Katolsk liturgi på nynorsk

NYN-MissaleParvumFredag 30. august ‘lanserte’ ein ei lita katolsk messebok på nynorsk, eit Missale Parvum.* Utgåva er ei førebels studieutgåve eller ei ‘eksperimentell’ utgåve, ad experimentum, og ein ventar på endeleg godkjenning frå vatikanet.

Det er stort at Den katolske kyrkja endeleg har fått nynorskliturgi. Dette må feirast. Eg fekk diverre ikkje vore med på lanseringa, då eg var (og er) i Stavanger.

Utdrag frå Salme 97 (etter 1978/85-omsetjinga), som var bibelsk salme for dagen:

Herren er konge!
Jorda skal jubla,
øyar og strender skal gleda seg.
Rett og rettferd er grunnvoll for hans kongsstol.

Fjella brånar som voks for Herren,
for han er herre over all jorda.
Himmelen forkynner hans rettferd,
og alle folka ser hans herlegdom.

De som elskar Herren, hata det vonde!
Han vernar sine trugne
og friar dei frå gudlaus hand.
Ljos strålar fram for den rettferdige,
og glede for dei som er ærlege av hjarta.

Gled dykk i Herren, de rettferdige,
og lovsyng hans heilage namn!

* Sjå her, her og her. Eit Missale Parvum er ei mindre messebok som prestar kan ta med seg. Parvum tyder ‘liten’ på latin, noko som betyr at Missale Parvum tyder ‘lita messebok’ (eller ‘lite missale,’ jf. biletet oppfor).

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s