Homofili på Pauli tid?

I utgreiinga til Den norske kyrkja sitt samlivsutval, og i debatten rundt denne, har det versert ei rekkje påstandar av forskjellig art. Ein av desse påstandane er at homofili, slik vi kjenner det i dag (med monogame forhold), truleg ikkje eksisterte som kategori på Pauli tid. Vi ser dette i utgreiinga (kap. 5.5.4, s. 58):

Paulus skriver om homoseksuelle handlinger, og de er i hvert fall i ytre forstand de samme også i dag. Men det virker som om han har en annen forståelse av hva som kan ligge til grunn for disse handlingene, hva som kan være deres innside, hvordan de kan oppleves av dem som handler slik. Det er forholdsvis sannsynlig at det Paulus skriver om langt på vei er noe annet enn det som vi forholder oss til i dag når temaet er homoseksualitet og homofili. Men vi kan ikke beskrive hvor omfattende ulikhetene mellom hans forståelse og vår måtte være. Dette er en utfordring for oss når vi skal tolke og gjøre bruk av disse tekstene i normativ sammenheng.

Uansett om Paulus kan ha kjent til homoseksualitet som en seksuell legning eller ikke, så virker det ikke ut fra tekstene som om han tar stilling til det som står sentralt i vår sammenheng, nemlig det homofile kjærlighetsforholdet. Det vi i det foregående har behandlet, er sammenhengen mellom seksualitet og kjærlighet. Kjærlighet handler ikke bare om sex, men først og fremst om mennesker som elsker hverandre og vil dele livet med hverandre i medgang og motgang. Under denne synsvinkelen er det ingen forskjell på hvordan mennesker opplever heterofil og homofil kjærlighet, selv om det er forskjell på homofil og heterofil seksualitet.

Dette vert også teke opp i Bjørgvin Biskop Halvor Nordhaug sitt innlegg på Verdidebatt, 11.02.2013 (publisert i Vårt Land si papirutgåve, 12.02.2013). Men stemmer desse historiske påstandane? Biskop Nordhaug er imot vigsling av samkjønna par, men eg ser ikkje korleis han kan argumentere for dette klassiske synspunktet, og samstundes godta dei premissa som ligg til grunn for det motsette synet. Men tilbake til påstandane: Er det verkeleg sant at homofili, slik vi kjenner det i dag (med monogame forhold), truleg ikkje eksisterte som kategori på Pauli tid?

Dette er ein historisk påstand som på mange måtar er avgjerande for validiteten til samlivsutvalets argument. Men eg ser ikkje kor dei faktisk argumenterer for denne påstanden. Det heiter i eit gamalt ordtak at ‘det som vert hevda utan grunngjeving, kan forkastast utan grunngjeving.’ Vi har ingen ‘plikt’ til å ta dette argument seriøst før samlivsutvalet har argumentert for, og sannsynleggjort, denne påstanden.

Det er rett at omgrepet ‘homofil’ ikkje eksisterte på Pauli tid, all den tid det er eit moderne omgrep. Men det gjorde heller ikkje omgrepet ‘heterofil.’ Skal vi då konkludere med at det ikkje fanst relasjonar i antikken som tilsvarar heterofile samliv? Spørsmålet må ikkje takast ned på omgrepsnivå. Spørsmålet må vere om det fanst noko på Pauli tid som sakleg tilsvarar det vi meiner når vi brukr omgrepet ‘homofil’ eller når vi snakkar om eit homofilt par som lever i eit monogamt forhold.

Her har t.d. Bjørn Helge Sandvei gjort ein del forsking, og han problematiserar samlivsutvalets påstand. Han skreiv mellom anna om dette i artikkelen “Bibelen og homofilispørsmålet: Et bidrag til den fortsatte samtale” i Luthersk Kirketidende, nr. 5, 2000, som er tilgjengeleg på nett, og i artikkelen “Bibelen og homofilispørsmålet” frå 2010 (pdf-fil). Eg skal ikkje gå djupt inn på argumentasjonen hans, den er å finne i desse artiklane, men vil her kort poengtere at store delar av samlivsutvalets påstand kviler på påstanden at homofili, slik vi kjenner det i dag (med monogame forhold), truleg ikkje eksisterte som kategori på Pauli tid. Dette er truleg feil, viss vi skal gå god for Sandvei sin argumentasjon, og det er ein påstand som samlivutvalet må sannsynleggjere og ikkje berre hevde, slik saka er med alle andre typar påstandar. For å igjen ta fram det gamle ordtaket: Det som vert hevda utan grunngjeving, kan forkastast utan grunngjeving.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s