Preike i Valsøyfjord kirke, 5. august 2012

I sommar jobba eg som lek prestevikar i Indre Nordmøre prosti, med base på Tingvoll. Her fylgjer preika eg hadde den fyrste søndagen, 5. august d.å. Liturgien i den kyrkja er på bokmål, men preika er på nynorsk, og det same er evangelieteksten eg siterer nedanfor.

La viljen din skje, på jorda så som i himmelen

Preike av Kjetil Kringlebotten, søndag 5. august 2012.
Valsøyfjord kirke, Halsa kommune. Nordmøre.
10. sundag i treeiningstida.
Lesetekstar: 1Mos 50,14-21; 2Kor 13,11-13.
Preiketekst: Matt 18,21-35.

Dette heilage evangeliet står skrive hjå evangelisten Matteus i det 18. kapitlet:

21 Då gjekk Peter fram til Jesus og spurde: “Herre, kor mange gonger skal bror min kunna synda mot meg og eg likevel tilgje han? Så mykje som sju gonger?” 22 Jesus svara: “Ikkje sju gonger, seier eg deg, men sytti gonger sju! 23 Difor kan himmelriket liknast med ein konge som ville gjera opp rekneskapen med tenarane sine. 24 Då han tok til med oppgjeret, førte dei fram for han ein som var skuldig ti tusen talentar. 25 Han hadde ikkje noko å betala med, og herren baud at han skulle seljast, både han og kona hans og borna og alt han eigde, så gjelda kunne betalast. 26 Men tenaren fall på kne for han og bad: ‘Ver tolmodig med meg, så skal eg betala deg alt saman.’ 27 Herren fekk inderleg medkjensle med han, sleppte han fri og ettergav han skulda.

28 Då tenaren kom ut, møtte han ein medtenar som skulda han hundre denarar. Han greip medtenaren, tok strupetak på han og sa: ‘Betal det du skuldar!’ 29 Medtenaren fall ned for han og bad: ‘Ver tolmodig med meg, så skal eg betala deg.’ 30 Men han ville ikkje. Han gjekk av stad og sette medtenaren sin i fengsel; der skulle han sitja til han hadde betalt skulda. 31 Då dei andre tenarane såg det som hende, vart dei svært sorgfulle. Dei gjekk til herren sin og fortalde han alt som var hendt. 32 Då kalla herren tenaren til seg att og sa til han: ‘Du vonde tenar! Heile skulda ettergav eg deg fordi du bad meg om det. 33 Skulle ikkje du òg ha vist miskunn mot medtenaren din, slik eg viste miskunn mot deg?’ 34 Og herren vart sint og overgav tenaren til fangevaktarar som skulle mishandla han til han hadde betalt heile skulda.

35 Slik skal Far min i himmelen gjera med kvar ein av dykk som ikkje av hjartet tilgjev bror sin.”

Slik lyder Herrens ord.
Dette var ditt ord til oss, heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning. Amen.

I
Dagens evangelium fungerer som ein skikkeleg ‘reality check’; vi vert konfrontert med våre eigne feil og manglar, og med syndene våre. Vi får innsikt i vårt kall som kristne; å leve ut det livet som er gjeve oss av Gud, i tru, i tillit, i takksemd.

II
Dagens evangelium delt i tre:[1] (1) samtalen mellom Peter og Kristus; (2) likninga om den hardhjarta tenaren; og (3) Kristi åtvaring om dom.

I samtalen mellom Peter og Kristus fungerer Peter som talsmann for læresveinane. Han kjem med eit spørsmål omkring synd og tilgjeving. Han spør: “Herre, kor mange gonger skal bror min kunna synda mot meg og eg likevel tilgje han? Så mykje som sju gonger?” Uttrykket ‘bror’ kan kanskje lesast ope, som ein term for andre menneske generelt, men det er truleg snakk om synd eller ugjerningar gjort mot andre kristne, evt. mot andre av Israels-folket som var den konteksten Peter levde i. Peter meinte nok at han var from. Det heiter seg at ein rabbinsk regel seier at ein bør minst tilgje tre gonger, og Peter gjekk så langt som til sju. Men Kristi svar sprenger alle slike kategoriar: “Ikkje sju gonger, seier eg deg, men sytti gonger sju!” Orda som i Kristi ord er omsett med “sytti gonger sju” kan også omsetjast med “syttisju.” Vi kan då finna ein negativ parallell til dette i 1Mos 4,23. Der seier Lamek, tipp-tipp-oldebarnet til Kain dette til konene sine:

Ada og Silla, høyr på meg,
Lameks koner, lytt til mine ord:
Ein mann drep eg for eit sår,
ein gut for ei skramme.
Kain skal hemnast sju gonger,
men Lamek syttisju gonger.

Kristus kan då ha teke utgangspunkt i Lamek sine ord, og snudd dei på hovudet: Det er ikkje snakk om at ein skal hemnast syttisju gonger, men at ein skal tilgje syttisju gonger. Uansett trur eg dette er Kristi måte å sprenge heile tankesettet: Ein skal slutte å tenke på kor ofte, mykje eller lite ein tilgjev, og heller berre tilgje. Vi må ha ein heilhjarta og reservasjonslaus vilje til forsoning.

Likninga om den hardhjarta tenaren fylgjer som ein illustrasjon av dette. I fyrste scene møter vi kongen. Han er truleg ein orientalsk storkonge som skal gjera opp rekneskap med tenarane sine. Det er truleg ikkje snakk om tenarar med låg status (t.d. slavar), men snarare vasallar eller statthaldarar, og rekneskapen er då truleg det dei har forvalta som ein del av styresmakta. Ein av tenarane er skuldig ti tusen talentar. Ein talent tilsvara på den tida ca. 6000 drakmer eller denarar, og ein denar tilsvara ca. ei dagsløn for lågløna personar.[2] Dersom vi overfører dette til vår tid, og ser for oss ei dagsløn på ca. 1000 kroner, som ikkje er uvanleg blant ufaglærte i einskilde bransjar, ser vi at tenaren skulda i alle fall rundt 60 milliardar kroner. Det er heilt klart at dette er ei heilt umogeleg gjeld å betale tilbake. Og dersom dette faktisk er snakk om ein vasall eller ein statthaldar som sikkert ikkje har makta å forvalte den offentlege økonomien slik ein ansvarsperson bør, er det ikkje overraskande at kongen refsar han, og krev at tenaren skal seljast med kone, born og alle eigendelar for å betale ned gjelda. Dette var eit slavesamfunn, trass alt. Men i møte med bøna om nåde ser vi at kongen viser ein heilhjarta og reservasjonslaus vilje til forsoning. Det står at kongen “fekk inderleg medkjensle med han, sleppte han fri og ettergav han skulda.”

Men ein kan jo byrje å lure på om tenaren faktisk var ærleg i sin desparasjon, eller om han faktisk berre lurte kongen. For i neste scene finn vi ein grell kontrast den førre scena. Tenaren som akkurat har vorte ettergjeve eller tilgjeve går til fysisk angrep på ein medtenar fordi denne skuldar han 100 denarar, som igjen tilsvara ca. 100 dagsløner for lågløna personar.[3] Dersom vi igjen overfører dette til dagens situasjon ser vi at dette er snakk om ei gjeld på rundt hundre tusen. Det er ikkje ein ubetydeleg sum, men sett i lys av den astronomisk summen han sjølv vart ettergjeve er dette ein dråpe i havet. Hans haldning som kreditor står i ein grell kontrast til kongens haldning, og vi ser at tenaren ikkje har teke til seg noko av det kongen har gjort for han. Dette står i kontrast til Kristi lære. Nåde skal avla nåde; rettferd skal avla rettferd.

I tredje og siste scene ser vi igjen eit møte mellom tenaren og kongen. Medtenarane såg framferda til den hardhjarta tenaren og melde frå til kongen. Men denne gongen er det ikkje nåden som er i fokus, men dommen. Kongen seier: “Du vonde tenar! Heile skulda ettergav eg deg fordi du bad meg om det. Skulle ikkje du òg ha vist miskunn mot medtenaren din, slik eg viste miskunn mot deg?” Han gjer om på nåden, og sender tenaren i fengsel.

Kristi åtvaring om dom fylgjer så som ein konklusjon på eller ein moral for likninga. Han seier: “Slik skal Far min i himmelen gjera med kvar ein av dykk som ikkje av hjartet tilgjev bror sin.” Dette kan sjåast som ein kommentar til delar av Herrens bøn: “Lat viljen din skje, på jorda så som i himmelen.” “Forlat oss vår skuld som vi óg forlét våre skuldmenn.”[4] Og til dei versa som fylgjer etter bøna, Matt 6,14-15: “For om de tilgjev menneska misgjerningane deira, så skal òg Far dykkar i himmelen tilgje dykk. Men tilgjev de ikkje, skal heller ikkje Far dykkar tilgje misgjerningane dykkar.”

III
Men korleis skal vi eigentleg forstå dette reint teologisk eller evangelisk? Det kan vere vanskeleg å forstå kva dette inneber fordi ein på den eine sida vert formana til å handle mot andre i lys av den nåden som er gjeve oss, med åtvaringar om straff om vi ikkje gjer det, og fordi ein på den andre sida høyrer at frelsa og rettferdiggjeringa er Guds verk åleine.

I vår kristne tradisjon har vi alltid vore opptekna av at vi er rettferdiggjorte av tru, og ikkje av gjerningar. Vi har alltid vore opptekne av Pauli ord i Rom 3,21-24, og godt er det. Han skriv: “Men no er Guds rettferd, som lova og profetane vitnar om, openberra utanom lova. Dette er Guds rettferd som blir gjeven ved trua på Jesus Kristus til alle som trur. Her er det ingen skilnad, for alle har synda og manglar Guds herlegdom. Men ufortent og av hans nåde blir dei kjende rettferdige, frikjøpte i Kristus Jesus.” Paulus understrekar altså at dette ikkje er vårt verk, at vi ikkje vert frelst ved å streve mest mogeleg.

Men korleis skal vi forstå forholdet mellom dette perspektivet og perspektivet frå dagens evangelietekst?

For å forstå dette trur eg vi må sjå på forholdet mellom oss og Kristus. For Paulus er det eit hovudpoeng at vi har del i Kristus, og at han ikkje berre virkar utanfor oss, på krossen, men også i oss. Han skriv: “Eg er krossfest med Kristus; eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg. Og det livet eg no lever som menneske av kjøt og blod, det lever eg i trua på Guds Son, som elska meg og gav seg sjølv for meg.” (Gal 2,19-20)

Sjå til dømes på ein av dei mest kjende passasjane hjå Paulus, Ef 2,8-9. Der står det: “For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal skryta av seg sjølv.” Dette er grunnlaget. Vi har ikkje frelst oss sjølve, vi har ikkje arbeida oss fram til større opplysing. Men dette er berre halve sanninga. For i neste vers (v.10) legg Paulus til: “For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei.”

Gud vil også at vi skal handa i lys av den nåden som er gjeve oss, slik vi ser av dagens tekstar. Det er nettopp vår deltaking i Kristus som er nøkkelen til å forstå dette. Sjølve grunnlaget ligg sjølvsagt utanfor oss, i Kristus. Men dette må slå rot i oss, Kristus må få komma i oss, ved trua. Frå oldkyrkja har vi eit ordtak som skal gå slik: “Det hjelper ikkje om Kristus vart fødd tusen gonger i Betlehem, viss han ikkje er fødd i deg.”

Vi er alle syndarar, vi treng alle den nåden som gjev oss del i det evige livet. Men denne nåden gjer oss ikkje passive. “Arbeid på dykkar frelse med respekt og ærefrykt,” skriv Paulus (Fil 2,12). (Før stod det “otte og age,” evt. “frykt og beven” på bokmål.) Men han stoppar ikkje der. I neste vers (v.13) legg han til: “For det er Gud som er verksam i dykk, så de både vil og gjer det som er etter Guds gode vilje.” Kristus virkar i oss, til frelse, rettferd og fred. Og dette skal flyte over til andre.

Når vi i Herrens bøn ber om tilgjeving, og påpeiker at vi skal gjere det same, må vi ikkje la dette verta tom retorikk, ein slags tom gest som vi lirer av oss kvar søndag. Nei, perspektivet frå dagens evangelietekst skal prega heile vårt liv som kristne. Det er Gud som virkar i oss, men vi har ein fri vilje til å nekta han dette. Gud formanar oss, alle vi som er her i dag — ja alle saman — til å la Gud få styringsretten. Til å heile tida spørja: Kva ville Jesus ha gjort?

IV
Gudstenesta er ein nådeplass; her får vi leggje av oss syndene våre, her får vi del i evangeliet, her får vi heilt konkret del i den nåden Kristus vann oss på krossen, ved å ta imot Herrens nattverd. Men det må ikkje stoppa der. I gudstenesta vert vi nærast viglsa til å leve vårt kall som kristne i verda, men ikkje av verda.

Når Gud har gjeve oss tilgjeving for syndene, kan vi då nekte å tilgje vår neste? Når vi går ut frå gudstenesta må vi ikkje leggje Gud og trua i baklomma til neste søndag. Vi må leve for Gud, tene Herren med glede. Dette er dagens evangelietekst i eit nøtteskal.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var, er og vera skal, éin sann Gud, frå æve og til æve. Amen.

Noter:

[1] Mykje av det fylgjande, spesielt utlegginga og det eksegetiske er inspirert av/stelt frå Hans Kvalbein, Fortolkning til Matteusevangeliet, bind II. Bibelverket (Oslo: Nye Luther Forlag/Lunde Forlag 1990, s.105-108), og Hilde Barsnes si preikegjennomgong i Luthersk kirketidende 13 (2012), s.327.

[2] Sjå Wikipedia: Talent (measurement).

[3] Sjå Wikipedia: Denarius.

[4] Matt 6,10.12.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s