Eigarskap, anglo-katolske, Canterbury og Rom

Under den engelske reformasjonen vart ein god del katolske kyrkjer ‘annekterte’ av Church of England. Men i ein diskusjon på nettet var det ein som påstod at dette ikkje var noko tjuveri. For kyrkjebygga, vart det påstått, høyrde ikkje til Den katolske kyrkja per se, men til dei kyrkjelydane som brukte bygningane til skriftlesing, sakramentsforvalting, lovprising og bøn. La oss anta at dette er rett, noko eg er litt skeptisk til.

Dersom det er korrekt at dete berre var kyrkjelydar som slutta å vere lojale mot Rom, og vart lojale mot Canterbury, er det vel berre logisk at ein kyrkjelyd seinare kan slutta å vere lojalmot Canterbury, og vera lojal mot Rom, og dermed flytta med kyrkjebygg, pengar, ja alt. Kvifor er det då slik at mange av dei som no vil gå in i det anglo-katolske Ordinariatet vert saksøkte dersom dei tek den minste ting med seg? Ein eg las om fekk ikkje ein gong ta med seg ein messehakel (av ei samling på ca. åtte).

Logisk sett er det vel slik at anten høyrde kyrkjene til Den katolske kyrkja, og vart stelt under den engelske reformasjonen. Difor burde dei vel bli returnerte til eigarane. Eller høyrde kyrkjene til den einskilde kyrkjelyd, som ‘bytta’ frå Rom til Canterbury, noko som betyr at den einskilde kyrkjelyd kan bytta tilbake til Rom, og ta med seg alt dei har.

Er det slik at tjuveri er greit så lenge ein sjølv gjer det? Eller er det slik at kyrkjelydan kan bytta rundt, så lenge dei byttar til noko ein likar?

Kvifor denne dobbeltmoralen? Kvifor slikt hykleri?

One comment on “Eigarskap, anglo-katolske, Canterbury og Rom

  1. Eirik Sebastian Holthe says:

    En utmerket problemstilling, som jeg nærmest halvveis tok opp nettopp på VD – for vi har jo egentlig det samme problemet i Norge. Nå som Statskirken avvikles – hva da? Burde ikke da Den katolske kirke få tilbake sine eiendommer i Norge, som ble stjålet under reformasjonen?

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s