Tradisjonelle preiker held seg godt i lys av NT

I eit forsøk på å underminere preiketradisjonen i tradisjonelle kyrkjesamfunn (frå kristen side) seier Sjur Jansen: ‘sjekk gresken.’ Men har han sjekka den sjølv?

No er det ei stundt sidan eg har erta på meg folk frå huskyrkjerørsla (sjå t.d. her og her), og då er det vel på tide igjen. 😉

Denne gongen er det Sjur Jansen som kjem med spørsmålet, “Ordet preken fins ikke i Bibelen, så hvorfor preker man i kirkene?” Utgangspunktet er oppslaget i Vårt Land om at biskop Roald Flemestad i Den nordisk-katolske kyrkja tilrår å preike i 5-7 minutt, maks 10 i gudstenesta. Spørsmålet til Jansen høyrest kanskje innsiktsfullt og smart ut, men det er endå ei tåkeleggjingsmanøver for å skape eit bilete av at tradisjonelle kyrkjesamfunn (katolske, ortodokse, lutherske, anglikanske, etc.) eigentleg ikkje opererer slik ein gjorde i urkyrkja.

Jansen har nok kanskje rett i at ordet ‘preike’ (eller ‘tale’) ikkje står i NT, men no er vel ikkje NT skrive med tanke på norsk språkutvikling, og ein kan ikkje krevje at NT skal ta omsyn til korleis språk har utvikla seg. Orda ‘preike’ og ‘tale’ er berre substantiveringar av verba ‘å preike’ og ‘å tale,’ og dette finn vi ofte i Bibelen. Jansen tek sjølv fram tre viktige omgrep: ‘forkynning,’ ‘oppmuntring’ og ‘undervising.’ Alle desse tre vert dekka av verba ‘preike’ eller ‘tale.’ Men poenget til Jansen er meir omfattande enn dette. Han meiner sjølve formen som vi finn i i tradisjonelle kyrkjesamfunn (det vi kanskje kan kalle for homilie-formen) er ukjent for NT.

I diskusjonen som fylgjer Jansen sin artikkel vert det påpeika (av ein som kallar seg Eyvind) at “Paulus holder en lang tale i apg 20, så lang at unge Evtykus sovner og faller ut av vinduet.” På dette svarar Jansen: “Nei, Paulus talte ikke så lenge at en gutt sovnet. Han samtalte. Sjekk gresken, det står dialog, pluss to ord til som betyr å snakke sammen.” Etter at eg sjølv tok gresk har eg vorte meir og meir skeptisk til folk som seier “sjekk gresken.” Dette vert ofte brukt som ein tåkeleggingsmanøver, sidan dei som får denne påstanden servert høgst sannsynleg ikkje kan gresk, og difor er avhengig av andre som kjenner til den. Difor må dei stole på dei påstandane som kjem vidare, i dette tilfellet at Paulus eigentleg ‘samtalte’ eller ‘hadde dialog’ med tilhøyrarane sine. (Eg kjem ikkje med påstanden at han ikkje gjorde det, men vi kan ikkje lese dette ut av teksten.)

For dersom vi verkeleg ‘sjekker gresken’ ser vi at Jansen sin påstand er særs tynn. Dei orda Jansen truleg viser til (i Apg 20:7-9) er διαλέγομαι (dialégomai),[1] og λόγος (lógos),[2] (Det andre ordet beyr rett og sletg berre ord eller tale.) Her trur eg at Jansen har lest dette særs anakronistisk. Han ser eit ord som liknar på det moderne dialog (som truleg stammar frå διαλέγομαι), og kjem med påstanden at dette må bety ‘dialog’ (slik vi forstår ordet). Ordet kan, i fylgje BDAG (s. 232), bety converse, discuss, argue, inform eller instruct. Jansen har rett i at det vi legg i ein dialog kan leggjast inn i omgrepet διαλέγομαι, men διαλέγομαι er eit vidare omgrep som også inkluderer det vi vanlegvis meiner med ‘tale’ eller ‘preike.’ Og dersom vi ser dette ordet i lys av den konteksten det står i, og ser at ein ung mann sovna (av keisemd?) av å høyre på Paulus, ser eg det som mykje meir truleg at dette var ei klassisk preike. Eg kan også opplyse om at den påfylgjande preposisjonen som kjem etter διαλέγομαι, dvs. αὐτοιῖς (dativ maskulin fleirtal av αὐτός (‘han,’ ‘ho,’ ‘det’) gjer det meir sannsynleg at dette var ei klassisk preike. For dativ vert oftast brukt om noko som skjer mot eller til nokon. Den mest trulege omsetjinga av διελέγετο αὐτός vert då: “…tala til dei.”

Dersom vi i tillegg ser historisk korleis preiketradisjonen utvikla seg, ser det altså ut for meg at tradisjonelle preiker held seg godt i lys av NT.

Noter:

[1] I teksten: διελέγετο (dielégeto) og διaλεγομένου (dialegoménou).

[2] I teksten: λόγον (lógon).

One thought on “Tradisjonelle preiker held seg godt i lys av NT

Leave a comment