Den nye nynorskrettskrivingsnorma

Språkrådet har no komme med ei ny nynorskrettskrivingsnorm som trer i kraft frå i dag av. Ein kan lese litt ok dette i heftet Ny nynorskrettskriving frå 2012. Det er mykje rart i denne reforma. Men før eg går inn på dette vil eg kort vise til ein artikkel frå NRK Nyhende. Her les vi om norsklæraren Tore Vaag som kuttar ut nynorsken fordi den nye norma gjer nynorsk likare bokmål. Eg kjem nok ikkje til å gå så langt som han, men eg meiner han har eit godt poeng. Ord som ‘fjelli’ og ‘røysti’ er ein del av vår nynorske kultur og språkhistorie, og det er heilt feil at ein som norsklærar ikkje lenger skal kunna bruke dette. Spesielt sidan mykje av pensum i nynorsk (som bokmål) nettopp er poesi, der ein ofte kan møte på i-formar. Styreleiar Ottar Grepstad i Språkrådet slår likevel tilbake med eit useriøst innspel: “Eg skulle ynskje at heile målrørsla slutta breitt opp om dette, i staden for å rote seg inn i ein strid, som målrørsla har hatt altfor sterk tradisjon for i denne saka.” Ja, for alle veit jo at dersom ein ikkje er samd med Språkrådet, då er ein berre ein kranglefant. Ein annan person som også meiner det er for mykje ‘krangling’ er språkforskaren Torodd Kinn ved UiB. Ifylgje NRK mener han at “det viktigaste overlever i den nye nynorsken. Ein skal framleis skrive ”eg” og ”ikkje”, og ein kan velje mellom å skrive ”leve” eller ”leva”, ”fyrst” eller ”først” og ”anten” eller ”enten”.” Problemet med dette er at ordet ‘enten’ ikkje er nynorsk, det er bokmål. På protest oppmodar alle nynorskelevar til konsekvent å nekte å bruke slike ord, og konsekvent å bruke i-mål, for å skape litt blest.😉

Problemet med denne reforma er at ein meiner å ha gjort endringar som skal gjere nynorsken ‘enklare’ og ‘strammare.’ Ein skal fjerne i-mål, men det virkar ikkje som språkrådet skjønar språk. I-mål er eit system, som a-mål. Det er ikkje ‘komplisert’ å bruke i-mål. Det er berre å skrive ‘soli’ istaden for ‘sola,’ eller ‘bygdi’ istaden for ‘bygda.’ Nynorsk vert ikkje enklare ved at ein gjer endringar (eller fjerner valfridomen) på systemnivå. Problemet er at det nye systemet verken er ‘enkelt’ eller ‘stramt.’ Kva får eigentleg språkrådet til å tru at det vert lettare å lære seg nynorsk når einskilde setningar no kan skrivast på seksten forskjellige måtar?

I heftet som er nemnt ovanfor har ein lista opp ord som no er lov å skrive, og ord som skal ut. Til dømes skal ein (framleis) kunna bruke desse bokmålsorda (ja, bokmålsorda): ‘skole,’ ‘komme,’ ‘dømme,’ ‘herredømme,’ ‘bønn,’ ‘lønn,’ etc. Det raraste ordet må vere ‘dokker,’ som no er vorte sidestilt med ‘de’ og ‘dykk.’ Eg har aldri i mine levedagar møtt ein person som ser på dette som eit nynorskord (eller eit bokmålsord, for den saks skuld). I heftet kjem dei med eit alternativ der denne formen vert brukt, fyrst med vanleg formulering, deretter med den nye: “Har de hugsa å ta med dykk sakene dykkar?” “Har dokker hugsa å ta med dokker sakene dokkar?”

Dette er ikkje nynorsk, det er eit dialektord på lik linje med ordet ‘deko.’ Sistenemnde er brukt i mine heimtrakter, og eg bruker det titt og ofte. Men det er ikkje eit skriftord og har ingenting å gjere i skriftspråket, med mindre ein skriv ein poetisk eller skjønlitterær tekst der ein bruker dialekt. Men vi ser også her eit anna problem. I eksempelsetninga ser vi nemleg at ‘de’ og ‘dykk’ har begge to vorte slukt av ‘dokker.’ Men ‘de’ er subjektsform og ‘dykk’ er objektsform. Ved å la eitt og same ordet verte bruk både som subjekts- og objektsform gjer ein språket fattigare og utydelegare.

Eg ville aldri spørre slik: “Likar dykk pizza?” Eller: “Kan eg sitja på med de?” Men no skal eg visstnok kunna skrive dette: “Likar dokker mat?” Eller: “Kan eg sitja på med dokker?” Dette fører til fordumming av språket, og gjer språket vanskelegare å forstå. Eg vonar at ein ikkje gjere same feilen på bokmål, og fjerner ‘ham.’

Nei, ein gjer ikkje nynorsk ‘enklare’ og ‘strammare’ ved å gjere valfridomen mindre på systemnivå (t.d. kva endingar ein skal bruke) og gje større valfridom på omgrepsnivå.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s