Tredve år, post nr. 1000, evolusjonsteori og kristentru

I dag fyller eg tredve år. Som ‘tradisjonen’ tilseier, må eg vel poste det eg ofte har posta på bursdagen min: ei ‘lettare’ utradisjonell og kreativ omsetjing av Ord 15:15. I Bibelselskapets omsetjing av 2011 står det: “For ein fattig er alle dagar vonde, den fornøgde gjer kvar dag til ein fest.” Men det er litt for tamt. Denne passar vel betre: “For den dølle er dagane kjipe, men den hippe drar stadig feite parteyys!”

Eg vil også gratulere min gode ven John Arne med dagen. Han er fødd i 1972, og er 10 år, 364 dagar, 22 timar og 17 minutt eldre enn meg. Og så må eg også gratulere Paul, som også fyller tredve i dag!

Og vi må også, ‘tradisjonen tru,’ sitere frå Skrifta, bok 30, kap. 30, v. 30. 30. bok etter protestantisk kanon er Amos, men den har ikkje 30 kapittel. I den katolske kanon er dette Jeremia. Der har vi meir enn 30 kapittel, men det er ikkje 30 vers i kap. 30. Eg vil difor telje frå vers 24 i Jer 30, opp til 30 vers, slik at vi då får Jer 31:6, som er eit fint vers å ta med seg:

Ja, det kjem ein dag
då vaktmenn skal ropa på Efraim-fjellet:
Kom, lat oss dra opp til Sion,
til Herren vår Gud!

Men vi kan ikkje kaste bort denne posten på berre slike ting. Dette er nemleg min post nr. 1000! Difor tenkte eg å ta opp eit spørsmål som eg har vore litt oppteken av, og som eg har diskutert, i det siste; forholdet mellom evolusjonsteori og kristentru. Eg skal ikkje skrive mykje her, men vil tilrå litt lesestoff. I forholdet til kristendommen er det tre stader der vi kan finne problem med evolusjonsteorien: (1) ei lesing av Skrifta, der det ser ut til at Gud skapte dyra kvar for seg (i forskjellige ‘slag’); (2) ei filosofisk forståing av verda der noko ikkje kan gje det som det ikkje har; og (3) ei lesing av Skrifta der alle menneske stammar frå eitt par (som har fått namnet Adam og Eva). Eg skal ikkje gå inn på desse spørsmåla sjølv, men vil tilrå å lese dei fylgjande artiklane og bloggpostane, i denne rekkefylgja:

  1. Jimmy Akin (bloggpost), Genesis One.
  2. Kenneth W. Kemp, “Science, Theology, and Monogenesis” (American Catholic Philosophical Quarterly 85:2, 2011), s.217-236. [Dette er ein vitskapleg artikkel i eit fagfellevurdert tidsskrift.]
  3. Edward Feser (bloggpost), ID theory, Aquinas, and the origin of life: A reply to Torley.
  4. Edward Feser (bloggpost), Modern biology and original sin, Part I.
  5. Edward Feser (bloggpost), Monkey in your soul?
  6. Edward Feser (bloggpost), Modern biology and original sin, Part II.

I tillegg til dette finst det gode bøker som tek opp desse spørsmåla. Les gjerne desse bøkene av Edward Feser, Philosophy of Mind (Revised ed. Oneworld 2007); Aquinas (Oneworld 2009); The Last Superstition (New ed. St. Augustines Press 2010); og Aristotle on Method and Metaphysics (Palgrave Macmillan 2013). Av desse eig eg berre, og har berre lest (eller held på å lese) Aquinas og The Last Superstition. Siste bok, Aristotle on Method and Metaphysics, er redigert av Feser, men er ikkje hans prosjekt åleine.

Les gjerne også Henry Koren, An Introduction to the Philosophy of Animate Nature (Ginn Press 1955); David Oderberg, Real Essentialism (Routledge 2008); Etienne Gilson, From Aristotle to Darwin & Back Again: A Journey in Final Causality, Species and Evolution (Ignatius Press 2009); og Conor Cunningham, Darwin’s Pious Idea: Why the Ultra-Darwinists and Creationists Both Get It Wrong (Wm. B. Eerdmans Publishing Company 2010). Sistnemnde fekk ein god melding av Knut Alfsvåg i Teologisk tidsskrift 1:2, 2012, s.211-213. Eg har ikkje desse bøkene sjølv.

Ja, ja, for å utnytte dagen maksimalt og vere ekstra egoistisk og sjå ekstra mykje på min eigen navle kan eg jo nemne at eg (1) eig verken Philosophy of Mind; Aristotle on Method and Metaphysics; An Introduction to the Philosophy of Animate Nature; Real Essentialism; From Aristotle to Darwin & Back Again; eller Darwin’s Pious Idea; og (2) har bursdag i dag.😉

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s