Herrens bøn – eller Bibelselskapets bøn?

Som medlem av eit gudstenesteutval i ein kyrkjelyd i Bergen har eg hatt ein del å gjere med den nye liturgireforma i Den norske kyrkja. I liturgireforma kan ein, for Herrens bøn (bokmål), velje mellom tre forskjellige versjonar: utgåva frå 1930,[1] utgåva frå 1978[2] og utgåva frå 2011.
[3] Eg har vorte van med å bruke utgåva frå 1930, men skjønar at den no er for ‘gamaldags.’ Då sit vi igjen med 1978 eller 2011. Problemet med 1978-utgåva ligg i bøna “la ditt navn holdes hellig.” Dette kan implisere at Gud er avhengige av oss for at namnet hans skal helgast. Dette er forbetra i 2011-utgåva. Men her har vi eit anna problem. Her har ein endra “led oss ikke inn i fristelse” til “la oss ikke komme inn i fristelse.” Her har ein endra teksten på ein sånn måte at eg ikkje kan sjå at det lenger er ‘Herrens bøn,’ men har vorte til ‘Bibelselskapets bøn.’

Som gudstenestedeltakar kjem eg ikkje til å be “la oss ikke komme inn i fristelse.” Det var ikkje slik Herren lærte læresveinane å be. Det er også viktig å påpeike at kyrkja si historiske forståing av denne bøna er viktig. Eg er også særs skeptisk at eit selskap (i dette tilfellet Bibelselskapets) som ikkje skal ha noko avgjerdsmynde i Den norske kyrkja har ei såpass stor makt. Uansett kjem eg medvite til å be 2011-utgåva med nokre viktige endringar:

Vår Far i himmelen!
La navnet ditt helliges.
La riket ditt komme.
La viljen din skje på jorden slik som i himmelen.
Gi oss i dag vårt daglige brød,
og tilgi oss vår skyld,
slik også vi tilgir våre skyldnere.
Og led oss ikke inn i fristelse,
men frels oss fra det onde.
For riket er ditt og makten og æren i evighet.
Amen.

I kyrkjelydar der ein bruker nynorsk vonar eg at ein held på den nynorske 1978-utgåva.

Noter:

[1] “Fadervår, du som er i himmelen, helliget vorde ditt namn…”

[2] “Fadervår, du som er i himmelen, la ditt navn holdes hellig…”

[3] “Vår Far i himmelen, la navnet ditt helliges…”

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s