Heilage Sunniva, be for oss!

sunniva3

Sta. Sunniva frå Otterøy kyrkje.
Foto: Kari Dahl, NTNU Vitenskapsmuseet

1 Lovpris Kristi ævelege gåver,
moderkyrkje.
Han kler deg (Sunniva) i dronningskrud,
for skuld såra til martyrane.

2 Du (Sunniva) er ætta frå kongar,
og du stig opp i dei himmelske bustader;
Du er omgjeven av ein heilag skare,
Sunniva kongsdotter.

4 Under desse hendingane vart ei rose (Sunniva)
formælt med ei lilje (Kristus) i lukkeleg
sameining; ho (rosa) rodnar i martyriet,
utan rukker og flekker.

Desse versa finn vi i Eterna Christi munera, ei hymne skrive til Heilage Sunniva, her i Aasmund Hoel si omsetjing. Høyr gjerne denne innspeslinga av hymna, og syng gjerne med. Eg skal syngje denne i tidebøna mi i dag.

Hymna tek i hovudsak for seg Sunniva og seljemennene, som vi minnast i dag, 8. juli, på Seljumannamesse. (Sjå her for Den katolske kyrkja sin liturgi i høve dagen.)

Hl. Sunniva var ei irsk, kristen, kongsdotter, som hadde forsaka ekteskapet for å vere ei Kristi brur, for fullt og heilt gje seg over til Kristus. “Etter farens død,” står det å lese i teksten frå katolsk.no, “måtte hun regjere hans fyrstedømme med hjelp av slekt og venner. Da hun vraket en fremmed vikingkonges frieri, herjet han hennes land. Sunniva kunngjorde da på tinget at hun ville forlate Irland, overgi seg til Kristi forsyn og reise bort til ukjent land med de folk som ville følge henne.” Desse reiste saman, og hamna etter kvart på Selja. Les meir på katolsk.no.

Eg vil her halde fram Sunniva som eit førebilete. Vi er ikkje alle kalla til å forsaka ekteskapet, men vi er alle kalla til å leve i relasjon til Kristus, som del av hans kyrkje, Kristi brur. Sunniva var trufast til det kall ho var sett til, og det skal også vi vere. Vi har mykje å lære av Sunniva og seljemennene. I v.3 i Eterna Christi munera les vi at desse “spekte kjøtet sitt med geitehårskjorte.” Å ‘speke kjøtet’ er ei dels fri, poetisk, omsetjing av den latinske teksten: carnem domant, å dominere kjøtet, å vere ‘sjølvtøymande,’ å utvise sjølvkontroll. Dette er eit godt, kristent prinsipp: Vi er ikkje ånder som ‘svevar rundt,’ men vi er heller ikkje dyr. Vi er menneske, og som menneske må vi ha sjølvkontroll, og vi må trene oss sjølve opp, ikkje berre til å vere lydige mot vårt sinn og vår ånd, men mot Gud.

Heilage Gud, himmelske Far, lytt i nåde til våre audmjuke bøner. Lat oss som minnast dine heilage martyrar Sunniva og ledsagarane hennar, finna tryggleik under deira vern og fridom frå all trengsle. Ved vår Herre Jesus Kristus, som med deg og Den Heilage Ande, lever og råder, éin sann Gud, frå æve og til æve. Amen.

Heilage Sunniva, be for oss!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s