Kvifor er eg ikkje kommunist eller sosialist?

Sidan det er val no i haust, vil eg her skrive litt om kvifor eg ikkje vil definere meg sjølv som kommunist og/eller sosialist. Eg kjenner nokre kommunistar, og får av og til spørsmål om kvifor. «Er du ikkje for den fine samhaldsverdien som ligg til grunn for dette?» Jo, det er eg, men eg er likevel ikkje kommunist/sosialist. Eller for å omformulere meg; Jo, det er eg, og nettopp difor er eg ikkje kommunist/sosialist.

Kommunismen og sosialismen, påstår mange, har nettopp desse verdiane som grunn. Men eg tør å påstå at den ikkje har det. Samhaldsverdien innan kommunismen og sosialismen er like gamal som mennesket. Vi er skapt til å leve i samfunn. Som Aristoteles sa det, så er vi ‘politiske og sosiale dyr.’ I 1. Mosebok står det:

Gud sa: «Lat oss laga menneske i vårt bilete, så dei liknar oss! Dei skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen, over feet og alle villdyra og alt kryp som det kryr av på jorda.» Og Gud skapte mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, som mann og kvinne skapte han dei (1Mos 1:26f)

Då sa Herren Gud: «Det er ikkje godt for mennesket å vera åleine. Eg vil laga ein hjelpar av same slag.» (1Mos 2:18)

Men likevel er eg ikkje kommunist/sosialist, og det er fleire grunnar til det. Eg vil seie meg grunnleggjande ueinig med det menneskesynet som ligg til grunn for denne ideologien. Det er ikkje, som folk påstår, eit positivt menneskesyn. Eit positivt menneskesyn må vere realistisk. Merk at ordet positiv ikkje alltid betyr ‘bra’ eller ‘godt.’ Krondømet er nok uttrykket ‘hiv-positiv.’ Positivt er noko når det er realistisk, når det korrosponderer med røyndomen.

På Rød Ungdom (RU) si side på bokmåls-Wikipedia står det at RU meiner at «samfunnet konstant må utvikles i retning av et klasseløst samfunn, kommunisme» for å «unngå at sosialismen utvikler seg til et diktatur.» Dette høyrest kanskje idealistisk og fint ut, men problemet med dette er at det aldri, aldri kjem til å skje. Homo sum, humani nihil a me alienum puto sa den romerske komedieforfattaren Terents. Det tyder «Eg er eit menneske, ikkje noko menneskeleg er framandt for meg.» Eg kjenner til mine eigne feil og manglar, og eg kjenner til andre menneske. Det kommunistiske og sosialistiske menneskesynet er er ikkje realistisk. Det er utopisk, og dermed negativt – og farleg. Grunnen til at sosialismen utviklar seg til eit diktatur, er at mennesket ikkje berre er ‘godt på botnen.’

Eg vil også kort nemne at eit av kommunismens mest urealistiske ideal er, slik ein kommunist sa det, søken etter eit samfunn utan ‘profittbehov.’ Men profittsystemet er eit realistisk system. Utan det systemet vil ikkje folk produsere. For kvifor skal ein produsere noko utan avkastning? Kommunismen og sosialismen ynskjer å dele kaka, men dei gidd ikkje å bake den fyrst, og vil heller ikkje gje noko insentiv til å la andre bake den.

Den sosialistiske og kommunistiske fellesskapstanken har pervertert den ålmenmenneskelege fellesskapstanken, mykje på grunn av det urealistiske menneskesynet, eit menneskesyn som også er djuptgåande antroposentrisk (menneskefokusert), noko som utelukkar Gud frå biletet. Ein har pressa det organiske og levande ved fellesskapet inn i ei trong, ideologisk ramme – og ein hever fellesskapet opp som noko som er seg sjølv nok, i tråd med det antroposentriske menneskesynet. Og her er vi ved det grunnleggjande i min motstand mot kommunisme/sosialisme. Det ålmennmennmenneskelege ved denne politiske greina – er gjennomsyra av eit hyperindividualistisk menneskesyn (som, ironisk nok, eigentleg stikk i strid med fellesskapstanken).

Mennesket er seg sjølv nok i ein slik tankegong. Og dette vil faktisk resultere i Lenin, Stalin, Pol Pot og Mao. I ein artikkel las eg at Sovjet og Kina (og andre kommunistiske statar) eigentleg ikkje var reelle kommuniststatar. Det er delvis rett. Dei utvikla seg aldri skikkeleg slik ein ynskjer etter det kommunistiske ideal. Men grunnen er ikkje at ein ikkje prøvde, men fordi det ideologiske grunnlaget er utopisk og urealistisk, og fordi det filosofiske grunnsynet i bakgrunnen nødvendigvis vil resultere i tyrannar og diktatorar. Å påstå, slik RU gjer (ifylgje deira side på bokmåls-Wikipedia) at planøkonomi er bra, fordi dette «vil innebære at økonomien blir underlagt demokratiet,» viser at ein er økonomisk og historisk blind. For å sjå planøkonomiens frukter, treng vi berre sjå på Stalins Sovjet. Der var ikkje økonomien ‘underlagt demokratiet,’ for demokrati vil ikkje eksistere i ein sosialistisk eller kommunistisk stat. Dersom du opnar ‘vepna revolusjon,’ så opnar du også for at dei som styrer er dei som er sterkast og mest valdelege.

One comment on “Kvifor er eg ikkje kommunist eller sosialist?

  1. andreas says:

    Tror ikke det er så mange av leserne av bloggen din som lurer på hvorfor du ikke er kommunist. Derimot er vi nok en del her inne som lurer fælt over hvorfor du ikke er katolikk…..:)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s