Katolsk og luthersk syn på evkjaristien

I Dagen 16. april hadde Egil Sjåstad, fyrstelektor ved Fjellhaug Internasjonale Høgskule, eit firesiders innlegg (s.20-23) om forskjellane mellom katolsk og luthersk syn på ei rekke saker: (1) Forholdet til Skrifta; (2) rettferdiggjeringslæra; (3) evkjaristien, nattverden; (4) embetsforståinga; og (5) jomfru Maria, helgnar, skjærseld med meir. Eg finn det interessant, kanskje symptomatisk, at dei tre siste punkta vart raska saman under éi og same overskrift. Men eg vil her fokusere på punkt 3 og 4, som heng tett saman, og som i stor grad var tema for masteravhandlinga mi. Eg er samd i at det finst nokre sentrale forskjellar mellom katolsk tenking på dette området og det eg vel å kalle den tradisjonelle lutherske posisjonen, dvs. den posisjonen som vart halde fram m.a. av Luther, Melanchthon, Chemnitz, dei tidlege lutherske kyrkjelydane, etc. Sjåstad skriv at evkjaristien «er etter katolsk syn både et sacrificium (et offer til Gud) og sakrament (Guds gave til oss),» medan ein frå Luthersk side, ifylgje Sjåstad, ser på evkjaristien «utelukkende [som] en gave fra Gud, ikke noe vi gir til ham.» (s.22) Vidare poengterer han at Luther seier at «innstiftelses-ordene er sakramentets tolk,» og at sacrificium-aspektet difor vert utelukka fordi Kristus seier at hans lekam og blod er gjeve «for dykk.» Men her meiner eg at Luther sin eksegese er kritikk-verdig. Det er her ein viktig forskjell mellom tradisjonell luthersk og katolsk teologi. I klassisk luthersk teologi har ein sagt at innsetjingsorda er testamentum, ‘lovnadsord’ gjeve til kyrkja.[1] Fokuset er då primært på evkjaristien som ei gåve til kyrkja. Eit godt døme på slik tenking finn vi i ein av nattverdsliturgiane til Lutheran Church—Missouri Synod (LCMS). Rett før innsetjingsorda seier presten/pastoren: «In the name of our Lord and saviour Jesus Christ, at His command, and with His own words, we receive His testament.»[2] I katolsk tenking, derimot, er innsetjingsorda definert som ein integrert del av evkjaristibøna som i heilskap er retta mot Gud.[3] Her hevdar ein at Kristus vert ofra til Gud ved evkjaristifeiringa, slik vi ser i innsetjingsorda (som der er retta eksplisitt mot Gud). Her frå evkjaristibøn 1, omsett til nynorsk:

Dagen før han leid, tok han brødet i sine heilage og ærverdige hender, lyfta augo sine mot himmelen til deg, Gud, sin allmektige Far takka og velsigna, braut brødet, gav det til læresveinane sine…

I masteravhandlinga mi (s. 90-95.105-111) gjorde eg ein lingvistisk analyse av innsetjingsorda og kom fram til den konklusjonen at desse orda i sin originale kontekst må forståst med Gud som primærobjekt (han er objektet for takken og velsigninga, og Kristi lekam og blod, under skapnaden (ty. der Gestalt) åt brød og vin, for å bruke formuleringa frå den tyske teksten til Confessio Augustana (CA), art 10,[4] er primært gjeve for oss, ikkje primært til oss). Dette betyr ikkje at dei ikkje også vert gjeve til oss, idet vi et og drikk. Men dette kjem då som ein konsekvens, eit tilsvar, til handlinga. Eg kan ikkje ta opp alt eg skreiv der, men her fylgjer nokre tankar med utangspunkt i dette, og med utgangspunkt i Luthers eksegese av innsetjingsorda.

Vi les frå 1Kor 11:23b-25:

Den natta Herren Jesus vart sviken tok han eit brød, og då han hadde takka, braut han det, og sa: «Dette er min lekam som er for dykk; gjer dette til minne om meg.» Like eins tok han kalken etter måltidet, medan han sa: «Denne kalken er den nye pakta i mitt blod; gjer dette, så ofte de drikk av han, til minne om meg.»

Spørsmålet er: Kva betyr det at Kristi lekam (og blod) «er for dykk» eller «er gjeve for dykk»? Eg meiner dette må lesast i lys av krossofferet. På krossen gav Kristus seg for oss, men til Gud. Her meiner eg Luther (og Sjåstad) ikkje har tenkt godt nok over preposisjonsbruken. Dersom Kristus ved innsetjinga av nattverden sa at hans lekam og blod, under skapnaden åt brød og vin, var gjeve ‘for dykk,’ impliserer dette at dei ikkje er gjeve ‘til dykk,’ at mottakaren av Kristi handlingar under det siste måltidet ikkje var apostlane, men Gud, og at apostlane vart sett inn for å gjere det Kristus gjorde. Det er interessant at på dei tre plassane vi finn omgrepet ‘gjer dette til minne om meg’ (Luk 22:19; 1Kor 11:24.25), finn vi ingen imperativ om å ete eller drikke.

I den greske teksten som ligg til bakgrunn for m.a. King James-utgåva og vår heimlege Bibelen Guds Ord, den såkalla ‘overleverte teksten’ (Textus Receptus), finn vi, i 1Kor 11:24, verbparet «ta, et» (Λάβετε, φάγετε), men dette finn vi verken i Luk 22 eller i dei eldste kopiane av 1Kor. Bruce M. Metzger poengterer at det er særs lite truleg at Λάβετε, φάγετε var med i den originale utgåva av 1Kor 11:24.[5] Men dersom denne imperativen ikkje viser til eit måltid, kva viser den til? Vi finn ikkje noko imperativ om å ete eller drikke verken hjå Paulus eller Lukas, og når Kristus seier «gjer dette til minne om meg,» er det klart at dette ikkje viser til etinga eller drikkinga, men til det Kristus sjølv gjorde. Her kan den engelske teologen og liturgikaren Dom Gregory Dix vere til hjelp. Han identifiserer eit sjufaldig mønster:[6] Kristus (1) tok eit brød, (2) takka, (3) braut brødet, (4) sa «dette er min lekam som er for dykk; gjer dette til minne om meg,» (5) tok kalken, (6) takka, og (7) sa «denne kalken er den nye pakta i mitt blod; gjer dette, så ofte de drikk av han, til minne om meg.» Han viser vidare til ei seinare, ‘nedkorta’ (liturgisk) utgåve:[7] (1) ta brød og vin (offertoriet); (2) takka (evkjaristibøna); (3) bryt brødet (brødsbrytinga); og (4) del ut elementa (kommunionen, altargangen). Der nokre kommentatorar fokuserar på minnet (som omgrep),[8] fokuserer Regin Prenter på på imperativen «gjer dette.»[9] Han poengterer at Kristus seier «dette er min lekam/mitt blod» og «gjer dette,» og seier at vi skal ‘gjere brødet’ og ‘gjere kalken,’ dvs. at vi skal gjere det Kristus gjorde.[10] Vi skal altså (1) ta brød og vin, (2) ofre brødet og vinen til Gud idet vi takkar for dei og velsignar han for dei gåvene han har gjeve; (3) bryte brødet; og (4) dele dei vigsla gåvene ut til kyrkjelyden.

Det er klart at primærobjektet for Kristi handlingar (som apostlane skulle ‘etterlikne’) var Gud. Han er objektet for takken og velsigninga, og Kristi lekam og blod, under skapnaden åt brød og vin, er primært gjeve for oss, ikkje primært til oss. Som sagt oppfor betyr ikke dette også at vi er objekt, idet vi et og drikk, men dette kjem som ein konsekvens, eit tilsvar, til handlinga.

For å skjøna dette, må vi definere kva vi meiner med ‘offer.’ I masteravhandlinga mi (s. 78-82) gjev eg ein firedelt definisjon av offer i bibelsk samanheng, ein firedeling som både kan appliserast på offer generelt, på Kristi offer, og på nattverden, i alle fall etter katolsk tenking. Desse er:

  1. Førebuinga/framberinga, at noko vert bore fram som offer.
  2. Konsekrasjonen/vigslinga, at offeret vert dedikert til Gud, ofte ved at ein slakta det.
  3. Presentasjonen, at offeret vert lyfta fram, presentert for Gud. Dette kan skje i og med konsekrasjonen, men det kan også ‘skiljast’ frå dette, slik vi ser på Yom Kippur, 3Mos 16, når øvstepresten fyrst dedikerer eller konsekrerer offeret før han presenterer dette (ved blodet) i det høgheilage (v.15). Dette vert reflektert i Kristus, ved at han, etter konsekrasjonen (krossofferet), presenterer seg sjølv i det høgheilage, noko som framleis held fram (Hebr 7:24-25; 8:1-3; 9:11-12.24).
  4. Deltakinga, som ikkje er del av offeret, men av mottaket av offeret. Gud tek del i offeret ved Kristi sjølv-presentasjon, vi tek del i det ved kommunionen.

Det viktige å påpeike er at nr. 1 og 2 ikkje kan gjerast på nytt, både av praktiske og teologiske grunnar. Har du gjeve ei gåve, er ho ikkje lenger di. Og dersom denne er fullkomen, treng ho ikkje konsekrerast på nytt, og det trengs heller ikkje fleire konsekrasjonar. Dette ser vi i krossens ἐφάπαξ (‘éin gong for alle,’ Hebr 7:27). Men ordet som her er brukt om offeret er ἀναφέρω, å ‘lyfte opp, oppofre, konsekrere,’ som i det greske GT (Septuaginta) målber det å ofre noko opp på altaret (dvs. punkt 2). I Hebr 8:3, derimot, ser vi at den evige framberinga vert målbere av προσφέρω, ‘å bere fram, presentere,’ som i det greske GT (Septuaginta) anten målber den innleiande ofringa (punkt 1) eller presentasjonen av det vigsla/konsekrerte offeret (punkt 3). Eitt og same offer — som både er sonoffer og takkoffer — vert presentert, og vi kan ta del i dette ved å prise Gud ved Kristus.

For å skjøna katolsk lære omkring messeofferet må vi hugsa på at dei meiner at (1) Kristus er fullt og heilt (substantielt) nærverande i nattverdssakramentet med heile sin person; (2) Kristus ber seg fram i den himmelske heilagdomen (jf. Hebr 8:1-3); (3) kyrkja tek del i Kristus ved at ho ofrar seg ved han, til Faderen; (4) presten, som opererer in persona Christi, i Kristi stad, ber fram nattverdsbøna; (5) nattverdsfeiringa er ei deltaking i ‘den himmelske liturgien’ (jf. punkt 1-2); og (6) nattverdsbøna, inkludert innsetjingsorda, er primært retta mot Gud Fader. Eg meiner messeofferet fylgjer logisk av desse punkta, og eg meiner alle desse punkta kan forsvarast. Men det er viktig å påpeike at dette ikkje inneberer ei ‘re-ofring’ eller ein ‘re-krossfesting’ av Kristus. Det er ein karikatur.

Det er snakk om at vi, som kyrkje, gjer det Kristus gjorde: Vi ofrar brød og vin til Gud i takk og velsigning (med Gud som objekt for velsigninga), og i feiringa tek vi del i Kristi sjølv-offer i himmelen (jf. Hebr 8:1-3). Eg vonar dette kan skape litt meir forståing av katolsk tenking på dette området.

Noter:

[1] Frank C. Senn, «Martin Luther’s Revision of the Eucharistic Canon in the Formula Missae of 1523» (Concordia Theological Monthly 44), s.103-105 (101-118); Carl Fr. Wisløff, ««Des Sacraments ym Wortt warnemen». Svar til biskop Bjarne Skard» (Tidsskrift for teologi og kirke 26, 1955), s.164-165 (160-173), jf. masteravhandlinga mi (s. 104-105).

[2] Lutheran Service Book (Prepared by The Commission on Worship of LCMS. St Louis, MO: Concordia Publishing House 2005), s.217.

[3] Joseph Ratzinger, The Spirit of the Liturgy (San Francisco, CA: Ignatius Press 2000), s.171-177, jf. Kringlebotten 2013:105. For ei god gjennomgang av den primære (vestlege) katolske evkjaristibøna, sjå Milton Walsh, In Memory of Me: A Meditation on the Roman Canon (San Francisco, CA: Ignatius Press 2011).

[4] Sjå den tyske teksten til CA, jf. Arve Brunvoll, Vedkjenningsskriftene åt Den norske kyrkja (Ny omsetjing med innleiingar og notar. Oslo: Lunde 1979), s. 50.

[5] Metzger, A textual commentary on the Greek New Testament. Corrected ed. London: United Bible Societies 1975, s.562.

[6] Dom Gregory Dix, The Shape of the Liturgy (Second ed. London: A&C Black 1945, reprint 1975), s.48.

[7] Ibid., s.48-50.

[8] Til dømes i Anthony C. Thiselton, The First Epistle to the Corinthians (Carlisle: Paternoster Press 2000), s.878-882.

[9] Regin Prenter, «Det eukaristiske offer,» i Nattverden i menighetens liv (Trondheim: Andaktsbokselskapet 1977), s.76-83.

[10] Ibid., s.76-78.

2 comments on “Katolsk og luthersk syn på evkjaristien

  1. […] dette, ved Kristus, kan vi gå fram for Gud, i takkseiing, i lovprising, i tilbeding. (Les gjerne her, for nokre tankar omkring nattverdsteologi.) Evangeliet, dei gode nyhendene, som eg har skrive litt […]

  2. […] ikkje nødvendigvis er eit probem innan luthersk tenking. For dette, sjå masteroppgåva mi, samt dette, dette og dette […]

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s