Meir om alternativ tilsyn

Eg vil gjerne ta opp att tråden frå dette innlegget, som også er publisert på Verdidebatt, basert på litt av diskusjonen der.

Spørsmålet er om vi bør innføre alternativ tilsyn; om vi bør ta på alvor det skisma som no har skjedd i Den norske kyrkja. Ifylgje ordinasjonsliturgien for prestar i Den norske kyrkja står det mellom anna at ein prest skal forkynne “Guds ord klårt og reint, som det er oss gjeve i Den heilage skrifta, og som vår kyrkje vitnar om det i vedkjenninga si.” Vidare, i ordinasjonsliturgien for biskopar, står det mellom anna at biskopen skal “ta vare på den apostoliske læra etter vedkjenninga i vår kyrkje” og “leggja vinn på å fremja og verna einskapen i Guds kyrkje.”[1] Det vi ser er altså at biskopen har eit særskild ansvar for å ta vare på læra, og verna om einskapen. Dette fordi biskopen kyrkjerettsleg sett representerer bispedømet. Spørsmålet ligg ikkje i om biskopen har private meiningar som strir mot Skrifta og kyrkja si lære, menom kva kyrkja skal halde fram som si offisielle lære, og kva biskopen som biskop offentleg skal lære og forkynne. Det er ikkje snakk om ein eller annan ‘bultmansk liberalteolog’ eller ein ny ‘Gelius,’ men om ein heilt ny kyrkjerettsleg situasjon.

Situasjonen no er at ein har, sidan Lærenemnda i 2006 (LN06) og kyrkjemøtet i 2007 (KM07), innført ei ny lære utan å fjerne den gamle, de facto og de jure, via den einskilde biskop som kyrkjerettsleg sett representerer bispedømet og som har eit særskild ansvar for å ta vare på læra, og verna om einskapen. Situasjonen er altså at vi i Den norske kyrkja har to lærer omkring ekteskap, to syn som er gjensidig utelukkande. Logikken er klar: Ein kan ikkje ha to gjensidig utelukkande, offisielle, forpliktande lærer på eit punkt og samstundes hevde å ha einskap. Den ‘konservative fløyen’ i LN06 seier det slik i ei uttaling:

I dag er det i hovedsak to uforenlige syn i kirken i denne saken. Det synet vi representerer, har vi lagt fram i delkapittel 3.6. Etter vår oppfatning foreligger det ikke noen overbevisende bibelsk begrunnelse for det alternative synet. Vi kan ikke se at to uforenlige syn kan være retningsgivende for lære, ordninger og liturgi.[2]

Poenget til Carissimi er at sidan Den norske kyrkja no har, de facto og de jure, innført to lærer, må dette også bli uttrykt kyrkjerettsleg ved alternativ tilsyn, slik ein gjorde i Church of England. I Church of England var det hovudsakleg kvinneprestspørsmålet som førte til det største skisma. I 1992 bestemte Church of England, ved kyrkjemøtet (the General Synod), at ein skulle opne for kvinneprestar. For å få dette i hamn, for å få fleirtal for synet, og for ikkje å mista medlemmer (noko som likevel skjedde i relativt store tal), gav ein kyrkjelydande/sokna høve til å innføre tre resolusjonar (eller berre éin eller to):

  • Resolution A: That this Parochial Church Council would not accept a woman as the minister who presides at or celebrates the Holy Communion or pronounces the Absolution.
  • Resolution B: That this Parochial Church Council would not accept a woman as the incumbent or priest-in-charge of the benefice or as a team vicar for the benefice.
  • Resolution C: This Parochial Church Council resolves to petition the Diocesan Bishop, requesting that Episcopal duties in the parish should be carried out in accordance with the Episcopal Ministry Act of Synod 1993.

Det siste er altså at nokre kyrkjelydar ikkje ville stå under sin regionale biskop, og søkte alternativt tilsyn frå ein såkalla Provincial episcopal visitor (PEV, på folkemunne kalla ‘flying bishop’). Dette har fungert greit sidan dette vart sett inn, og eg ser ikkje kvifor dette ikkje skulle fungere i Den norske kyrkja også. Det er nettopp dette Carissimi vonar på. I handlingsprogramet “Carissimi kaller” står det, i 3b at vi som er med i Carissimi “vil forsake å motta nattverd i gudstjenester der vranglærende biskoper/prester gjør tjeneste. Prestene vil konsekvent avstå fra prestetjeneste i gudstjenester sammen med vranglærende biskoper og prester.” I 3c står det at vi som er med i Carissimi “vil meddele de vranglærende biskopene (individuelt og kollektivt) at vi ikke lenger har tillit til deres læremessige tilsyn.” Og i 5 står det at “Carissimi oppretter etter valg et interimstilsyn som en nødordning og vil søke økumenisk bistand for å gjenvinne et reelt apostolisk biskoppelig tilsyn og arbeide selvstendig med å få dette på plass.”

Grunnen til 3b er at det er ved nattverdbordet at vi uttrykker vår einskap med kvarandre, og med Gud (jf. 1Kor 10:16-17). Og viss denne einskapen ikkje eksisterer, ved at vi har forskjellige syn på kva evengeliet er, så kan ein heller ikkje dele nattverdbordet. Her er det viktig å understreke at dette ikkje er noko som blir gjort mot lekfolk ein er usamde med. For Carissimi er det ikkje så viktig kva den einskilde måtte meine privat. Men det er noko anna når det er snakk om prestar og biskopar, då desse i ordinajsonen har forplikta seg på eit læreembete, og difor ikkje skal lære vrangt. Spørsmålet er ikkje nødvendigvis kven som har rett, men om at logikken tilseier at dersom skisma er der, må vi ta omsyn til det om vi likar det eller ikkje.

Noter:

[1] Gudstenestebok for Den norske kyrkja, del 2. Oslo: Verbum 1996, s. 169.210.

[2] Skriftforståelse og skriftbruk med særlig henblikk på homofilisaken. Uttalelse fra Den norske kirkes lærenemnd i sak reist av Møre biskop. Oslo: Kirkerådet, Den norske kirke 2006, s.125, mi utheving.

One comment on “Meir om alternativ tilsyn

  1. […] har eg hevda mange gonger, m.a. her, her, her, her, her og […]

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s