Teksttolking

Oppdatering: Denne er også lagt inn på Verdidebatt.

I eit relativt interessant innlegg om islamistisk feminisme skriv Linda Alzaghari dette: «Islam er, i likhet med kristendommen og jødedommen, en skriftreligion, og skrifter må tolkes for å gi mening.» Eg skal ikkje ta for meg sjølve saka — islamsk feminisme — men eg skal konsentrere meg om det siste, om teksttolkinga. Men fyrst eit par ord om samanhengen mellom islam og kristendommen.

Kristendommen er ikkje ein skriftreligion på lik linje med islam. Der islam seier at Guds Ord vart skrift, ved at den eigentlege Koranen steig ned og vart fysisk (inlibrasjonen), seier kristendommen at Guds Ord vart kjøt, ved at den andre personen i guddommen, Ordet, Logos, steig ned og vart fysisk (inkarnasjonen).[1] Kristendommen har sidan dag éin vore meir oppteken av det kristne livet enn av Skrifta. Skrifta oppstod i ein allereie kristen kontekst, skrive til lokale kyrkjelydar av einskilde leiande personar innan kristendommen (Matteus, Markus, Lukas, Johannes, Paulus, Jakob, Peter og (den andre) Judas, ifylgje tradisjonen). Koranen, derimot, er sagt å vere opphavet til religionen, og nærast alt sentrerer rundt den. Så, til teksttolking.

Alzaghari har rett i at all skrift må tolkast, men ho tematiserer ikkje eit særs viktig punkt: At det finst både rimelege og urimelege tolkingar. I arbeidet med og rundt mi masteravhandling,[2] jobba eg med koherensteorien til den tysk-amerikanske filosofen Nicholas Rescher.[3] Han meiner at systematisering er essensielt for vår forståing av sanninga,[4] og ifylgje han finst det to slike modellar: foundationalisme og koherentisme.[5] Eg skal ikkje her gå inn på forskjellane. Det kan ein lese meir om i vedlegget til masteravhandlinga mi. Men eg skal heller gå inn på Reschers, og mitt, syn på koherenskriteriet.

Rescher meiner at koherentismen er ein nettverksmodell som held fram at det (i modellen) ikkje eksiterer assymetri eller hierarki mellom dei forskjellige ideane, men at ideane vert undersøkte, og rettferdiggjorte, ut frå kor koherente dei er, i forhold til andre idear. For Rescher vert sanning då ‘ideell koherens.’ Rescher seier at dette ikkje er noko vi kan oppnå fullt og heilt, at vi berre kan finne fram til «our best available estimate of the real truth.»[6] Han skil difor mellom ideell koherens på den eine sida (det som er fullstendig koherent og som korrespondearar fullt med røyndomen) og manifestert koherens på den andre (det vi veit, og aksepterar som sant).[7] Men korleis får dette nedslag i teksttolkinga?

I kap. 5 av boka Philosophical reasoning tek Rescher utgangspunkt i sin nettverksmodell, og argumenterer for det han kallar for ein ‘eksegetisk tolkingsmetode.’[8] Det fyrste Rescher gjer, og som er viktig i høve orda til Alzaghari, er å skilja mellom eksegese og dekonstruksjon. Han forkastar fyrstnemnde som uforsvarleg,[9] og hevdar at dekonstruksjonen «denies any prospect of impersonal appropriateness or objectivety in [the interpretation of texts].»[10] Han påpeiker også at dekonstruksjonen ikkje er ei tolkingshaldning, men snarare ei doktrine, «based on a group of hermeneutical views or contentions.»[11] Desse er (1) omnitekstualitet, at alt er tekst i hermeneutikken; (2) plastisitet, at det finst ei breidtt spekter av tolkingar; og (3) ekvivalens (likeverd), at alle tolkingar er like gode, dårlege eller nøytrale som alle andre. I kontrast til dette presenterer Rescher sin eksegetiske tolkingsmetode med vekt på rekonstruksjon og kontekstualitet.[12] Her held han fram fire ‘lover’ for teksttolking:[13]

1. Kontekstuell koherens, at vi må gå bort frå ei «survey of possible interpretations» til ei vurdering av rimelege tolkingar slik at ein kan «endeavor to decide which (if any) among them is optimal[14] Han held fram det viktige normativitetsprinsippet, at ei god tolking må visast å passa inn i tekstens (vidare) kontekst og at dette må gjerast så enkelt som mogeleg.[15]

2. Heilskap, at tolkinga må sjåast i ein større kontekst, som også gjev oss eit mindre utval av rimelege tolkingar. Rescher skriv: «The larger we spread the net of context – the more inclusive and extensive our reference to context – the smaller and more definite the range of really plausible interpretational alternatives becomes.»[16]

3. Raffinement, at tolkingane må systematiserast inn i eit system som kan vere vanskeleg, sjølv om det består av ‘enkle’ tolkingar. Rescher skriv: «The more substantial an interpretation – the more extensively attuned to a larger manifold of contexts – the more elaborate and internally ramified it becomes.»[17] Sanning er ideell koherens, og vi bør streve mot ei omfamning heile røyndomen.[18]

4. Imperfeksjon, at vi må forstå at vi kan ta feil, at våre system ikkje alltid er rette, men at dette ikkje betyr at vi ikkje skal streve mot ideell koherens.[19]

Mitt poeng her er at sjølv om Alzaghari har rett i at «skrifter må tolkes for å gi mening,» så gjev ikkje dette oss retten til å tolke dei heilt ut av det blå. All skrift må tolkast, men den må tolkast rimeleg, ut frå sin kontekst, og inn i sin større heilskap.

Kjelder:

Fumerton, Richard (2010). «Foundationalist Theories of Epistemic Justification.» The Stanford Encyclopedia of Philosophy (Summer 2010 Edition). Red., Edward N. Zalta. [Henta: 05.03.2013]

Gravem, Peder (2004). KRL — et fag for alle? KRL-faget som svar på utfordringer i en flerkulturell enhetsskole. Vallset: Oplandske Bokforlag

Kringlebotten, Kjetil (2013). «Do this in remembrance of me…» The sacrificial aspect of the Eucharist in the systematic theology of Wolfhart Pannenberg and Joseph Ratzinger. Master’s Thesis in Christian Studies (submitted fall 2012). Bergen: NLA Høgskolen

Kvanvig, Jonathan (2011). «Coherentist Theories of Epistemic Justification.» The Stanford Encyclopedia of Philosophy (Summer 2011 Edition). Red., Edward N. Zalta. [Henta: 05.03.2013]

Moreland, J.P. & Craig, William Lane (2003). Philosophical foundations for a Christian Worldview. Downers Grove, IL: InterVarsity Press

Rescher, Nicholas (1985). «Truth as Ideal Coherence.» The Review of Metaphysics 38:4, s.795-806

Rescher, Nicholas (1998). «The Interpretation of Philosophical Texts.» Proceedings of the American Catholic Philosophical Association 72, s.117-129

Rescher, Nicholas (2001). Philosophical reasoning: A study in the methodology of philosophizing. Oxford: Blackwell

Noter:

[1] Meir om dette her.

[2] Kringlebotten 2013

[3] Les meir om han på engelsk Wikipedia, i Internet Encyclopedia of Philosophy og på nettsidene til University of Pittsburgh.

[4] Rescher 2001:151-196; Rescher 1998:123-125

[5] Rescher 2001:171-196, jf. Fumerton 2010; Moreland/Craig 2003:112-127; Gravem 2004:343-365; Kvanvig 2011. Eg bruker termen foundationalisme sidan ‘fundamentalisme’ no har fått ei heilt anna teknisk tyding.

[6] Rescher 1985:795, jf. 800-806. Sjå også Rescher The Coherence Theory of Truth (Oxford: Clarendon 1973).

[7] Rescher 1985:804, jf. Gravem 2004:353-365.

[8] Rescher 2001:57-76

[9] Rescher 2001:57-60

[10] Rescher 2001:57

[11] Rescher 2001:58

[12] Rescher 2001:60-71

[13] Rescher 2001:71-76, jf. Rescher 1998:122-128

[14] Rescher 2001:71

[15] Rescher 2001:69-72; Rescher 1998:123

[16] Rescher 2001:73; Rescher 1998:126

[17] Rescher 2001:74; Rescher 1998:126

[18] Rescher 1985; Gravem 2004:352-365. Sjå også Wolfhart Pannenberg, Systematic Theology, vol. 1. Edinburgh: T&T Clark 1991, s.53.

[19] Rescher 1985; Gravem 2004:353-365

2 comments on “Teksttolking

  1. […] [3] For nokre tankar omkring teksttolking, les dette innlegget. […]

  2. […] det andre ignorerer dette all reglar for teksttolking. Eg skreiv ein tekst om teksttolking ei tid tilbake, og ut frå den teksten vil eg her spesielt halde fram det den tysk-amerikanske filosofen Nicholas […]

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s