Kort om liturgi

Liturgi er eit framandord som vi har frå gresk. Det greske omgrepet λειτουργία (leiturgía) betyr ‘folkets teneste’ eller ‘folkets arbeid,’ og vart konstruert ut frå uttrykket ἔργον λαός (ergon laós), eller evt. ἔργου λαοῦ (ergu lau), ‘folkets arbeid.’ I kristen samanheng er liturgien då arbeidet til Guds folk. Det er ikkje eit ‘einmannsshow’ med presten åleine, men noko heile kyrkjelyden tek del i, gjennom song, bøn, kommunion, osv. Vi som kristne er eit kongedøme av prestar: “Ver de òg levande steinar. Bli oppbygde til eit åndeleg hus, til eit heilagt presteskap, og ber fram åndelege offer, som Gud tek imot med glede, ved Jesus Kristus.” (1Pet 2:5)[1] Tenk på det neste gong du går til messe. Tenk på at dette er ein plass der de, i Guds nærver og i hans kraft, kan “arbeid[a] på dykkar frelse med respekt og ærefrykt.” (Fil 2:12)

Men det er også viktig å påpeike eit anna bruk av ordet liturgi. På gresk skil ein mellom subjekts- og objektsgenitiv. Dersom ἔργου λαοῦ er ein subjektsgenitiv, er fokuset på folket som subjekt. Då er det altså snakk om folket sitt arbeid — i dette tilfellet deira takk og lovprising til Gud. Men dersom dette er ein objektsgenitiv er folket objekt, og ein må omsetje det med ‘arbeid/teneste for folket.’ Men kven er då subjektet. Jo, det kan vere Guds sjølv. Den aller største liturgien er då Kristi offer — frå krossfestinga til hans evige prestedøme i himmelen — der han gjev seg sjølv for oss. Og dette svarar vi på i tru, i takkseiing, i lovprising.

I messa får vi del i Guds liv, der tilber vi saman med englane og alle dei heilage, og ropar ut (Op 15:3f):

Store og underfulle er dine gjerningar,
Herre Gud, du Allmektige.
Rettferdige og sanne er dine vegar,
du konge over folkeslaga.

Kven skulle ikkje frykta deg, Herre,
og æra ditt namn?
For einast du er heilag.
Alle folkeslag skal koma
og tilbe for ditt andlet,
fordi dine rettferdige dommar har vorte openberra.

Noter og referanser:

[1] Alle bibelvers er frå Bibelselskapet si omsetjing av 2011.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s