). «“The Churches of the Saints”: Paul’s Concern for Unity in His References to the Christian Communities.» TTK 78, s.227-247

Lincoln, A.T. (1990). Ephesians. WBC, vol. 42. Nashville, TN: Thomas Nelson

Moe, O. (1956). Paulus’ brev til Efeserne. Innledet, oversatt og fortolket. Oslo: Aschehoug

Saller, R. (1986). «Patria potestas and the stereotype of the Roman family.» Continuity and Change 1, s.7-22

Sandnes, K.O. (1994). A New Family. Conversion and Ecclesiology in the Early Church with Cross-Cultural Comparisons. Bern: Lang

Sannes, K.O. (1978). Dåpen og dens plass i kirkens liv. Oslo: Aschehoug

Schmemann, A. (1997). Of Water and the Spirit. Crestwood: SVS Press

Theological Dictionary of the New Testament. (Forskjellige redaktørar). Grand Rapids, MI: Eerdmans 1971 (10 vol.)

Waaler, E. (2008). The Shema and the First Commandment in First Corinthians: an intertextual approach to Paul’s re-reading of Deuteronomy. (Wissenschaftliche Untersuchungen zum Neuen Testament 2.Reihe). Tübingen: Mohr Siebeck

Noter:

[1] Best 1998:49-51

[2] Best 1998:51

[3] Best 1998:189-196; TDNT VII:1077-1080

[4] Fee 1987:602, ftn. 12

[5] Jf. bruken av ‘i Kristus.’ (Best 1998:153-154)

[6] Best 1998:368

[7] TDNT III:1058-1062; Lincoln 1990:239, jf. Deut 6:4; Mark 12:29.

[8] Waaler 2008:254-255.423-439

[9] Moe 1956:98

[10] TDNT I:529-546

[11] Best 1998:369

[12] For dette, sjå Sannes 1978; Schmemann 1997:37-70.

[13] Sjå HSIWB:8-10, jf. Joh 3:3.5; Tit 3:4-7; 1Pet 3:21.

[14] Lincoln 1990:240

[15] Best 1998:369

[16] TDNT V:945-1014

[17] Best 1998:370-371

[18] Sjå Waaler 2008:252-255

[19] Sandnes 1994:47-111

[20] TDNT II:44-49. Lat.: paterfamilias, patria potestas (Sandnes 1994:93-111; Saller 1986)

[21] Matt 13:24-30.36-43.52; 20:1-16; Luk 12:32; Joh 3:3.5, m.m.

[22] Hvalvik 2007:233

[23] Sandnes 1994:21-22.65.83-86

[24] Brueggemann 2008:28.165

[25] Jf. Matt 16:18-19; 18:18; 20:20-28; Joh 20:21-23; Apg 2:42; 5:10-13; 1Kor 4:1; Hebr 13:7.17.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s