Corpus Christi

I dag er det Corpus Christi, festen for Kristi lekam og blod, men mange kyrkjer feirar den på sundag.

Lesetekst: 1Mos 14:18-20; 1Kor 11:23-26.
Preiketekst: Luk 9:11b-17.

Dette heilage evangeliet står skrive hjå evangelisten Lukas (etter Bibelselskapets omsetjing frå 2011).

11b Kristus tok imot dei og tala til dei om Guds rike, og han lækte dei som trong å bli friske.

12 Då det leid mot kveld, kom dei tolv til han og sa: “Send folket frå deg, så dei kan gå bort i landsbyane og gardane her omkring. Der kan dei finna hus og få seg noko å eta. For her er vi på ein aud stad.” 13 “De skal gje dei mat!” svara Jesus. “Vi har ikkje meir enn fem brød og to fiskar”, sa dei, “om vi då ikkje sjølve skal gå og kjøpa mat til alt dette folket.” 14 Det var samla om lag fem tusen menn. Då sa han til læresveinane: “Lat dei setja seg i flokkar på femti.” 15 Dei gjorde som han sa, og lét alle setja seg. 16 Så tok han dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og velsigna dei. Og han braut dei og gav dei til læresveinane, så dei skulle by rundt til folket. 17 Og alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp dei stykka som var til overs, og det vart tolv korger.

Slik lyder det heilage evangeliet. Lova vere du, Kristus.
Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning. Amen.

I dagens evangelium les vi Lukas sin versjon av hendinga der Kristus metta 5000 menn, forutan kvinner og born. Vi kjenner ‘alle’ til teksten, og eg skal ikkje her bruke mykje tid på ein gjennomgåande eksegese. Eg skal heller sjå på sjølve brødunderet (eller brød- og fiskunderet). Vi les i v.16: “Så tok han dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og velsigna dei. Og han braut dei og gav dei til læresveinane, så dei skulle by rundt til folket.” Her finn vi ein parallell til innsetjinga av nattverden. Det står at Kristus “såg opp mot himmelen,” før han ba om Guds velsigning over brøda og fiskane.[1] Dette var truleg dne jødiske takkebøna, som djupast sett er ei velsigning av Gud, som kjem tilbake som velsigning til maten, og til dei som et. “Deg Gud til ære, oss til gavn,” som vi syng i eit bordvers.

Men som sagt finn vi her ein parallell til innsetjinga av nattverden, slik vi les om i dagens andre lesetekst. Der finn vi nokre liknande verb: Kristus tar brød, han takkar (bed takkebøna), han bryt brødet og deler det ut. I nattverden vert evangelietekstens brødunder teke til eit nytt nivå: Ein får ikkje berre ein overflod av naturleg mat, mat som mettar for dagen, men vi får del i åndeleg (men også djupt fysisk) mat: Herrens lekam og blod. I Joh 6:1-15 finn vi ein av parallelltekstane til vår tekst frå Lukas. Men i dette kapitlet (v.22-59) får vi også ein lengre samtale omkring dette, mellom Jesus og dei som fylgde han, ein samtale som byrja ute, og etterkvart enda opp i synagogen i Kapernaum. Her finn vi klassiske ‘perler’ som dette: “Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal ikkje hungra, og den som trur på meg, skal aldri tørsta.” (v.35) “Eg er det levande brødet som er kome ned frå himmelen. Den som et av dette brødet, skal leva til evig tid. Og det brødet eg vil gje, er kroppen min som eg gjev til liv for verda.” (v.51) Dette var (og er) hard kost (jf. v.60-65), og det vart endå meir eksplisitt i v.53-58, etter at folket reagerte. I staden for å prøve å forklare seg sjølv, om folket hadde misforstått han (noko ein finn mange dømer på i Johannesevangeliet), skrudde han berre opp ‘volumet’:

53 Jesus sa til dei: “Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Dersom de ikkje et kroppen til Menneskesonen og drikk blodet hans, har de ikkje livet i dykk. 54 Den som et min kropp og drikk mitt blod, har evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen. 55 For kroppen min er sann mat, og blodet mitt er sann drikk. 56 Den som et min kropp og drikk mitt blod, blir verande i meg og eg i han. 57 Slik den levande Far har sendt meg og eg har liv ved han, slik skal òg den som et meg, ha liv ved meg. 58 Dette er det brødet som er kome ned frå himmelen. Det er ikkje det som fedrane åt, dei som døydde. Den som et dette brødet, skal leva i all æve.”

Dette er heilt avgjerande, sentrale ord. I nattverdens heilage sakrament vår vi del i Herrens lekam og blod, til frelse og til fred, og ved dette, ved Kristus, kan vi gå fram for Gud, i takkseiing, i lovprising, i tilbeding. (Les gjerne her, for nokre tankar omkring nattverdsteologi.) Evangeliet, dei gode nyhendene, som eg har skrive litt om, er at Kristus vart ein av oss, at han ofra seg for oss, og gjev oss del i dette. “Den gode nyhet,” skriv den katolske forfattaren Scott Hahn, “er at Kristus ble en av oss, for å frembære sin menneskenatur som et fullkomment offer. I messen forener vi vårt offer med hans, og denne foreningen gjør vårt offer fullkomment.”[2]

Kristus tolka sin død gjennom bønene ved det siste måltidet, og ved innsetjinga av nattverden. Ifylgje Joseph Ratzinger (pave emeritus Benedikt XVI) vart Kristi død, ved innsetjinga av nattverden, “transformed … into the act of adoration, which is offered to God, then from God is made available to men.”[3] Kristus ofra seg, og hans offer vert gjort konkret tilgjengeleg for oss i nådemidla: i Ordet, i dåpen, i nattverden. I nattverdsliturgien seier presten, rett før kommunionen: “Sjå det Guds Lam, som tek bort verdens synd. Sæle er dei som er innbudne til Lammets bryllaup.” (Jf. Joh 1:29; Op 19:9) Ved nådemidla, og spesielt ved nattverden, får vi på nytt del i frelsa. Der har vi del i Kristus. Del i hans offer. Del i fruktene frå krosstreet; frå livsens tre. Vi avsluttar med ein salme av Børre Knudsen, frå 1976 eller 1980 (legg spesielt merke til dei utheva plassane):[4]

Deg, Herre Jesus, vil vi bekjenne
som herlig prest og blodig offerlam.
Deg, Herre Jesus, deg vil vi prise
for det som er vår egen dype skam.

Du gikk til grunne for våre hender,
vi dømte deg, og dette er vår dom.
Men brødet brytes, og vinen skjenkes,
og dine hender gjør vår gjerning om.

I våre hender var kors og nagler
da dine hender løftet vin og brød,
da dine hender forvandlet drapet
til offergave og til soningsdød.

Du tolket korset, du tydet døden,
du gjorde pinen til din kongevei,
for da du viet deg selv til offer,
da måtte våre hender tjene deg.

Og som du gav deg i våre hender
da vi i tross fullbyrdet dine ord,
slik har du gitt deg i våre hender
som vin og brød på dette offerbord.

Deg, Herre Jesus, vil vi bekjenne
som blodig lam og herlig offerprest.
Vi bryter brødet, vi skjenker vinen,
vår dype skam er blitt vår høye fest.

Noter:

[1] I den klassiske vestlege nattverdbøna, Den romerske kanon, har ein teke dette med i innsetjingsorda (omsett til nynorsk): “Dagen før han leid, tok han brødet i sine heilage og ærverdige hender, lyfta augo sine mot himmelen til deg, Gud, sin allmektige Far, takka og velsigna, braut brødet, gav det til læresveinane sine og sa…” For ei god gjennomgang av den primære (vestlege) katolske evkjaristibøna, sjå Milton Walsh, In Memory of Me: A Meditation on the Roman Canon (San Francisco, CA: Ignatius Press 2011).

[2] Scott Hahn, Lammets nattverd. Messen som himmelen på jorden (Oslo: St. Olav 2007), s. 129.

[3] Sjå Joseph Ratzinger, God Is Near Us: The Eucharist, the Heart of Life (San Francisco, CA: Ignatius Press 2003), s.29-30.

[4] Den er er å finne her og her, og står også i den katolske salmeboka Lov Herren, nr. 788 (om eg ikkje hugsar feil).

One comment on “Corpus Christi

  1. Benjamin Bj. Anda says:

    Signa Corpus Christi!
    Dette var god lesnad. Alltid interessant å koma inn på Katolikken. Vil au nemne at Børre-salmen nok er frå 1976, av di han står i “Det Hellige Bryllup”, som kom ut i 1976. Pax!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s