Kva er eigentleg evangeliet?

I Confessio Augustana, som er ein del av Den norske kyrkja sitt vedkjenningsgrunnlag, står det i art. 7 at kyrkja er “forsamlinga av dei heilage, der evangeliet vert lært reint og sakramenta forvalta rett.” Og vidare, om einskapen i kyrkja, står det at til denne “er det nok å vera samd om evangelielæra og om forvaltinga av sakramenta.” Men kva er eigentleg evangeliet?

I luthersk samanheng har ein ofte snakka om ein distinksjon mellom lov og evangelium. Denne distinksjonen kan vi lese spesielt om i Konkordieformelen (del 5), som er å finne i Konkordieboka, ei samling av dei sentrale lutherske vedkjenningsskriftene.[1] Denne distinksjonen har mykje for seg: Evangeliet er frigjerande, og i Kristus er vi ikkje berre frigjorte frå synd og skuld, vi er også fri frå lova. Men denne distinksjonen, som gjev god meining dersom vi ser på lova som nettopp den gamaltestamentlege lova, som moselova, vart i luthersk tilfelle generalisert til å gjelde ‘lov’ generelt, inkludert Kristi bod til oss som kristne. Ein byrja å snakka om lova sine tre bruk:

  1. Det politiske og samfunnsmessige (usus politicus, ‘lov og orden’).
  2. Det Kristus-drivande (usus pedagogicus, lova som ‘tuktemeister til Kristus,’ jf. Gal 3:24-25).
  3. Dei vegleiande og oppsedande (usus didacticus, vårt liv i Kristus).

Men eg meiner dette vert feil. Når Paulus snakkar om lova, og om ‘lovgjerningar,’ finn eg ikkje noko indikasjon om at han snakkar i generelle vendingar om ‘lov og orden,’ men at han snakkar spesifikt om moselova. Moeselova er ein tuktemeister (Gal 3:24-25), men det er ikkje til moselova vi går for verken det politiske/samfunnsmessige (fyrste bruk) eller for vegleiing til livet i Kristus (tredje bruk). Det vi går til, det vi bør gå til, er evangeliet.

Det er her eg trur problemet med det lutherske skjelninga mellom lov og evangelium kjem inn, og eg trur denne skjelninga må ta noko av ‘skulda’ for den såkalla ‘antinomismen,’ den ‘lovløysa’ vi finn i einskilde delar av moderne evangelikalisme. Eg trur vi bør gå til N.T. Wright for å finne ut kva evangeliet er for noko. Les dette intervjuet, og sjå denne youtube-videoen:

N.T. Wright sitt poeng er altså at evangeliet er “the royal announcement that the crucified and risen Jesus, who died for our sins and rose again according to the Scriptures, has been enthroned as the true Lord of the world.” (Frå lenka til intervjuet). Eller som han seier meir utfyllande:

The idea of ‘good news,’ for which an older English word is ‘gospel,’ had two principal meanings for first-century Jews. First, with roots in Isaiah, it mean the news of YHWH’s long-awaited victory over evil and rescue of his people. Second, it was used in the Roman world of the accession, or birthday, of the emperor. Since for Jesus and Paul the announcement of God’s inbreaking kingdom was both the fulfillment of prophecy and a challenge to the world’s present rulers, ‘gospel’ became an important shorthand for both the message of Jesus himself, and the apostolic message about him. Paul saw this message as itself the vehicle of God’s saving power (Romans 1:16, 1 Thessalonians 2:13).

Vår tru på Kristus er ei tru ikkje berre på frelsaren, men også Herren. Vår tru på Kristus er ei tru på han som skipa kyrkja, som er kyrkja sitt hovud, og som kallar oss til å leve i samfunn med han, eit samfunn der han gjer oss i stand til å leve det kristne livet (jf. Fil 2:12-13). Når vi proklamerer evangeliet, når vi proklamerer at Jesus Kristus, som ofra seg for vår skuld, gjekk i døden og stod opp att, er Herre, så proklamerer vi ikkje våre eigne tankar. Vi overleverer, traderer, det vi sjølv har fått – kyrkja si tru, kyrkja si lære, og vi må difor la kyrkja, og hennar historie, få tala med i vår forkynning. (Vi kan diskutere kva kyrkje han skipa, men den diskusjonen må vi ta ein annan gong.)

I Det nye testamentet finn vi omgrepet keryx, ‘herold,’ om den som proklamerer bodskapen. Ein herold var den som proklamerte kongens eller fyrstens bodskap. Han gav ikkje av seg sjølv, men overleverte det han hadde fått. Han var, som eg ein gong høyrte det sagt, melkemannen, ikkje bonden. Og det er denne bodskapen vi må overlevere: At Jesus Kristus, som ofra seg for vår skuld, som gjekk i døden for oss, som stod opp att i herlegdom for oss, er Herre og Gud, og at vår tru på han er ei truskap til han, ei truskap som skapar i oss ein driv til å leve etter hans vilje, han som er Herre.

Og eg trur det er i dette lyset vi må forstå kyrkjedefinisjonen i Confessio Augustana, art. 7. Når det står at kyrkja er “forsamlinga av dei heilage, der evangeliet vert lært reint og sakramenta forvalta rett.” Og vidare, om einskapen i kyrkja, at til denne “er det nok å vera samd om evangelielæra og om forvaltinga av sakramenta,” er dette ein proklamasjon av Kristus som frelsar og Herre, ein proklamasjon som ikkje berre får konsekvensar for vår frelse, men for vårt liv og vår framferd her og no, og som får eit konkret uttrykk og som vert gjort konkret nærverande for oss i sakramenta.

I førre post tok eg utgangspunkt i Apg 2:42, og eg vil her avslutte med å ta opp at det poenget eg fann der: Når det står at dei fyrste kristne heldt seg “til læra åt apostlane og til fellesskapet; til brødsbrytinga og til bønene” (mi omsetjing), må dette forståast hierarkisk: Kyrkja, som har sin grunn i Kristus og i hans kall, hans helging, i evangeliet (jf. Apg 2:37-41), byggjer på læra åt apostlane, er organisert i ein fellesskap, manifesterer seg primært i nattverdsfeiringa og kjem vidare til uttrykk i den offentlege tilbedinga av Den treeinige Gud. Men her er det nettopp proklameringa av evangeliet, av ‘læra åt apostlane,’ som står som grunn, som vår basis (etter fellesskapen i Kristus). Dette er det vi byggjer på. Dette er det vi skal proklamere, i forkynninga og i sakramentsforvaltinga, intill Herren kjem att (jf. 1Kor 11:26).

Noter:

[1] For ei norsk utgåve, sjå Jens Olav Mæland (red.), Konkordieboken. Den evangelisklutherske kirkes bekjennelsesskrifter (Ny norsk oversettelse. Oslo: Lunde 1985). For ei engelsk utgåve, sjå denne nettsida. I Den norske kyrkja er det ikkje heile Konkordieboka bindane, slik det er i Svenska kyrkan, men berre dei tre (vestlege) oldkyrkjelege symbola (den apostoliske, nikenske og athanasianske vedkjenninga), Confessio Augustana og Luthers vesle katekisme. Sjå Arve Brunvoll, Vedkjenningsskriftene åt Den norske kyrkja (Ny omsetjing med innleiingar og notar. Oslo: Lunde 1979).

2 comments on “Kva er eigentleg evangeliet?

  1. […] (Les gjerne her, for nokre tankar omkring nattverdsteologi.) Evangeliet, dei gode nyhendene, som eg har skrive litt om, er at Kristus vart ein av oss, at han ofra seg for oss, og gjev oss del i dette. “Den gode […]

  2. […] Eg har skrive litt om dette før, sjå her og her, med referanse til N.T. […]

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s