Ufeilbarleg?

I Den katolske kyrkja seier ein at paven, i kraft av, og i, sitt embete er ufeilbarleg. Det heier seg altså at når paven talar ex cathedra, så er det ingen feil i hans uttaling.

Eg fekk eit spørsmål forleden dag kva eg meiner om dette, og eg sa då at ein plass det vere ein eller annan form for ufeilbarlegdom, dersom vi skal tru at Skrifta er utan feil.[1] Det tradisjonelle kristne synet er at kyrkja er ufeilbarleg.[2] Spørsmålet vert då: Kva status har paven? Eg trur dette spørsmålet ikkje må ta utgangspunkt i om paven er ufeilbarleg eller ikkje. Spørsmålet må heller gå på pavens primat, pavens autoritet og jurisdiksjon.

Den katolske kyrkja si lære om pavens ufeilbarlegdom fylgjer nemleg logisk frå to poeng: (1) Kyrkja er ufeilbarleg. (2) I kraft av, og i, sitt embete kan paven snakka på vegner av heile kyrkja. Dersom kyrkja er ufeilbarleg, og dersom paven har det primat han har ifylgje katolsk lære, så fylgjer pavens ufeilbarlegdom logisk. Det vi difor må diskutere, er dette: Er kyrkja ufeilbarleg? Har paven, biskopen av Rom, ein ‘storkyrkjeleg’ jurisdiksjon? Det er her debatten må halda seg.

Noter:

[1] Det tradisjonelle synet er ikkje at Skrifta er ufeilbarleg, men at ho er utan feil. Å vere ufeilbarleg betyr at ein ikkje kan ta feil (noko ein berre seier om personar). Det gjev ikkje meining å seie at ei bok eller eit dokument kan ‘ta feil,’ då dette er handling. Bøker og dokument kan derimot vere utan feil. På engelsk seier ein at personar kan vere infallible (ufeilbarleg), medan dokument kan vere inerrant (utan feil).

[2] Om dette, sjå Wikipedia. For ei meir akademisk handsaming (frå eit austleg-ortodoks synspunkt), sjå The Primacy of Peter (red., John Meyendorff. SVS Press 1992).

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s