Catholicus Norvegicus

Eg bestemte meg i dag for å byta namn (men ikkje adresse) på bloggen min frå Katolikken til Catholicus Norvegicus. Dette er fordi eg meiner at på same måte som det finst anglikanske katolikkar i Church of England (Anglo-Catholics), med ei rot i reformasjonen, så finst det norske katolikkar i Den norske kyrkja. Eg definerer meg sjølv som katolikk, men i ein luthersk og norsk tradisjon. Nemninga ‘katolsk’ tyder ikkje nødvendigvis ‘romersk-katolsk.’ Det viser til den ålmenne trua; den kristne trua som “har vorte trudd av alle, på alle stader og til alle tider,” for å parafrasera Hl. Vincent av Lerin.[1] Men det er også viktig å hugsa på at ‘katolsk’ seier noko meir om trua enn at den er ålmenn, i tydinga ‘demokratisk’ eller ‘up for grabs.’ Det fortel oss noko meir. I dei latinske vedkjenningane — t.d. i Apostolicum og den latinske omsetjinga av Nicenum — nytta ein seg nettopp av ordet ‘katolsk.’ Dette, skriv Arve Brunvoll, er “eit låneord frå gresk, som er nytta i staden for eit vanleg latinsk ord for «ålmenn» (t.d. universalis), truleg av di catholicus[2] alt hadde teke til å få ei fast tyding; det målbar ikkje berre dette at kyrkja er ålmenn, men òg noko om den trua som kyrkja stod for.”[3] Men dette betyr ikkje at det romersk-katolske er uviktig.

Ei stor von for meg er at vi ein gong, og helst før vi møtest i himmelriket, kan vera samla som éi kyrkje. Eg trur også dette er særs viktig for det oppdrag vi har fått frå Herren: Å forkynne hans evangelium i heile verda, og lata verda venda om til han. Slik eg ser det har einskap nettopp ei nøkkelrolle i vårt oppdrag, slik Kristus sjølv poengterer i si øvsteprestelege bøn, i Johannes kap. 17. Der les vi:

“Eg bed ikkje berre for desse, men for alle dei som gjennom deira ord kjem til å tru på meg. Eg bed at dei alle må vera eitt, slik du, Far, er i meg og eg i deg. Slik skal dei òg vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg. Den herlegdomen som du har gjeve meg, har eg gjeve dei, så dei skal vera eitt slik som vi er eitt: eg i dei og du i meg, så dei heilt og fullt kan vera eitt. Då skal verda skjøna at du har sendt meg, og at du har elska dei slik du har elska meg. Far, eg vil at dei du har gjeve meg, skal vera hos meg der eg er, så dei får sjå min herlegdom, den du har gjeve meg fordi du elska meg før verda vart grunnlagd. Rettferdige Far, verda kjenner deg ikkje, men eg kjenner deg, og desse veit at det er du som har sendt meg. Eg har kunngjort namnet ditt for dei og skal kunngjera det, så den kjærleiken du har hatt til meg, kan vera i dei og eg sjølv kan vera i dei.” (Joh 17:20-26. Utheving lagt til av underteikna.)

Slik eg ser det er det ein djup samanheng mellom einskap og misjon. Dette er også éin av grunnane til at eg, som teologistudent, har engasjert meg i Carissimi. Den norske kyrkja vart grunnlagd på 900-talet, og vart etter kvart luthersk. Dette skiftet var i norsk samanheng, slik det også var i engelsk, ei ovanfrå-og-ned-endring, der kongen med makt konverterte kyrkja til lutherdomen. Reformasjonen hadde sine gode og dårlege sider. Eg meiner det var bra at ein fekk lys på ein del misbruk, og at det frå katolsk hald i mot-reformasjonen kom ein del forklaringar som betre sette lys på kva katolsk lære faktisk er. Men det var også ein del dumt som skjedde, hovudsakleg at det vart eit skisma som har prega vestleg religion og kultur dei siste 500 åra.

Eg vonar at vi gjennom Carissimi kan vere ei profetisk røyst, og eg vonar at vi, og andre med oss, kan gjere slik Dag Øivind Østereng tilrådde i 2007: “Min røst i denne debatten er; vi må alle kjenne kallet til å bryte opp og søke en kirkelig enhet for en ny tid, og jeg tror vi må gjøre det i en eller annen protestantisk samlet dialog med den Kirken som hadde den kirkelige jurisdiksjonen her i landet fra kristningen til reformasjonen. Ikke mindre enn det. Hvor mange som vil gå den veien er for meg uinteressant, så lenge jeg ser det som vårt kall.”

Men det er viktig, meiner eg, at vi også kan halda fast på vår norske arv, og den innsikta vi har frå luthersk tradisjon. Kristentrua er inkarnatorisk; den tek opp i seg det spesifikt kulturelle, og konverterer det til Kristus. Men det er viktig at vi ikkje lat dette verte noko som styrer trua. I konklusjonen til fyrste delen av Confessio Augustana (CA) les vi: “Av dette[4] kan ein sjå at det ikkje er noko i henne[5] som avvik frå skriftene eller frå den ålmenne kyrkja eller frå Romarkyrkja, slik som vi kjenner henne frå kyrkjefedrane.”[6] Vi må anten lese CA som ein del av ein tradisjon som helt fast på det katolsk, det ålmenne, eller som eit brot med, eller ein korreksjon av, denne tradisjonen. Men som sagt ser vi at CA nettopp ser seg sjølv som ein del av den katolske tradisjonen. Og det er dette eg vil arbeide for. Då let eg Chris Jones, ein av kommentarane til ein post omkring CA XIV, få siste ordet:

If the Apostolic Tradition means anything, and if the Creeds, the Councils, and the Fathers are worthy of any credit at all as faithful witnesses to that Tradition, then it seems to me that we must see our Confessions as part of that tradition, and consistently read them in the context of that tradition. Otherwise how can we possibly claim to be the Catholic Church, rightly reformed? And if that leads us to the conclusion that our Lutheran fathers were mistaken about the necessity of episcopal ordination, then that ought to lead us not to put the “Catholic principle” out of court, but to repent of that error. If we have made a mistake, we ought to admit it — not re-interpret Church history to make the mistake somehow not a mistake. After all, if one should never admit a mistake in doctrine or practice, there never could have been a Reformation.

Noter:

[1] Sjå her.

[2] Ei latinifisering av κατ᾿ ὅλον, ‘ifylgje heilskapen.’

[3] Arve Brunvoll, Vedkjenningsskriftene åt Den norske kyrkja. Ny omsetjing med innleiingar og notar. Oslo: Lunde 1979, s. 19

[4] Dvs. artiklane i fyrste del av CA.

[5] Dvs. læra til dei lutherske kyrkjelydane.

[6] Arve Brunvoll, op.cit, 1979, s. 61-62

2 comments on “Catholicus Norvegicus

  1. […] einskapen også bør vise omsyn til det sær-lutherske, og til vår norske arv. Som eg påpeiker i denne bloggposten ser eg på meg sjølv som ein norsk-luthersk katolikk (Catholicus Norvegicus), slik som […]

  2. […] For å sjå korleis eg definerer det katolske, sjå dei fylgjande to innlegga; “Catholicus Norvegicus” og “Katolsk-luthersk einskap?” Der legg eg ut grunnane til å bruke omgrepet ‘katolsk’ i […]

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s