Maria som evig jomfru…?

I dag las eg ein kort diskusjon omkring forskjellige katolske dogmer, og der tok ein sjølvsagt opp spørsmålet om Maria alltid var jomfru. Før eg går inn på hovudpoenget mitt vil eg påpeike at det ikkje er ‘uluthersk’ å tru på det. I Dei schmalkaldiske artiklane, står det at Kristus «ved Den Heilage Ande, utan manns medverknad vart unnfanga og fødd av den reine og heilage jomfru Maria,» eller frå den latinske teksten: «den evige jomfru Maria» (del I:4).[1] Men dette er nok ikkje særs utbreiddt blant lutheranarar, inkludert blant lutheranarar som er ‘kanonisk bunde’ til Dei schmalkaldiske artiklane.[2] Men over til hovudpoenget mitt.

I den ovanfor nemnte diskusjonen vart eg gjort oppmerksam på ein interessant ting: Vi les om møtet mellom Maria og engelen Gabriel i Luk 1:26-38. I v.28-29 opnar engelen med ei helsing som Maria undrar seg over. Til dette svarar engelen (mi omsetjing): «Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hjå Gud. Og, sjå! Du skal verta med barn og bera ein son, og du skal gje han namnet [kalla namnet hans] Jesus.» (v.30-31) Så fylgjer det ei skildring av hans verk (v.32-33). Maria svarar overraska på dette (mi omsetjing): «Korleis skal dette skje, sidan eg ikkje kjenner noko mann?» (v.34)

Det eg vart gjort oppmerksam på, er dette: Engelen sa ikkje: «Du er gravid.» Han brukte futurumform. Det greske verbet som er omsett med «du skal verta med barn» er συλλήμψῃ (syllæmpsæ), som er 2. person, eintal, futurum, medium, indikativ av συλλαμβάνω (syllambánå), ‘å verta med barn, å verta gravid.’ Teksten gjev ikkje noko direkte indikasjon om at Maria fekk vite at dette skjedde i (hennar) notid, og kunne heller ikkje vite det i det ho spurte spørsmålet.

Sidan ho var trulova med Josef burde det ikkje koma som ei overrasking på ho at ho i framtida skulle verta med barn. Visste ikkje Maria korleis ting hang saman? Det ser ut for meg at den einaste meiningsfulle måten denne teksten kan tolkast på, er å anta at Maria visste at ho skulle verta verande jomfru; at ho hadde teke ei eid. For elles ville ho vel ikkje vorte så overraska over tanken om at ho, som trulova kvinne, i framtida skulle verta med barn? Dette heng også mykje meir logisk saman med dei eldste kjeldene vi har, som held fram at Josef var eldre enn Maria, og som seier at Jesu sysken (som aldri vert kalla Marias born) anten var hans halvsysken frå (enkemannen) Josefs fyrste ekteskap eller var hans nære slektningar (truleg syskenborn).

Noter:

[1] Sjå Konkordieboken. Den evangelisklutherske kirkes bekjennelsesskrifter (red., Jens Olav Mæland. Ny norsk oversettelse. Oslo: Lunde 1985), s. 238 (omsett til nynorsk). For ei klikkbar lenke kan ein finne Dei schmalkaldiske artiklanebookofconcord.org. Der står det at Kristus vart fødd «of the pure, holy [and always] Virgin Mary.»

[2] Den norske kyrkja er ikkje bunde til heile Konkordieboka, men (utanom Skrifta) berre til dei tre oldkyrkjelege (vestlege) symbola (den apostoliske truvedkjenninga, den nikenske truvedkjenninga, den athanasianske truvedkjenninga), til Confessio Augustana og til Luthers vesle katekisme. Sjå Kong Christian Den Femtis Norske Lov av 15. april 1687, bok 2, kap.1. Sjå også Arve Brunvoll, Vedkjenningsskriftene åt Den norske kyrkja (Ny omsetjing med innleiingar og notar. Oslo: Lunde 1979).

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s