Om reinkarnasjon og religiøs pendling

For nokre dagar sidan tok tok eg Facebook opp spørsmålet rundt reinkarnasjon, og vil her utvide litt av det eg skreiv der, og samstundes ta opp dei sakene som har komme i kjølevatnet av den kronikken eg tok tak i.

Utgangspunktet for innlegget mitt var Henning Ness sin Aftenposten-kronikk “Reinkarnasjon – et uønsket barn.” Ness, som er forfattar og lærar i Steinerskulen, tek opp det faktum at fleire nordmenn, også medlemmar av kristne kyrkjer og organisasjonar, trur på reinkarnasjon. Problemet er at han byrjer med litt historisk rør, for å dra veksel på Bjørn Are Davidsen si handsaming av saka. Ness skriv:

I gamle dager la man som kjent uønskede barn ut i skogen for å dø. Og slik har kirken forkastet det uønskede barnet «reinkarnasjon». Dette skjedde helt bokstavelig under keiser Justinians styre, under kirkemøtet i Konstantinopel i 553 etter Kristus. Teologen Origenes, som levde midt i det 3. århundret, og som var en varm tilhenger av reinkarnasjon, ble lyst i bann av Keiser Justinian.

Dette er historisk tøv. (1) Kan Ness påpeike nøyaktig kor i konsildokumenta reinkarnasjon er handsama? Eg kan ikkje finne dette. (2) Origenes var ikkje noko ‘varm tilhengar av reinkarnasjon.’ Han meinte at menneskesjela var preeksistent (noko som vart fordømt på konsilet i 553), men det finst ingen indikasjon i hans skrifter at han trudde på reinkarnasjon. Ifylgje Wikipedia finst det nokre som meiner at han trudde på det, mellom anna Shirley MacLaine og teofisten Geddes MacGregor, men som hevdar skriftene hans vart øydelagde for å fjerne spora. Dette er som sagt umogeleg å verken bevise eller motbevise, noko som er ein sentralt ingrediens i konspirasjonsteoriar. (3) Det er heller ingen indikasjonar på at Keiser Justinian ‘lyste Origenes bann.’

Ness går vidare i kronikken med å leggje ut om at mange er meir opptekne av reinkarnasjon, og at reinkarnasjon er eldre enn kristendommen, men eg ser ingen argument. Men nokre ‘gullkorn’ finn vi: “Ifølge den kirkelige dogmelæren er det jo kroppen som gjenoppstår på den ytterste dag, ikke sjelen. Innenfor kirkelæren er sjelen ikke særlig velkommen, kan det virke som.” Eg har ikkje spesielt mykje kunnskap om avansert matematikk, og difor vel eg å heller ikkje leggje ut om det. Men Ness ser ikkje ut til å ha nokre hemningar mot å uttale seg om ting han openbert har null kunnskap om. Sjela og kroppen skal sameinast i oppstoda – og begge er like viktige. Hovudgrunnen til at ein har forkasta reinkarnasjonstanken er altså ikkje at den lyfter opp det åndelege. Å lyfte opp det åndelege er vel og bra. Nei, hovudgrunnen er at den trykker ned det materielle og kroppslege, at den gjer det til noko ueigentleg, noko uviktig. Dette står i ein fundamental motsetnad til kristendommen.

Kyrkja sitt sakramentale liv, som er meiningslas innanfor det synet Ness representerer, er ein logisk konsekvens av det pro-materielle kristne synet på mennesket og på skaparverket, og av inkarnasjonen. Og det er difor eit stort problem at vi har fått slik ‘religiøs pendling.’ Eg er heilt samd med Bjørgvin biskop Halvor Nordhaug om at dette er eit problem, og at vi har eit kunnskapsproblem i Den norske kyrkja. Når folk seier at dei ‘trur på Jesus og på reinkarnasjon,’ trur eg det er viktig å påpeike at desse er heilt motstridande. Det er rett og slett eit spørsmål om koherens.

Når den eine seier at materien er noko ueigentleg, noko uviktig, og den andre held dette oppe som ein vesentleg del av det å vere menneske, så har vi to livssyn som ikkje kan sameinast. Ness og ‘gjengen’ trur at materien er eit fengsel, noko vondt, medan vi kristne trur at Gud skapte materien som noko godt. For å sitere Paulus, 1Tim 4:4-5: “For alt det Gud har skapt, er godt, og ikkje noko skal forkastast når det blir motteke med takk, for det blir helga med Guds ord og bøn.” Vi trur at Gud vart menneske, materie, i Kristus, og at vi kan omgåast Gud på kroppslege måtar og med materielle middel. Sakramenta sine symbol er ikkje berre teikn på ei djupare røynd. Dei ber denne røynda i seg. Det materielle er ikkje mindre menneskeleg enn det åndelege, det er ein like integrert del av vårt vesen, noko som er heilt umogeleg å foreine med det synet Ness representerer.

Å tru på reinkarnasjon er å tru at kroppen er uviktig, at du er noko anna, at du berre er ei ånd i maskineriet. Nei, kroppen er DEG.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s