Kva legitimerer skisma?

Her skal eg ta opp spørsmålet om kva som legitimerer skisma, i bibelsk forstand. Dette er eit sentralt spørsmål som går inn i kjerna i forholdet mellom Den katolske kyrkja og protestantiske kyrkjer. Dette går også inn på spørsmålet om eit indre skisma i Dnk, som er sentralt for meg personleg som medlem (underskrivar) av Carissimi.[1] Eg vonar denne teksten kan skape litt debatt.

Vi byrjar med nokre skarpe formaningar frå Paulus: «Eg legg dykk på hjartet, sysken, at de må halda auge med dei som skaper splitting og får dykk til å falla frå den læra de har teke imot. Hald dykk ifrå dei! Slike menneske tener ikkje Herren Jesus Kristus, men sin eigen mage. Med fine ord og lokkande tale forfører dei slike som er godtruande av hjartet.» (Rom 16:17-18)[2] Dette er harde ord, men det er éin ting som er interessant her. I debattar omkring Carissimi si nattverdsforsaking (noko media har endra til ‘nattverdnekt’) har eg ofte fått spørsmålet om kvifor ein bruker nattverden og messa som ‘kamp- og demonstrasjonsarena.’ Biskop Pettersen skreiv t.d. om dette på Verdidebatt:

Det tegnes et bilde av meg som jeg ikke kjenner meg igjen i. Jeg kalles vranglærer. Prestene i Carissimi sier de ikke kan feire gudstjeneste sammen med meg uten å lyve om en kirkelig enhet som ikke er til stede. Kirken kan med meg som biskop ikke regne seg som sann og apostolisk, det må opprettes et alternativt, vernet rom der jeg bare kan være til stede som en som blir formant til å vende om.

I møte med dette er jeg glad for at jeg er luthersk teolog: At jeg står i en tradisjon som klart bekrefter at enighet om evangeliet er det vesentlige for enhet i kirken. At jeg er en del av et kirkefellesskap som også overfor kristne i andre kirkesamfunn har et åpent nattverdbord. Den norske kirke bekjenner seg til at vi ikke skal splitte det Gud forener i sakramentalt fellesskap med sin Sønn.

Nokre små poeng er på sin plass: Det er ikkje spesielt ‘luthersk’ å ha eit ope nattverdsbord. Eg kan t.d. nemne at Evangelical Lutheran Church in America (ELCA) og The Lutheran Church—Missouri Synod (LCMS) ikkje har kommunion. Er dette ‘uluthersk’? Men poenget til Carissimi er at dette ikkje er ein ‘demonstrasjon,’ i den meining dette ordet vanlegvis vert brukt. Etymologisk sett, derimot, er det nok kanskje ein ‘demonstrasjon,’ ei synleggjering av det skisma som allereie er der, eit skisma som ikkje er skapt av Carissimi, men av dei som sjølv lærer vrangt. Som vi ser i teksten frå Romarbrevet (16:17-18) er det nettopp vranglærarane sjølv «som skaper splitting.» Einskapen og freden i kyrkja er eit guddomleg mandat,[3] men denne einskapen er ikkje berre ein ytre einskap, eit ‘skal,’ eit ytre bilete. Det er ein einskap som fyrst og framst er grunna i Kristus, og på hans sending frå Faderen, og deretter på apostlane, på deira sending frå Kristus. Og denne einskapen får, som vi ser i Apg 2:42, eit konkret uttrykk i fire sentrale punkt, som også er delt i to einingar (1-2 og 3-4): (1) læra åt apostlane, (2) fellesskapet, (3) brødsbrytinga, og (4) bønene. Det er altså ein læremessig, organisatorisk, sakramental og liturgisk einskap. Desse punkta, som heng saman, er som sagt også delt inn i to einingar. Det står at dei fyrste kristne heldt seg «til læra åt apostlane og til fellesskapet; til brødsbrytinga og til bønene.»[4]

(1) Fyrst ser vi at læra og fellesskapet heng saman, og dette trur eg kjem særleg til uttrykk i dei fire kjenneteikna på kyrkja som vi finn i Nikenum, at vi har «éi, heilag, katolsk og apostolisk kyrkje.» Kyrkja sin einskap byggjer på at vi har éin Herre og éi lære, og at vi held saman. Å vere heilag meiner eg ikkje primært er etisk å forstå, sjølv om det har ein etisk dimensjon. Eg trur det primært handlar om at vi som kristne, i dåpen, vart helga, at vi vart utvalt, utskilt frå denne verda og teke inn i Guds familie. Den etiske dimensjonen kjem til uttrykk som eit tilsvar til evangeliet (som ei truskap til den krossfeste, oppstadne og opphøgde Herren Jesus Kristus), slik N.T. Wright har påpeika, mellom med ei tilvising til Ef 2:8-10.[5]

Det katolske og apostoliske meiner eg er eit klart uttrykk for den ytre dimensjon – at kyrkja har overlevert den same, apostoliske, lære, at vi, i Vincent av Lerins ord, har «den trua son har vorte trudd over alt, alltid, av alle.»[6]

(2) Deretter ser vi at denne læremessige og organisatoriske einskapen får eit utvendig-liturgiske uttrykk. Einskapen manifesterer seg primært i nattverdsfeiringa og kjem vidare til uttrykk i den offentlege tilbedinga av Den treeinige Gud.

Desse fire punkta heng saman, men må, trur eg, forståast hierarkisk: Kyrkja, som har sin grunn i Kristus og i hans kall, hans helging, i evangeliet (jf. Apg 2:37-41), byggjer på læra åt apostlane, er organisert i ein fellesskap, manifesterer seg primært i nattverdsfeiringa og kjem vidare til uttrykk i den offentlege tilbedinga av Den treeinige Gud.

Vi kan ikkje kvitte oss med éin av desse og samstundes hevde å vere eitt, men det er viktig å sjå desse i forhold til kvarandre. Etter vårt kall og vår utveljing i Kristus, gjeve oss i dåpen, er læregrunnlaget det heilt grunnleggjande, og det er difor Skrifta held fram vranglæra som det klart mest alvorlege i høve skisma.

Men dette burde mane til refleksjon. Dersom det stemmer, slik eg har høyrt i forskjellige samanhengar, og som vi også finn i fagdebatten,[7] at det store skiljet mellom katolikkar og protestantar (eller i det minste lutheranarar) ikkje lenger er reint dogmatisk, og heller ikkje primært handlar om synet på Skrifta, men i hovudsak er av ekklesiologisk art, og då primært i synet på autoritet og primat, burde vi spurt oss sjølve: Er dette, bibelsk sett, ein haldbar grunn til skisma?

På reformasjonstida grunna ein ikkje skisma (hovudsakleg) i pavens primat, men i påstanden om at Den katolske kyrkja var ei ‘løgnkyrkje’ og at paven var vranglærer (og kanskje til og med antikrist).[8] Om ein kan påvise vranglære er dette, ut frå Skrifta sitt vitnemål, ein legitim grunn til skisma. Vi skal ikkje ha kyrkjeleg fellesskap med vranglærarer, jf. Tit 3:10-11: «Ein vranglærar skal du tala til rette både ein gong og to gonger, og så visa han frå deg. For du veit at eit slikt menneske er på avvegar. Han syndar og har dømt seg sjølv.» Dette er i hovudsak bakgrunnen for Carissimi sitt brot med biskopar som Pettersen, Riksaasen Dahl, Jørgensen, etc. Men dersom vi står i ein annan situasjon, at vi ikkje lenger anerkjenner at det er ein reell dogmatisk forskjell mellom to fråskilde kyrkjer, i det minste ikkje ein som legitimerer skisma, burde ein ikkje då søkje saman? Merk at eg her ikkje påstår at det ikkje finst ein slik dogmatisk forskjell. Spørsmålet er hypotetisk: Gitt at ein slik reelt kyrkjesplittande dogmatisk forskjell ikkje eksisterer, kan vi då legitimt grunna skisma utelukkane på spørsmålet omkring pavens primat?

Eg vil hevde at svaret på det spørsmålet er nei, og det meiner eg også er det historiske lutherske svaret på det spørsmålet. Eg trur difor at løysinga på vår ekklesiologiske krise må vere at vi, som medlemmar i Dnk, i frikyrkjer, organisasjonar, etc. saman må søkje fellesskap med Den katolske kyrkja, dersom det viser seg at ein ikkje har (tilstrekkelege) dogmatiske forskjellar.

Sjølv har eg tenkt at ein kanskje burde tenkt på noko liknande det som har skjedd i høve anglikanarar med utgjevinga og implementeringa av Anglicanorum coetibus, der pave Benedikt XVI opna for høve til å opprette såkalla ordinariat for anglikanarar som vil søke fellesskap med Rom, utan å verte totalt ‘absorbert.’[9] Her trur eg Dag Øivind Østereng har eit viktig poeng, og eg let han få det siste ordet i denne teksten:

[Jeg kjenner at] det eneste alternativet vi har, med mindre vi vil rendyrke frikirketanken, det er å søke et nytt økumene, og peke på dette økumene som en felles vei for kristenfolket i Norge som bærer med seg en evangelisk-luthersk arv, men som vet at Kirken verken er luthersk eller norsk, men at Jesu Kristi kirke i bunnen er apostolisk og katolsk. (…)

Min røst i denne debatten er; vi må alle kjenne kallet til å bryte opp og søke en kirkelig enhet for en ny tid, og jeg tror vi må gjøre det i en eller annen protestantisk samlet dialog med den Kirken som hadde den kirkelige jurisdiksjonen her i landet fra kristningen til reformasjonen. Ikke mindre enn det. Hvor mange som vil gå den veien er for meg uinteressant, så lenge jeg ser det som vårt kall.[10]

Noter:

[1] Sjå nettsidene til Carissimi. Sjå også her på bloggen.

[2] Om anna ikkje er nemnt bruker eg Bibelen: Den heilage skrifta (Oslo: Bibelselskapet 2011) når eg siterer Skrifta.

[3] Jf. Sal 133:1-3; Matt 5:9; Rom 12:18-21; 1Kor 14:33; 2Kor 13:11; Ef 4:1-6; 1Tess 5:12-15; Hebr 13:1.7.17; Jak 3:13-18; 1Pet 3:8-12, etc.

[4] Mi eiga omsetjing.

[5] Eg har lese lite av N.T. Wright, så eg har ikkje noko bokreferanse. Men sjå gjerne dette korte klippet på YouTube.

[6] Philip Schaff & Henry Wace (red.), Nicene and Post-Nicene Fathers, vol. 11 (Second series, org. 1894. Peabody, MA: Hendrickson Publishers 1995), 132, jf. 128-130.

[7] Sjå t.d. Pieter De Witte, «‘The Apostolicity of the Church’ in Light of the Lutheran-Roman Catholic Consensus on Justification» (Ecclesiology 7, 2011), s.317-335.

[8] Dette ser vi kanskje klarast i Dei smalkaldiske artiklane (del 2, art. 4 og del 3, art. 11) og i Melanchthons handsaming av pavens makt og primat, som begge er å finne i Konkordieboka. Sjå Jens Olav Mæland (red.), Konkordieboken. Den evangelisklutherske kirkes bekjennelsesskrifter (Ny norsk oversettelse. Oslo: Lunde 1985). Eg hadde ikkje den tilgjengeleg akkurat no, men den er også tilgjengeleg på nett, i engelsk utgåve, og det er den eg har lest i.

[9] Sjå her for sjølve dokumentet. Les meir Wikipedia. For ein historisk gjennomgong, gitt før Anglicanorum coetibus vart utgjeve, les gjerne også William Oddies bok The Roman Option: Crisis and the realignment of English-speaking Christianity (London: HarperCollins 1997). Den er dessverre utselt frå forlaget, men eg fekk tak i ho gjennom abebooks.com til ca. $10, med frakt.

[10] Dag Øivind Østereng, «Kirkelig fellesskap – med hvem – om hva?» Foredrag til innledning ved seminar på Fjellhaug skoler, 14. februar 2007.

2 comments on “Kva legitimerer skisma?

  1. […] førre post tok eg utgangspunkt i Apg 2:42, og eg vil her avslutte med å ta opp at det poenget eg fann der: […]

  2. […] har eg hevda mange gonger, m.a. her, her, her, her, her og […]

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s