Streikande prestar? Eller sirkulære firkantar?

Verdidebatt spør leiar i Presteforeininga, Gunnar Mindestrømmen, om prestar kan streike. Eg kan ikkje sjå at svaret kan verte noko anna enn nei. Ut frå prestetenesta sin karakter av teneste og evengeliet sin karakter av gåve, kan eg ikkje gå god for dette. Ein streikande prest er eit oxymoron.

Jakob Anfindsen har skrive ein lenger teologisk refleksjon omkring dette, og eg støttar han fullt ut.

Eg vart særs skuffa når presteforeininga gjekk inn for dette. Som eventuelt kommande prest (er no på siste året av master i teologi, skal levere i november) var presteforeininga den foreininga eg hadde tenkt å melde meg inn i, om eg skulle bli prest. Dette kan eg ikkje gjere lenger, sidan ein no har opna opp for ukristelege pressmiddel som uteukkande rammar kyrkjelyden og folket. Eg ser at TeoLOgene ikkje opnar for streik, men eg vil helst ikkje ha noko som helst med LO å gjere.

Men kva er det eigentleg ein skal streike ifrå? Ein har sagt at ein ikkje skal streike frå gravferder og sjelesorg. Nokre har sagt at ein ikkje heller skal streike frå vigsler eller konfirmasjonar. Kva står då att? Eit par gudstenester no og då? Altså berre endå ein gudsteneste som kan ‘sparast inn’ på budsjettet. Men ein kyrkjelyd som vert frårøva evangeliet. Skulle det skje, kunne eg som evt. prest gjerne tatt den gudstenesta. Den utskjellinga eg evt. ville fått av folk som ville kalla meg ‘streikebrytar’ skulle eg fint klart å leve med. Å nekte folk evangeliet, derimot, kan ikkje kyrkja leve med.

Nåt det gjeld vigsler og konfirmasjonar vil eg som evt. framtidig prest ALDRI streika frå dette. Å steike frå ein vigsel ville utelukkande gått ut over paret, som hadde fått dagen sin øydelagd, og som kanskje hadde tapt økonomisk. (Og eg har i tilllegg eit meir sakramentalt syn på ekteskapet, og ville ikkje holdt tilbake dette for eit par.) Å streike frå ein konfirmasjon ville igjen ikkje gått ut over nokon andre enn dei som skulle verte konfirmert (og evt. familiane deira). Og sidan konfirmasjonen er ein gudsteneste ville dette stått i strid med Kristi befaling som å fokynna evangeliet. Og sidan desse gudstenestane i tillegg har stort besøk av folk som elles ikkje går til gudsteneste, ville ein streik stått i strid med vårt misjonskall. (Og eg har i tilllegg eit meir sakramentalt syn på konfirmasjonen, og ville ikkje holdt tilbake dette.)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s