Rom 15:16 og dåpen

For tida held eg på med ein artikkel ut frå masteroppgåva mi. (Trykk her for den.) Eg er såpass heldig at eg, på grunn av ‘studiepoengsoverskot,’ har ferie allereie.😉 I den artikkelen arbeider eg kort med Rom 15:16 der Paulus skriv til kyrkjelyden i Rom om den nåden han har fått frå Gud “til å vere Kristi Jesus tenar for folkeslaga. Eg opererer som ein prest med Guds evangelium, slik at ofringa åt folkeslaga kan verta hugnadleg, helga i Den Heliage Ande.” (Omsetjing og utheving av underteikna) Eg skal ikkje gå djupt inn på denne no, dels i fare for å skrive for mykje ut frå artikkelen min. Men nokre poeng er sentrale.

På bloggen til Harald Hauge var det for ei til tilbake ein interessant dåpsdiskusjon. Der hevda Hauge at det er eit problem i dagens nye dåpsordning (Dnk) at dei såkalla ‘medliturgane’ er prioritert som lesarar av Ordet om dåpen og trua (Matt 28:18-20), før sjølve dåpshandlinga. Han meinte at dette var uheldig, sidan det kan ha ei embetsteologisk slagside:

I liturgiboka står denne teksten angitt med rubrikken ML/L, noe som betyr at man anbefaler at en annen en presten leser denne teksten. Men i og med at dette er det nærmeste man kommer innstiftelsesord i dåpssammenheng, og i og med at dette er ordene som inneholder det løftesordet som dåpssakramentet retter seg til og som troen skal gripe – “Jeg er med dere alle dager inntil verdens ende.” – kan jeg ikke skjønne annet enn at lesningen av disse ordene er en selvsagt oppgave for hovedliturgen, på samme måte som Verba er det under nattverdliturgien. Derfor insisterer da også jeg på å lese disse ordene selv, og jeg vil oppfordre alle mine prestekolleger til å gjøre det samme. Medliturgs medvirkning – fra dåpsfølget eller andre – sikres godt gjennom alle de andre mulighetene, så som lesningen fra Mark 10, lesningen av takkebønn, tørking av dåpsbarnets hode, tenning av dåpslys og så videre.

Hauge fekk litt ‘pes’ for dette i diskusjonen, der det vart påpeikt at det næraste vi kjem nattverdens innsetjingsorda i dåpen ikkje er Ordet om dåpen og trua, men sjølve dåpsformularet: “Etter vår herre Jesu Kristi ord og bod døyper eg deg til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande.” Her er eg samd, men likevel meiner eg at Hauge har eit poeng, som vi kan sjå i høve Rom 15:16. Her ser vi at Paulus framtrer som den prest som, på vegner av kyrkja, ber fram kyrkjelyden som offer, jf. Fil 2:17: “Ja, om så eg sjølv skal ofrast når eg gjer altarteneste og ber dykkar tru fram som offer, er eg likevel glad og gleder meg saman med dykk alle.” (Bibelselskapet 2011, mi utheving) Dette er ofte knytt til nattverden, men den bør også knyttast til dåpen. I dåpen vert ein borne fram som offer; ein blir gjeve over til Gud, og kan så gje seg opp att og opp att (jf. Rom 12:1; 1Pet 2:5). Men sjølv om ein kan gje seg til Gud, i bøn, i lovsong, etc. utan ein ordinert prest, er det nettopp presten som er den som er sett inn som Kristus- og kyrkjelydsrepresentant.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s