Nokre tankar omkring Skrift og Tradisjon

Eg identifiserer meg med, og har ‘medlemskap’ i den høgkyrkjelege og katolske delen av Den norske kyrkja.[1] Med dette i bakhovudet vil eg i dag skrive litt om tilhøvet mellom Skrift og Tradisjon. Utgangspunktet for dette innlegget er at eg kom ein artikkel av Arthur Berg, der han skriv om dette tilhøvet i ein (lågkyrkjeleg) protestantisk setting.[2] Berg identifiserte seg med den meir lågkyrkjelege lutherske bedehustradisjonen (i grenselandet mellom luthersk og reformert tenking),[3] og skriv ut frå det bibelsynet som har vore, og er, rådande der. Han tek utgangspunkt i det reformatoriske skriftprinsippet:

Det reformatoriske skriftprinsippet segjer at ein rett og sann teologi ikkje må byggja på nokon enn den som kan lesast ut av dei profetiske og apostoliske skriftene i Det gamle og Det nye testamentet. For der har Gud openberra seg for oss og gjort sin vilje kjend.[4]

Berg held fram med å poengtere at “[d]enne overtydingi er gamal i kyrkja,” og viser til eit sitat av Augustin: “Trui rikkast dersom autoriteten åt dei heilage skriftene rikkast.”[5] Berg hevder at det var ei så stor semje i oldkyrkja omkring dette ‘reformatoriske skriftprinsippet’ “at det ikkje trongst klåre og medvitne definisjonar,”[6] men at ein etter kvart trong dette fordi skriftprinsippet i Den katolske kyrkja vart “meir og meir utmagra og blodfattig” framover mot reformasjonen.[7] På grunn av dette kom det andre prinsipp inn og tevla med skriftprinsippet slik at ein etter kvart måtte ‘setta ned foten.’ Grunnen var at det ikkje måtte vere tvil om læra, og dersom Skrifta var uklår måtte ein lese den i kyrkja. Ein gave då tradisjonen “heimstadrett i kyrkja.”[8]

Berg kjem med ei rekkje historiske påstandar her, og eg kan ikkje gå inn på dei alle. Og dette innlegget er mitt syn på tilhøvet mellom Skrift og Tradisjon. Det eg vil gå inn på, er Berg si tolking av Augustin. Augustin seier altså: “Trui rikkast dersom autoriteten åt dei heilage skriftene rikkast.”[9] Spørsmålet vi må stilla oss her, er dette: Kva meiner Augustin med ‘autoriteten’ her? Visar han til ein ibuande autoritet (at skrifta sjølv er ein autoritet), eller viser han til ein autoritet utanfor Skrifta, ein autoritet (utanom Gud) som held Skrifta oppe? Reint lingvistisk vil eg hevde at det er det siste. Sjølv om det er vanleg å seie at ein tekst har autoritet, så er det meir rett å seie at teksten er autoritativ. Personar har autoritet, tekstar er autoritative.

Men lat oss sjå på konteksten for utsegnet. Eg har ikkje tilgang til Luthardts tekst, og er heller ikkje særleg god på tysk, så eg må ‘ta til takke med’ Philip Schaff si engelske utgåve.[10] Lat meg sitere heile kaptitlet (på engelsk):

For if he takes up rashly a meaning which the author whom he is reading did not intend, he often falls in with other statements which he cannot harmonize with this meaning. And if he admits that these statements are true and certain, then it follows that the meaning he had put upon the former passage cannot be the true one: and so it comes to pass, one can hardly tell how, that, out of love for his own opinion, he begins to feel more angry with Scripture than he is with himself. And if he should once permit that evil to creep in, it will utterly destroy him. “For we walk by faith, not by sight.”[11] Now faith will totter if the authority of Scripture begin to shake. And then, if faith totter, love itself will grow cold. For if a man has fallen from faith, he must necessarily also fall from love; for he cannot love what he does not believe to exist. But if he both believes and loves, then through good works, and through diligent attention to the precepts of morality, he comes to hope also that he shall attain the object of his love. And so these are the three things to which all knowledge and all prophecy are subservient: faith, hope, love.[12]

Det ser ut som at Berg har lest dette nokså laust. Vi ser at den trua det er snakk om (den som kan rikkast) er den individuelle trua til den som les, og som tolkar Bibelen feil. Det ser meir ut for meg at Augustin åtvarar mot det skriftprinsippet Berg argumenterer for; at Augustin ikkje ser det slik at vi kan lese bibelteksten åleine, men må lese den rett. Vi kan også sjå på andre tekstar av Augustin. Å lese Augustin-sitatet i kontekst betyr ikkje berre å lese det i den umiddelbere samanhengen det står i (det same kapitlet, den same boka, det same skriftet), men å lese det i lys av Augustins forfattar som heilskap, hans corpus.[13] Men vi treng ikkje gå så langt. Litt seinare i skriftet skriv Augustin:

[A] man who is resting upon faith, hope and love, and who keeps a firm hold upon these, does not need the Scriptures except for the purpose of instructing others. Accordingly, many live without copies of the Scriptures, even in solitude, on the strength of these three graces. So that in their case, I think, the saying is already fulfilled: “Whether there be prophecies, they shall fail; whether there be tongues, they shall cease; whether there be knowledge, it shall vanish away.”[14] Yet by means of these instruments (as they may be called), so great an edifice of faith and love has been built up in them, that, holding to what is perfect, they do not seek for what is only in part perfect—of course, I mean, so far as is possible in this life; for, in comparison with the future life, the life of no just and holy man is perfect here. Therefore the apostle says: “Now abideth faith, hope, charity, these hree;but the greatest of these is charity:”[15] because, when a man shall have reached the eternal world, while the other two graces will fail, love will remain greater and more assured.[16]

Vi ser her at Augustin ikkje ser trongen for Skrifta dersom ein lever eit rett liv, og har den rette lære. Dette er kanskje ikkje eit argument mot det reformatoriske skriftprinsippet i seg sjølv, men det står i ein sterk kontrast til det lågkyrkjelege synet at ein er fortapt om ein ikkje kan lese Skrifta som kristen. (Dette synet er, naturleg nok, ikkje spesielt utbreiddt i kulturar med ein stor andel personar som ikkje kan lese og skrive.) Men korleis kan vi sjå samanhengen mellom skrift og tradisjon?

Det fyrste vi må spørje oss, er dette: Kor har vi Skrifta frå? Både (høg- og lågkyrkjelege) protestantar, ortodokse, romersk-katolske, etc. meiner at Gud er den som står bak Skrifta som hennar fyrste prinsipp. Han har inspirert forfattarane av Skrifta. Men korleis veit vi at Gud har insprert desse Skriftene, og ingen andre (på same måte)? Vi kan ikkje gå til Skrifta sjølv. Ingen av desse seier rett fram at dei er inspirerte, og dette ville i seg sjølv også vore sirkulært.[17] Nokre vil kanskje vise til 2Tim 3:16-17. Her fylgjer teksten etter 1938-omsetjinga: “Heile skrifti er innanda av Gud og er gagnlege til lærdom, til yvertyding, til rettleiding, til uppseding i rettferd, so gudsmennesket kann verta fullkome, dugleg til all god gjerning.” Her ser vi at ein har tolka uttrykket πᾶσα γραφὴ (pasa grafæ) i tydinga ‘heile skrifta’ i bestemt form. I den nye omsetjinga frå 2011 står det derimot: “Alle skrifter som er innanda av Gud…” Her ser vi at ein ikkje har forstått dette som eit bestemt uttrykk, men som eit generelt uttrykk om skrifter som er innanda av Gud. Hovudpoenget med verset er ikkje Skrifta i seg sjølv. (Den var jo ikkje skrive ferdig på dette tidspunktet, og Paulus viser her primært til GT, jf. 2Tim 3:15.) Hovudpoenget er heller at dei skriftene som er innanda av Gud, og som vi kan identifisere i bestemt form eintal som Skrifta,[18] er “gagnlege til opplæring, til formaning, til rettleiing, til oppseding i rettferd, så det menneske som høyrer Gud til, kan verta som det skal, dugande til all god gjerning.” (NY2011)

Ein kan med utgangspunkt i 2Tim 3:16 seie at det finst éi samling med skrifter som vi (1) kan hevde består av skrifter som er inspirete (‘innanda’) av Gud, og (2) kan identifisere i bestemt form eintal som Skrifta. Men det står ingenting i dei versa kva skrifter dette inneber. Skrifta gjev oss aldri ei ‘bokliste.’ Vi må difor kunna stole på at kyrkja valte rett skrifter, for å kunna ha kunnskap om kva Skrifta er. Eg trur det er dette vi må lese inn i Augustins sitat: “Trui rikkast dersom autoriteten åt dei heilage skriftene rikkast.”[19] Eg trur vi må lese ‘autoriteten’ her som den autoriteten Kyrkja har. Og det er nettopp i denne samanhengen vi kjem inn på tilhøvet mellom Skrift og Tradisjon.

Ein bør merke seg at eg skriv Tradisjon med stor T. Grunnen til dette er at ein kan skilje mellom Tradisjonar — lære som er overlevert, tradert, frå dei fyrste kristne[20] — og tradisjonar — kva mat ein et på julaftan, kva klede som er festklede i ein gitt kultur, etc. Men kva er Tradisjon, kva er ortodoks lære? For det fyrste vil eg hevde at eit skilje mellom Skrift og Tradisjon (noko som ligg implisitt i spørsmålet om tilhøvet mellom desse) er litt misvisande. I streng forstand er Skrifta ein del av Tradisjonen. Ho har vorte overlevert, tradert, frå dei fyrste kristne. Ein bør heller spørje seg om korleis ein skal sjå for seg tihøvet mellom Skrifta og dei utanombibelske læremessige delane av Kyrkja sin Tradisjon.

Men kva er ortodoks lære? Er den berre mi tolking av Skrifta, slik at ‘ortodoks lære’ er alt som samsvarar med mi lesing? Eg trur ikkje dette held, og korleis kan vi vite at akkurat mi, og ikkje ei anna, lesing er den rette? Protestantar må spørje seg sjølv: Kven har autoritet? Eg skal ikkje skrive meir her og no, men vonar at dette kan skape litt debatt. Eg kjem nok tilbake til temaet etter kvart.

Noter:

[1] For å sjå korleis eg definerer det katolske, sjå dei fylgjande to innlegga; “Catholicus Norvegicus” og “Katolsk-luthersk einskap?” Der legg eg ut grunnane til å bruke omgrepet ‘katolsk’ i ein høgkyrkjeleg luthersk setting. Sjå også introduksjonssida mi. Med ‘medlemskap’ meiner eg mitt medlemskap (og dels aktive deltaking) i organisasjonen Kyrkjeleg fornying.

[2] Arthur Berg, “Skrift og tradisjon i protestantismen” i: På Ordets grunn: Festskrift til professor dr. theol. Carl Fr. Wisløff på 70-årsdagen 31. desember 1978, red., Steinar Hunnestad, et.al. (Oslo: Luther 1978), s.22-31.

[3] Sjå Nynorsk Wikipedia, bokmåls-Wikipedia og Store norske leksikon.

[4] Berg, op.cit, 1978, s.22.

[5] Berg, op.cit, 1978, s.22, jf. De doctrina Christiania 1:37, sitert etter Luthardt, Kompendium der Dogmatik (4. oppl., Leipzig 1873), s.256.

[6] Berg, op.cit, 1978, s.22.

[7] Berg, op.cit, 1978, s.22.

[8] Berg, op.cit, 1978, s.22.

[9] De doctrina Christiania 1:37, sitert etter Luthardt, Kompendium der Dogmatik (4. oppl., Leipzig 1873), s.256 (Berg, op.cit, 1978, s.22).

[10] Philip Schaff (red.), Nicene and Post-Nicene Fathers, vol. 2. Second series (Peabody, MA: Hendrickson Publishers 1995, org. 1887), s.513-597. [Henta 20. desember 2012.]

[11] Jf. 2Kor 5:7.

[12] De doctrina Christiania 1:37 (Schaff, op.cit, 1995, s.533).

[13] For ei god gjennomgang av denne konteksttenkinga, sjå Nicholas Rescher, Philosophical reasoning (Oxford: Blackwell 2001), s.57-76, spesielt s.71-73.

[14] Jf. 1Kor 13:8.

[15] Jf. 1Kor 13:13.

[16] De doctrina Christiania 1:39 (Schaff, op.cit, 1995, s.534).

[17] Dvs. at Skrifta er inspirert fordi Skrifta hevder å vere inspirert, og at Skrifta hevder å vere inspirert fordi Skrifta er inspirert.

[18] Det skal seiast at πᾶσα γραφὴ (pasa grafæ) står i eintal.

[19] De doctrina Christiania 1:37, sitert etter Luthardt, Kompendium der Dogmatik (4. oppl., Leipzig 1873), s.256 (Berg, op.cit, 1978, s.22).

[20] Jf. 2Tess 2:15; Jud 3.

One comment on “Nokre tankar omkring Skrift og Tradisjon

  1. […] [3] For ei liste med alle innlegga, som vert oppdatert fortløpande, sjå denne sida. Eg har før skrive litt omkring det lågkyrkjelege skriftsynet på bloggen. […]

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s