Sjå framleis i nåde til oss!

I høve til min førre post, ein andakt i koplinga mellom domssøndag og advent, vil eg no kort kommentere syndsomgrepet i lys av ein artikkel i Minerva. Dette er eit viktig tema, og eg trur eg kjem til å kjøpe dette nummeret av Minerva (4/2012). Ein kommentar, dog. Eg trur ikkje termen “kjenner lysten til det onde” er heilt treffande. Eg trur det er betre å seie, slik ein sa det før på bokmål, og slik vi framleis seier på nynorsk, at vi “kjenner den onde lyst” (“kjenner den vonde hug”). Men er det ein viktig forskjell mellom desse? Forskjellen ligg i kva den gamle og den nye faktisk seier.

Den nye nye formuleringa er verre enn det opphavlege, fordi vi ikkje primært syndar fordi vi har lyst til å synda, men fordi vi har lyst til å oppnå noko som i seg sjølv kan vere godt — åndeleg, fysisk, etc. Vi gjer ikkje vondt qua vondt (å synda for synda si skuld), vi gjer vondt qua godt (å synda for å oppnå ein fordel). Dette betyr sjølvsagt ikkje at synda vert mindre syndig. Å gjere vondt for å oppnå fordelar er tvers gjennom galt. Men det er viktig å halda på realitetane. Problemet er at når eg seier at eg kjenner “lysten til det onde i mitt hjerte,” så seier eg faktisk at eg kjenner ein dragnad mot å gjera vondt for vondskapens eiga skuld. Og det er feil. I alle fall for dei aller fleste. Eg er einig med folk som seier at dei sjeldan (aldri?) kjenner på lysta til det vonde. Men eg kjenner ofte den vonde hug.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s