Eit ‘romersk alternativ’ for lutheranarar?

Framsidebiletet til Oddie si bok

Dette er ei omsetjing, og ei lettare redigering av den engelske originalen eg publiserte for nokre dagar sidan.

For nokre dagar sidan fekk eg tak i William Oddie si bok The Roman Option.[1] Boka vart skrive i 1997, i kjølevatnet av Church of England si avgjerd i 1992 om presteordinasjon av kvinner, og den undersøkjer om det er høve for eit ‘romersk alternativ’ for ‘misnøgde’ anglikanarar. Nokre har samanlikna Oddie sitt forslag til pave Benedikt XVI si avgjerd om å la anglikanarar (med eit katolsk sinnelag) få lov til å konvertere i flokk til Den katolske kyrkja, medan dei held fast på nokre element frå si anglikanske arv,[2] og eg kjenner personleg til nokre anglikanarar som har avvist pavens forslag, og som heller vil gå til (konservative) gamal-katolske kyrkjer,[3] og nettopp refererer til pavens forslag som ‘det romersk alternativ.’ Eg har enno ikkje fått (byrja å) lest boka, men planen er å gjere det i næraste framtid. Men nokre poeng trur eg er viktig her.

Eg har lenge fundert på om det kanskje ikkje er på tide med eit ‘romersk alternativ’ for lutheranarar. Mykje av det som ein i Confessio Augustana rekna som misbruk (eit ord som forutset at det finst eit legitimt og tilsvarande bruk) er borte, og eg må inrømme at sjølv om Konkordieboka er eit interessant historisk dokument, og ein viktig del av den lutherske tradisjon, så bryr det meg særs lite kva denne meiner dersom eg ikkje er samd i det ho legg fram. Eg er medlem i Den norske kyrkja (Dnk), og er difor berre bunded til Skrifta, til dei tre oldkyrkjelege (vestlege) symbola (den apostoliske truvedkjenninga, den nikenske truvedkjenningaog den athanasianske truvedkjenninga), til Confessio Augustana og til Luthers vesle katekisme.[4] Og her finn vi også eit ‘hierarki.’ Skrifta er den norm som normerer og som ikkje sjølv er normert (norma normans non normata); resten er normer som er normert og som ikkje sjølv normerer (norma normata).[5] Eit vidare viktig punkt finn vi ved å vise til artikkel 21 i Augusburg Confession, i konklusjonen til vedkjenninga sin dogmatiske del. Der vert det hevda at «det ikkje er noko i [vedkjenninga sin dogmatiske del] som avvik frå skriftene eller frå den katolske kyrkja eller frå Romarkyrkja, slik som vi kjenner henne frå kyrkjefedrane.» (Mine uthevingar) Dersom lutheranarar ynskjer å vere ein del av ‘den katolske kyrkja,’ dersom det ‘katolske prinsippet’ skal takast seriøst, og ikkje berre vere meiningstom retorikk, må vi sjå på kva kyrkja har lært oppetter historia. Og vi må også spørje oss fire viktige spørsmål. Det fjerde spørsmålet, som er motsatsen til de tredje, er kanskje det viktigaste, og det adresserer interessene i reformasjonen, reformasjonens forhold til dagens situasjon og Kristi bøn om einskap i Joh 17:

  1. Er det rom for ein katolsk ekklesiologi i Dnk, eller lutherske kyrkjer generelt?
  2. Finst det noko slikt som ein ‘ikkje-paveleg katolisisme’?
  3. Treng vi å vere i kommunion med Rom?
  4. Er det nokre tvingande grunnar til ikkje å vere i kommunion med Rom i dagens situasjon?

Eg skal ikkje svare på dette spørsmåla her og no, men håpar at dei kan vere med til å skape litt debatt.

Med dette i bakhovudet tilrår eg å lese denne posten (og den påfylgjande diskusjonen) omkring kommentarar frå leiaren for det pavelege rådet for kristen einskap, Kurt Kardinal Koch, om eit eventuelt luthersk ordinariat.

Noter

[1] William Oddie, The Roman Option: Crisis and the realignment of English-speaking Christianity (London: HarperCollins 1997).

[2] Sjå her, her og her. For ein introduksjon til Benedikt XVI sitt forslag, sjå Wikipedia. Les også grunndokumenta, Anglicanorum Coetibus og dei komplementære normene som høyrer med. Her, her og her er lenker til dei tre (største?) katolsk-anglikanske personlege ordinariata i høvesvis England/Wales, USA og Australia.

[3] Ein person eg kjenner søkjer einskap med PNCC og Den nordisk-katolske kyrkja.

[4] Sjå Arve Brunvoll, Vedkjenningsskriftene åt Den norske kyrkja (Ny omsetjing med innleiingar og notar. Oslo: Lunde 1979). Som lekmann er eg truleg ikkje juridisk bunden til desse (lenger), men om eg vert ordinert i Dnk, vil eg vere ‘kanonisk’ bunden til dei ved ordinasjonsløftet. For nokre tankar omkring katolisiteten til Confessio Augustana, sjå Wolfhart Pannenberg, «The Confessio Augustana as a Catholic Confession and a Basis for the Unity of the Church» (i The Role of the Augsburg Confession: Catholic and Lutheran Views, ed., Joseph A. Burgess. Philadelphia, PA: Fortress Press 1980), s.27-45; Joseph Ratzinger, «Elucidations of the Question of a “Recognition” of the Confessio Augustana by the Catholic Church» (i Ratzinger, Principles of Catholic Theology. San Francisco, CA: Ignatius Press 1987), s.27-45; og Avery Dulles, S.J., «The Catholicity of the Augsburg Confession» (The Journal of Religion 63:4, 1983), s.337-354.

[5] Lat meg ‘googla’ det for deg.

One comment on “Eit ‘romersk alternativ’ for lutheranarar?

  1. […] Update: There is now a Norwegian version of this post. […]

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s