Bedehuskirken om nattverden

Ein kamerat sendte meg denne pdf-filen som omhandla Herrens måltid, nattverden, frå Bedehuskirken. Bedehuskirken er ein forsamling i Bryne, som er medlem av Indremisjonsforbundet, ImF, som ikkje må verta blanda saman med desse eller desse.😉 Eg fekk spørsmål om eg kunne kommentere litt på dette dokumentet, og det skal eg gjere.

Eg synst det i hovudsak var god lesing, men nokre punkt er eg usamd i.

Minnemåltid

Bedehuskirken skriv (s.2, i seksjonen “Hva er/betyr Herrens måltid i dag?”): “Minnemåltid – minnes hvem Jesus er, og hva han har gjort for oss. 1.Kor. 11,24.”

Dette verset samt Luk 22:19 og 1Kor 11:25, vert ofte halde fram som grunngjeving for at nattverden er eit ‘minnemåltid’ der vi skal ‘minnast Kristus.’ Men kva betyr eigentleg dette? Spørsmålet er altså kva Kristus meiner med “gjer dette til minne om meg.” Eg tok opp dette i eit innlegg eg publiserte på fredag, dels basert på masteravhandlinga mi. Eg vil tilrå å lese dette innlegget for ei litt meir utførleg gjennomgang. Oppsummert kan vi seie at det Kristus gjorde var, i nedkorta versjon, å (1) ta brød og vin; (2) takka og velsigna Gud for desse gåvene; (3) bryta brødet; og (4) dele ut gåvene. Dersom vi eksegerer bibelteksten er det helt klart at det var dette apostlane fekk beskjed om å gjere. Dei fekk beskjed om å gjere dette, dvs. ‘gjere brødet og vinen,’ som igjen betyr å gjere dei fire tinga som er presentert oppfor.[1] Poenget er altså at det vi skal gjere ‘til minne om’ Kristus ikkje er å ete eller drikke, men å (1) ta brød og vin; (2) ofre brødet og vinen til Gud idet vi takkar for dei og velsignar han for dei gåvene han har gjeve, ei bøn som vi trur Gud vil svare på ved å la elementa verta vigsla, jf. 1Tim 4:4-5; (3) bryte brødet; og (4) dele dei vigsla gåvene ut til kyrkjelyden. Måltidet kjem som ein konsekvens av, eit tilsvar til, dette. (Dette har også implikasjona for det som kjem nedfor, om utforminga av liturgien.)

Forrettinga av nattverden

Bedehuskirken skriv (s.3, i seksjonen “Hvem kan forette Herrens måltid?”): “Alle kristne, uavhengig av alder, kjønn og posisjon.”

Dette er ein posisjon som er særs vanleg blant meir lågkyrkjelege kristne, men som ikkje har ei lang historie. Ifylgje Joseph A. Jungmann,[2] var det ikkje måltidsaspektet, men eukaristi-aspektet (velsigninga av og takken til Gud) som er nattverdens kjerne. Ifylgje Ratzinger (meir kjent som pave Benedikt XVI) påpeika Jungmann at

even in the most ancient forms the eucharistia—the prayer of anamnesis in the shape of a thanksgiving—is more prominent than the meal aspect. According to Jungmann, the basic structure, at least from the end of the first century, is not the meal but the eucharistia; even in Ignatius of Antioch this is the term given to the whole action.

Ratzinger poengterer også at Jungmann har vist at “linguistically speaking, Luther’s use of the word “Supper” [Abendmahl] was a complete innovation.”[3] Ratzinger viser til forskinga til H. Schürmann,[4] og påpeiker at innsetjinga sin kontekst var eit måltid, men ikkje berre dette, og at den evkjaristiske handlinga (det vi gjer til minne om Kristus) “had a relatively autonomous existence and significance in contrast to the meal event.”[5]

Posisjonen til Bedehuskirken baserer seg truleg på ein tanke om at Kristus snakka til kyrkja som heilskap når han sa ‘gjer dette til minne om meg’ og at leiarskapet i kyrkja ikkje hadde noko spesiell rolle i så høve. Men les vi bibelteksten er det jo klart at Kristus snakka til apostlane. Då må vi spørje: Snakka han til dei som apostlar eller som kristne? Dette kan vi ikkje lese direkte av teksten, og vi har då ikkje noko grunnlag, ut frå den einskildsteksten, for å hevde anten at alle kristne, eller berre dei autoriserte, kan forrette nattverden. Det vi då må gjere, er (1) å lese dette spørsmålet ut frå ein større eksegetisk og bibelteologisk samanheng, og (2) sjå på korleis ein svara på dette spørsmålet i ur- og oldkyrkja. Det vesle vi ser om forrettinga av nattverden i Skrifta peiker på ei meir ‘høgkyrkjeleg’ forståing. For det fyrste ser vi at påskemåltidet, som Bedehuskirken viser til som nattverdens bakgrunn (s.2), alltid vart forretta av husets herre, av husfaren. For det andre ser vi at Paulus skriv til kyrkjelyden i Filippi om “når eg gjer altarteneste og ber dykkar tru fram som offer” (Fil 2:17). Desse kan ikkje brukast til å slå fast noko direkte, men om vi ser heilt tidleg i oldkyrkja, ser vi at synet heilt klart er meir ‘høgkyrkjeleg.’ I eit brev til kyrkjelyden i Smyrna, i Vesle-Asia, skrive ein gong mellom 107-110, skreiv Ignatius av Antiokia:

Ingen må utan samtykket åt biskopen ta seg noko føre i dei tinga som vedkjem kyrkjelyden. Den nattverden som vert leia av biskopen eller av den han sjølv har gjeve fullmakt til, skal ein halda for gyldig. Der som biskopen viser seg, må kyrkjelyden vera, liksom den katolske kyrkja er der som Kristus Jesus er. Det er ikkje tillate å verken døypa eller å ha kjærleiksmåltid utan biskopen.[6]

Her ser vi at for Ignatius har biskopen ein klar autoritet. George Edmundson skriv at for Ignatius er bispeembetet “of the very esse and not merely of the bene esse of the Church.” For Ignatius er ei kyrkje utan tredelinga biskop, presbyter og diakon “no Church deserving of the name.”[7] Kyrkja si esse er hennar vere, eller eksistens; det ho er i seg sjølv. Kyrkja si bene esse er hennar velvere; det som er til beste for henne, men som ho kan overleve utan. Embetet er altså ein del av kyrkja sin essens, del av hennar eksistensgrunnlag, og ikkje berre ei god ordning. Dette er altså skrive så tidleg (i år 107-110) at vi ikkje kan ignorere det.

Den mest trulege tolkinga av innsetjinga av nattverden meiner eg difor er at apostlane mottok befalinga frå Kristus som apostlar, og ikkje generelt som kristne, og at dei førde dette vidare gjennom å autorisere personar, slik som t.d. Timoteus, Polykarp, etc.

Utforminga av liturgien

På s. 4-5 finn vi utforminga av liturgien. Eg skal ikkje bruke mykje tid på dette, men det er éin ting som skin gjennom her: Alt fokus er på måltidet, der dei faste ledda (innsetjingsorda, sjølvransakinga, utdelingsorda og avsluttingsorda) nærast berre vert ei bordbøn, eit påfylgjande ‘ver så god og et,’ og så ei takk-for-maten-bøn. Som poengtert oppfor er dette eit snevert perspektiv som ikkje tek omsyn til verken konteksten for innsetjinga av nattverden, og heller ikkje tenker over det faktum at måltidet som nattverdens kjerne er ein tanke som ikkje har sitt opphav verken i Skrifta eller i den tidlege kyrkja. Her var måltidet alltid sett på som ein konsekvens av, eit tilsvar til, nattverdens kjerne: det vi gjer til minne om Kristus, nemleg å (1) ta brød og vin; (2) ofre brødet og vinen til Gud idet vi takkar for dei og velsignar han for dei gåvene han har gjeve, ei bøn som vi trur Gud vil svare på ved å la elementa verta vigsla, jf. 1Tim 4:4-5; (3) bryte brødet; og (4) dele dei vigsla gåvene ut til kyrkjelyden.

Noter:

[1] For nokre tankar omkring dette vil eg tilrå å lese den danske lutherske teologen Regin Prenters artikkel “Det eukaristiske offer” som er å finne i boka Nattverden i menighetens liv (Trondheim: Andaktsbokselskapet 1977), s.76-83.

[2] The Mass of the Roman Rite, 2 bind (New York 1951, 1955); “‘Abendmahl’ als Name der Eucharistie” (Zeitschrift für Katholische Theologie 93, 1971), s.91-94, jf. Joseph Ratzinger, The Feast Of Faith: Approaches to a Theology of the Liturgy (Translated by Graham Harrison. San Francisco, CA: Ignatius Press 1986), s.33-36.

[3] Ibid., s.37. Sjå n.8.

[4]“Die Gestalt der urchristlichen Eucharistiefeier” (i Ursprung und Gestalt. Erörterungen und Besinnungen zum Neuen Testament, Düsseldorf 1970), s.77-99.

[5] Schürmann, op.cit., 83-84. Sitert in The Feast Of Faith, op.cit, s.40.

[6] Ernst Baasland & Reidar Hvalvik (red.), De apostoliske fedre (I norsk oversettelse med innledninger og noter. Oslo: Luther 1997), s. 67 (omsett til nynorsk av underteikna).

[7] George Edmundson, The Church in Rome in the First Century. Grand Rapids, MI: Christian Classics Ethereal Library 2000, s.151 [pdf-fil, henta 22.04.2013].

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s