Kristus er oppstaden!

Ja, han er sanneleg oppstaden!

Oppdatering: Eg har oppdatert youtube-videoen nedanfor til den nye engelske omsetjinga av messeliturgien.

God påske! Tekstane for påskenatt (Dnk) er 1Mos 1:1-5.26-31; 2:1-2; 2Mos 14:1-22; Rom 6:3-11 og Mark 16:1-8.[1]

Eg har no kome heim frå påskenattsmesse i Sandvikskyrkja i Bergen. Dette er natta då vi skal takka og prisa Herren. Vi prisar Herren får den han er, og vi takkar han for det han har gjort. Som det heiter i Exultet – påskelovsongen, etter den forma vi brukte i Sandvikskyrkja:[2]

Fryd deg du himmelens engleskare. Bryt ut i jubel, alle Guds mysterium, og lat frelsesbasunen kunngjere den store kongens siger! Gled deg, du jord, i stråleglansen frå den evige kongens herlegdom, og veit, all verda, at mørkret har fare bort. Ver glad, du Guds kyrkje, vår Mor, smykka av ljoset sine strålar, så også dette hus kan gjenlyda av folka sin mektige lovsong. (…) Ja, dette er påskefesten, då det sanne Lammet vart slakta, og med blod åt Lammet vert dei truande sine dørstolpar helga. Dette er den natta då du førde våre fedrar, Israels born, ut av Egypt og lét dei gå tørrskodde igjennom Det røde havet. (…) Å, kor underfull er den venleiken du ærar oss med. Å, kor grenselaus er di kjærlege miskunn, du som for å kjøpa trælen fri overgav Sonen. Å, sæle natt, som åleine var verdig til å kjenna timen og stunda då Kristus stod opp frå dei døde. Dette er natta som det står skrive om: “Natta skal lysa som dagen, ja, mørkret skal vera som ljoset.”

Og innimellom dette syng vi:

Dette er natta då Kristus braut dødens lekkjer og sigrande stod opp frå dødsriket.

Høyr exultet (katolsk versjon) her:

Ja, dette er natta då Kristus, Guds Ord, fullenda nyskapinga vår, og gav oss pantet på frelsa. La meg sitere eit par vers frå ein av lesetekstane i Dkk (Jes 55:10-11):

Liksom regnet og snøen fell ifrå himmelen og ikkje fer opp att dit, før dei har vatna jorda og gjeve henne grorkraft og grøde, ja, gjeve såkorn til den som skal så, og brød til den som skal eta, så er det òg med mitt ord, det som går ut or min munn. Det vender ikkje tomt tilbake til meg, men gjer det eg vil, og fullfører det eg sender det til.

Gud sende Ordet sitt då Maria gav livet og lekamen sin i teneste for Gud. “Eg er Herrens tenestkvinne. Lat det gå meg som du har sagt.” (Luk 1:38) Då vart Ordet menneske (Joh 1:14) — Ordet som var frå opphavet av (Joh 1:1), han som “har sitt opphav i gamal tid, han er frå eldgamle dagar,” som det heiter i ein av lesetekstane for julekveldsliturgien (Mika 5:1).

Vår himmelske Far sende ut Ordet, og det kom ikkje tomt tilbake til han. Han gjorde sin Fars vilje, og fullførde det som han vart sendt for å gjera. Kristus vart menneske for å ta oss med tilbake att i fanget åt Faderen, tilbake til vårt eigentlege opphav. Ja, dette er natta då Kristus lyfte mennesket opp — då han tok det tilbake til Faderen; ofra, vigsla, helga, oppstaden! Og ved han har vi også del i dette, ved vår dåp der vi døydde frå oss sjølve, og stod opp at med Kristus til evig liv! Lat oss difor tilbe Gud! Lat oss prisa han for den han er, og lat oss takka han for hans verk! Lat oss be:

Allmektige Gud, himmelske Far, vi høglovar ditt heilage namn og takkar deg for den store nåde og miskunn at du gav Son din for syndene våre og reiste han opp så vi skulle verta rettferdige for deg. Vi bed deg: Gjev oss din Heilage Ande, så vi kan leva i krafta av Kristi oppstode og etter livet her vekkjast opp til det evige livet, ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.[3]

Noter:

[1] Det er litt fleire tekstar i Den katolske kyrkja si ordning. Desse er (utan forkortingar) 1Mos 1:1-2:2; 1Mos 22:1-18; 2Mos 14:5-15:1a; Jes 54:5-14; Jes 55:1-11; Bar 3:9-15.32-4:4; Esek 36:16-17a.18-28; Rom 6:3-11; og Luk 24:1-12. Det er endå meir i Den ortodokse kyrkja.

[2] Etter den gamle ordninga for Den norske kyrkja som de kan finne i Gudstenestebok for den norske kyrkja (del I; Oslo: Verbum 1992, s. 223-243. Ordninga i Sandvikskyrkja er litt annleis, ein les t.d. ikkje evangeliet i byrjinga. Eg har omsett teksten til nynorsk.

[3] Etter gamal kollektbøn for påskedag, Dnk. (Tekstane i kyrkjeåret. Oslo: Verbum 1990, s. 235)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s