Ave crux, spes unica

Langfredag

I dag er det Langfredag, og eg vil i dag kort minne om dagens bodskap. Tittelen på bloggposten, ave crux, spes unica, er latin og tyder, “Ver helsa du kross, vår einaste von.” Det er kjernen i langfredagsbodskapen.

I Joh 12:23-26 seier Kristus:

Timen er komen då Guds herlegdom skal lysa om Menneskesonen. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, blir det verande berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde. Den som elskar livet sitt, mistar det. Men den som hatar livet sitt i denne verda, skal berga det og få evig liv. Den som vil tena meg, må følgja meg, og der eg er, der skal tenaren min òg vera. Den som tener meg, skal Far min æra.

Dette er kjernen i langfredagsbodskapen. Det vi gjer i dag, er at vi minnast dette ved å æra krossen, ved å takka og velsigna Kristus for den frelsa han vann oss på krossen. Krossen er kulminasjonen av inkarnasjonen; staden der Kristus fullende sitt verk — å dra oss til han. Kristus seier det slik: “Og når eg blir lyft opp frå jorda, skal eg dra alle til meg.” (Joh 12:32)

“Du Guds Lam uskuldig, i hel på krossen slegen.” Slik syng vi det i ein gammal salme. Gud vart slått i hel av menneska. Han gjekk gjennom den menneskelege erfaring for å transformere den — for å gje oss del i det guddomlege, gje oss del i guddomleg natur (2Pet 1:4) — gjera oss til Guds born.

Og korleis får vi del i dette? Dette vert gjeve oss på handfast vis, i nådemidla; ved Ordet, ved dåpen, ved evkjaristien. I nattverdsliturgien seier presten, rett før kommunionen: “Sjå det Guds Lam, som ber bort synda i verda. Sæle er dei som er innbudne til Lammets bryllaup.” (Jf. Joh 1:29; Op 19:9)

Ved evkjaristien får vi på nytt del i frelsa. Der har vi del i Kristus. Del i hans offer. Del i fruktene frå krosstreet; frå livsens tre. Som vi syng i ei hymne til del heilage krossen:

Sæle kross, me no vår Frelsar / hyller i din høge stamn; / dine bjelkar óg me helsar, / båten som ber Jesu namn. / Blod av Lammet hev du drukke, / det er hav og himmelhamn.

Sjå opp på krossen for der ser vi verkeleg korleis Gud er. Der hang Gud — slått, piska, håna, audmjuka — utan å slå tilbake. Sjå opp mot krossen — ja, sjå opp mot disk og nattverdskalk — og du vil sjå di frelse. Lat oss be:

Allmektige, evige Gud, du har nyskapt oss ved Kristi sæle død og oppstode. Vara oss i di miskunns verk, så vi får del i dette mysteriet og lever i stadig kjærleik til deg. Ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.[1]

Noter:

[1] Basert på sluttbøna for langfredag i Den katolske kyrkja.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s