Kyrkja er eit meiningsfellesskap

1. juni d.å. publiserte forfattar Kaj Skagen eit lesverdig innlegg i Vårt Land og på Verdidebatt omkring forholdet mellom stat og kyrkje i lys av religions- og livssynfridom. Han skriv:

Ei ordning med statskyrkje krenkjer i prinsippet den individuelle retten til å leva i eit sekulært samfunn der religion er ei privatsak. Òg åndsfridomen i samfunnet lid under at statsmakta blandar seg i religiøse saker. Det temmer og dresserer kyrkja, som toler nærleiken til staten like dårleg som pressa eller litteraturen.

Poenget hans er at ei statskyrkjeordning er prinsipiell gal, uansett kor homogent eller pluralistisk samfunnet elles måtte vere. Han kritiserer difor grunnane til at statskyrkjeordning ikkja vart ‘oppløyst’ før i vår tid. Han skriv:

Når no statskyrkjeordninga vert oppløyst, er det vel for å tryggja individuelle rettar og åndeleg fridom? Kyrkja vert vel løyst frå staten som ein forseinka del av modernitetsprosessen? (…) Men slik er det ikkje. «Noreg har endra seg mykje i den seinaste tida», seier kyrkjestatsråden Rigmor Aasrud som ei grunngjeving for utskiljinga av kyrkja frå staten. Det er altså ikkje slik at det er noko prinsipielt gale med statskyrkjeordninga. Det har berre skjedd noko den seinaste tida.

Amerikanarar, franskmenn og tyrkarar var altfor tidleg ute med det sekulære statsvesenet sitt. Det er fyrst no at slikt har vorte naudsynt. Etter statsråden er årsaka til skiljet mellom stat og kyrkje at Noreg har vorte eit fleirkulturelt og fleirreligiøst samfunn, og at det difor ikkje er naturleg at staten har éin religion.

Han avsluttar innlegget med å peike på at når preses i Dnk, biskop Helga Haugland Byfuglien vart sett inn gav ho ei preike “som var kjemisk reinsa for kvar ei utsegn som ikkje heile regjeringa og alle medlemene i alle dei tre regjeringspartia kunne ha skrive under på.”

Byfuglien reagerte på dette, i Vårt Land 4. juni d.å. Ho meiner at Skagen er gal. Han meiner at det ikkje er argumenta som tek utgangspunkt i religions- og livssynfridom som har ført til endringar i statskyrkjeordninga, men snarare ei anerkjenning av at samfunnet har vorte meir pluralistisk. Byfuglien påstår at Skagen dermed set pluralismen (og med den tanken om likebehandling av religionane) opp mot religions- og livssynfridomen. Eg har ikkje lese Skagen sitt innlegg slik det stod på trykk i Vårt Land (eller tidlegare, i Dag og Tid). Eg har berre lese det på Verdidebatt. Men eg kan ikkje sjå kor Skagen set desse to opp mot kvarandre som motsetnader. Snarare tvert imot. Men det Skagen gjer, er at han anerkjenner forskjellen mellom desse to. Men det ser ikkje ut som at Byfuglien har reflektert over dette. Ho påstår at desse to “henger svært tett sammen.” Dette er rett, men det er viktig å skjelne mellom desse.

Forskjellen er at religions- og livssynfridomen er eit prinsipp, medan pluralismen (med mindre den er heva opp på eit normativt nivå[1]) er ei empirisk skildring av ein realitet i samfunnet. Religions- og livssynfridomen var like rett for 300 år sidan som den er no. Statskyrkjeordninga var like prinsipiell gal før, sjølv om samfunnet var aldri så homogent.

Byfuglien kjem også med påstanden at argument ut frå tanken om religions- og livssynfridom “spiller en avgjørende rolle i argumentasjonsgrunnlaget for endringer i statskirkeordningen.” Ho meiner då at Skagen tek feil i sin analyse. Men eg trur hi misforstår Skagen. Eg kan ikkje sjå at han har sagt at slike argument er fråverande. Det som er påfallande, derimot, er at det ikkje har skjedd ei endring i statskyrkjeordninga før vår tid, sjølv om folk har argumentert mot ordninga over lang tid, og då primært ut frå tanken om religions- og livssynfridom. Dersom slike argument spelte ei så viktig rolle, kvifor skjedde ikkje reformen før vår tid? Har argumenta brått vorte gyldige dei siste fire-seks åra?

Byfuglien går så til slutt ut med det eg trur er hennar hovudpoeng, og der eg meiner ho tek feil. Ho avsluttar innlegget slik:

Kirken er mangfoldig, og ikke alle er enige til enhver tid, Kirken er imidlertid ikke et meningsfellesskap. Nettopp derfor er den meningsfull for mange mennesker.

For det fyrste, kva meiner ho med at ikkje alle er samde? Viser ho tid perifere politiske spørsmål, kva pålegg som er best på brødskiva, kva fotballag som er best, eller kva? Slik usemje er sjølvsagt heilt greit. Men usemje trusspørsmål er ikkje nødvendigvis like bra. Treeiningslæra og kristologien er heilt sentrale deler av kristen tru. Og på det grunnlaget er kyrkja eit meiningsfellesskap. I Apg 2:42 les vi om dei fyrste kristne at dei “heldt seg trufast til læra frå apostlane, til fellesskapet, brødsbrytinga og bønene.” Her ser vi at meining (om lære), fellesskap, nattverd[2] og bøn er heilt sentrale teikn på kyrkja. Vi kan ikkje spele desse ut mot kvarandre og framleis kalle oss ei kyrkje. Sanninga er koherent, ikkje normativ plural.

Noter:

[1] Normativ pluralisme hevder at pluralismen ikkje berre er ei skidlring av at folk meiner forskjellige ting, men at denne pluraliteten er av normativ karakter – a det faktisk ikkje finst noko der ute som er sant. Eg tviler på at Byfuglien meiner det.

[2] Det er nok mange tolkingar av kva ‘brødsbrytinga’ er for noko, men eg trur det er snakk om nattverden, kanskje som del av eit større måltid.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s