Åtvarar Kristus mot liturgisk bøn som sådan?

For ei stund tilbake fekk eg eit spørsmål om det Kristi ord i Matt 6:7, her i språkdrakta frå bibelselskapet si nyaste omsetjing (2011): “Når de bed, skal de ikkje ramsa opp ord som heidningane; for dei trur dei blir bønhøyrde berre dei bruker mange ord.” Grunnen var at eg er ein liturgisk anlagt person, og vedkommande meinte at slikt ville ikkje Kristus ha noko av. Vedkommande siterte frå King James-utgåva (KJV): “But when ye pray, use not vain repetitions, as the heathen [do]: for they think that they shall be heard for their much speaking.”

Vedkommande understreka her uttrykket vain repetitions, og meinte dette var ei åtvaring mot liturgiske bøneformer. (Han viste også til English Standard Version (ESV), som bruker “do not heap up empty phrases as the Gentiles do.”) Eg påpeika at det sjølvsagt vil vere eit problem for den bedande dersom han ber berre for å verte sett på av andre, eller berre for å vise seg. Men Kristus sa ikkje ‘ikkje bruk liturgiske bøneformer.’ Han gjorde dette sansynlegvis sjølv, og det same gjorde apostlane hans, t.d. ved å be Salmane. Det Kristus gjorde var heller å åtvare mot hyklersk bøn berre for å vise seg for andre.

Når det kjem til heidningane, må eg også påpeike at verken ‘use vain repetitions’ eller ‘heap up empty phrases’ er gode omsejingar av det greske verbet βατταλογέω (battalogéå). I alle fall i våre dagar. Slike uttrykk lukter litt av ein type anti-liturgisk haldning, og dei kan kanskje få folk til å tru at Kristus gjekk ut mot liturgisk bøn. Då er det betre å omsetje ‘direkte.’ Det har dei klart greit i den nye norske omsetjinga, der det står “ramsa opp ord.” Men dette kan også bli sett på som ei åtvaring mot liturgisk bøn som sådan. Då er New International Version (NIV) betre. Der heiter det “do not keep on babbling like pagans.”

Poenget mitt er at βατταλογέω faktisk betyr ‘babling’ eller ‘stamming.’ Direkte omsett betyr det å seie tullete ord på ein semi-from måte, for å sjå bra ut. For dei som er vant med liturgisk bøn, høyrer ikkje dette ut som noko åtvaring mot verken kollektbøner, Kyrie, Gloria, Halleluja, Agnus Dei eller andre slike bøner. For dei inneheld ikkje ‘babbel,’ men gjennomtanke bøner med innhald og normalt språk. Og hugs: Det neste Kristus gjer er å fortelje korleis ein skal be, ved nettopp ei liturgisk bøn: Fadervår (Matt 6:9-13).

Nei, for å erte mine karismatiske vener: Det virkar heller som at βατταλογέω kan vere ei åtvaring av altfor stor bruk av tungetale.😉

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s