Sjå i nåde til oss!

Andakt på NLA Sandviken, 29. november 2012.

No er vi i tida mellom siste sundag i kyrkjeåret, domssundag eller Kristi kongefest, og fyrste sundag i kyrkjeåret, 1. sundag i advent. Eg vil difor reflektere litt over samanhengen mellom domsaspektet, og den komande adventstida.[1] Eg trur det er viktig å påpeike den doble botnen vi finn i adventstida. Liturgisk er ho ei feiring av ventetida før Kristi fødsel, ei feiring av hans kome til jord. Dette kulminerer i juledagsfeiringa den 25. desember. Vi feirar også Kristi kome til jord på eller i nærleiken av 25. mars (ni månadar før juledagen). Men i adventstida ventar vi også på Kristi atterkome, til dom og frelse. Det er difor viktig, trur eg at vi ser adventstida og domssundag saman, at vi held heile kyrkjeåret saman som eit heile. Eg vil difor at vi no skal la adventstida liggje i bakhovudet i denne andakten, der eg tek utgangspunkt i nokre av dei salmane som er sett opp som domssundagssalmar i Norsk salmebok. Dei spennar frå mellomalderen til vår tid, og saman seier dei oss noko viktig om vår tid, om domen og om frelsa. Men fyrst les vi andre lesetekst for domssundag, tredje rekkje (1Kor 15:22-28):

22 For liksom alle døyr på grunn av Adam, skal alle få liv ved Kristus. 23 Men kvar til si tid: Kristus er førstegrøda, deretter følgjer dei som høyrer Kristus til, når han kjem. 24 Så kjem enden, når han overgjev kongsmakta til Gud, sin Far, etter at han har utsletta all makt og alt herredøme og alt velde. 25 For han skal vera konge til Gud har lagt alle fiendar under hans føter. 26 Den siste fienden som blir gjord til inkjes, er døden. 27 For alt har han lagt under hans føter. Når det heiter alt, er det klårt at Gud sjølv er unnateken frå dette. For det er Gud som har lagt alt under han. 28 Men når alt er han underlagt, skal òg Sonen sjølv gje seg inn under Gud, som har lagt alt under han, og Gud skal vera alt i alle.

I Norsk salmebok finn vi ti salmar for domssundag. Desse finn vi på nr. 251-260. Den andre salmen (NoS 252), som historisk er mest kjent, men som kanskje ikkje er så kjent i våre samanhengar, er Dies irae, dies illa, eller Vreidedagen, han skal renna, skrive på 1200-talet av Thomas frå Celano. Den byrjar slik, v.1-2:

1 Vreidedagen, han skal renna
og til oske verdi brenna,
som Guds ord oss grant lèt kjenna.

2 Redslerop mot himlen ljomar
når han kjem, den høge domar.
Tungt som klokkemalm det ômar.

Bodskapen er hard. Det er domen over ei verd, over eit folk, over einskildsmenneske som vel synda framføre Gud, som har vald folkemord, valdtekt, tjuveri. Som har behandla andre menneske som søppel, som har stilt seg andlet til andlet til Gud, og sagt: Eg vil tena meg sjølv, eg vil ikkje tena deg. Som svara på Guds kjærleik og nåde ved å spikre han opp på ein kross. Ei slik verd er fordømd. Men det er viktig å påpeike at dette ikkje er noko vagt, abstrakt. Det gjeld oss alle. Som det står vidare i salmen (v.7):

7 Å, kva skal eg arme svara?
Kven kan reknaskapen klara
når ein rettvis snautt vert spara?

Vi vert alle dømde. I møte med vondskapen kan vi ikkje venta at Gud skal halda seg ‘roleg.’ Det ville vore jamngodt med at Gud ikkje brydde seg om urett. Men nettopp i denne domen er det at Kristus trer fram med sin nåde. Det står vidare i salmen (v.9-10):

9 Kom i hug, du Jesus milde,
du for mi skuld koma ville;
lat mi sjel ei gå til spille.

10 Blodet ditt for meg har runne,
du får meg har nåde vunne;
lat ditt verk ei gå til grunne.

På grunnlag av dette, og dette åleine, kan vi stiga fram og be om nåde. Denne salmen har eit sterkt, kanskje litt valdsamt, individuelt aspekt. Som det står i dei siste to versa (v.15-16):

15 Lat meg mellom lammi bida,
ikkje med dei dømde lida,
set meg på den høgre sida!

16 Bøygd i støvet lyt eg knela,
hjartans anger vil meg kvela,
Herre, før meg du til sæla!

Dette kan som sagt kanskje vere litt valdsamt individuelt. Det heiter seg i eit gamal kristent munnhell at ein går fortapt åleine, men vart alltid frelst som del av ein fellesskap. Eg trur dette aspektet kjem best fram i dei siste to salmane. Den fyrste er Herre, når din time kommer (NoS 259), skrive av Svein Ellingsen i 1976. Han både gruar og glær seg til domedagen. Som det står i v.1-2:

1Herre, når din time kommer,
åpenbarer du ditt rike,
og i klarhet får vi skue
alt det skapte, frigjort, fullendt!
Vi skal se deg som du er!

2 Riket, som er skjult i verden,
stiger frem i lys og lovsang!
Jordens smerte er beseiret!
Dødens makt er overvunnet!
Vi skal se deg som du er!

Det er ikkje berre eg åleine som vert frelst, men heile skaparverket. Og denne forløysinga får vi smaka på her og no, i tida. Som det står i v.4:

4 Du var nær oss i vår dåpsstund.
Du er nær ved nattverdbordet.
Dine gaver gir oss forsmak
på ditt rikes store måltid
når vi ser deg som du er!

Den siste salmen er En dag skal Herrens skaperdrømmer møte (NoS 260), skrive av Eyvind Skeie i 1978. Her ser vi, i all si prakt, at domen både er dom og nåde. Her ser vi både at frelsa er for heile skaparverket, og at alt dette heng saman med Kristi offerdød. Vi les v.1 og 4-5:

1En dag skal Herrens skaperdrømmer møte
den jord som slektens ondskap har lagt øde.
Og det er Dommens dag, hvert kne seg bøye!
All ære til vår Skaper i det høye!

4 Og han som hang på korset, tornekronet,
skal løfte verden opp til Gud, forsonet.
Han er Guds offerlam. Hvert kne seg bøye!
All ære til vår Fader i det høye!

5 Til sist skal Herren rope i det øde
og dømme alle, levende og døde.
Nå er det nådens tid. Hvert kne seg bøye!
All ære til vår frelser i det høye!

Det beste, trur eg, er å la desse tre salmane stå som ei overskrift over domen, og over kristenlivet. Dei får saman fram både fellesskap, individualitet, dom og nåde. Og det er nettopp dette som er kjerna i kristentrua. Vi vert frelste frå våre synder, frå vår dom, og kan, saman med Svein Ellingsen, seie (NoS 259):

8 Herre, la ditt rike komme!
Din er makten! Din er æren!
Din er dommen! Din er nåden!
Halleluja! Alt er fullendt!
Vi skal se deg som du er!

Då avsluttar vi med å be Fadervår:

Fader vår, du som er i himmelen!
Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød. Forlat oss vår skuld,
som vi òg forlèt våre skuldmenn.
Før oss ikkje ut i freisting,
men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt, og makta og æra i all æve.
Amen.

Noter:

[1] Mykje av det eg tek opp her har eg ‘stole’ frå Audun Opland sin artikkel “Ljoden av domedag” (Borisoglebskij, 17.11.2011, henta 28.11.2012).

One comment on “Sjå i nåde til oss!

  1. […] høve til min førre post, ein andakt i koplinga mellom domssøndag og advent, vil eg no kort kommentere syndsomgrepet i lys av ein artikkel i Minerva. Dette er eit viktig tema, […]

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s