SV og heildagsskulen

Vårt Land sine nettsider kan vi lese at ein av dei store reformsatsingane for SV fram mot valet i 2013 er den såkalla ‘heildagsskulen.’ Audun Lysbakken poengterer at dette er ein av SV sine “store visjoner og modige reformer.” “Gro-dagen,” seier han, “var bare én fridag i året. Kristin-dagen blir den nye skoledagen en gang etter 2013, en bedre dag for ungene våre, sa Lysbakken i sin første tale som partileder.” Han får støtte for dette frå miljø- og utviklingsminister Erik Solheim som meiner dette er noko for framtida: “Vi flyter ikke på gamle reformer. Heldagsskolen vil være den største familiereformen i Norge og inkludere praktisk undervisning, idrett og kultur.” Og vidare: “Familien er blitt en transportforening med kjøring til ulike aktiviteter. Hvis mer kunne vært en del av skolehverdagen, ville familiene opplevd mindre press.”

Dette vert også teke opp på Verdidebatt, der vi fekk dette spørsmålet: Hva mener du om heldagsskolen? Vil det styrke familien?

Eg meiner dette ikkje vil styrke familien, men tvert imot gjere han svakare. Før eg går inn på dette vil eg kort poengtere at den tanken Lysbakken legg fram ikkje tek hensyn til dei born og unge som ikkje passar inn i den sosiale definisjonen han legg til grunn – tv-spelentusiastar, t.d. Men så til poenget, min påstand at dette vil gjere familien svakare.

Det største problemet, slik eg ser det, er kva som ligg implisitt bak denne viljen til å lage ein ‘heildagsskule.’ Implisitt ligg det eit ynskje om å ha kontroll over born og unge frå dei går ut frå døra på morgonen til dei kjem heim att seint på kvelden. Eg vil påstå at dei born og unge som vert køyrt på trening, til klubben, etc. berre har godt av de samveret dei får med familien. For det er nettopp foreldra, ikkje staten, som har det primære utdanningsansvaret og det primære sosialiseringsansvaret for sine born. ‘Heildagsskulen’ virkar meir som endå eit tiltak for å halde borna borte frå familien, og trygt ha dei i sitt grep. Kanskje er eg for dyster og kynisk, men det får så vere. Eg reknar med at folk ynskjer å ha si ‘kvalitetstid’ med familien og dei venene dei har, og ikkje primært i dei settingane som staten ‘godtek’ at ein tek del i.

Solheim har heilt rett i at ein eventuell reform av denne typen vil vere “den største familiereformen i Norge.” Ja, den vil i prinsippet reformere familien på slik måte at heimen ikkje vert stort meir enn ein helgeferiekoloni og ein ‘bed and breakfast.’

This entry was posted in Samfunn.

One comment on “SV og heildagsskulen

  1. Ragnhild Aadland Høen says:

    ‎”Solheim har heilt rett i at ein eventuell reform av denne typen vil vere “den største familiereformen i Norge.” Ja, den vil i prinsippet reformere familien på slik måte at heimen ikkje vert stort meir enn ein helgeferiekoloni og ein ‘bed and breakfast.’”
    Godt sagt. Helt rett. Og alle disse fritidsaktivitene de skal legge inn i den nye skoletiden – tror du kristne aktiviteter får inngå der? Selvsagt ikke. SVs heldagsskole er et voldsomst fremskritt for alle som vil fjerne barna enda lenger bort fra Gud. Helst skal vi levere barna våre til den indoktrinerende ateiststaten allerede fra de er ett år gamle (eller yngre), og deretter skal vi få låne dem to timer om ettermiddagen herfra og inn i evigheten. Ja, også i helgene, da. De har ikke funnet ut hvordan de skal greie å stjele barna våre i helgene ennå.
    Jeg er KrF-medlem, men hvis KrF lefler med å gå i regjering med SV etter neste Stortingsvalg kan de bare glemme å få min stemme. Må SV gå under jo før jo heller.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s