Eg vil ikkje verte streikebrytar

Eg går no på praktikum på Misjonshøgskulen, siste året i presteutdanninga, og har tenkt over det å skulle organisere meg. Planen då eg byrja på studiet var å melde meg inn i presteforeininga, fyrst som student og deretter som prest, men denne planen datt saman i fjor, då presteforeininga opna for høve til streik. Dette er eit problem for meg. Eg vil gjerne organisere meg, då dette gjer at eg står sterkare økonomisk, men eg nektar å bruke streik. Eg har i det siste snakka litt om dette med ein på studiet, men eg har ikkje endra meining. Han hevdar at streikane truleg berre vert brukt overfor prestar som ikkje er ute i ‘vanleg’ teneste, dvs. prestar som jobbar i administrative stillingar, på bispedømekontor, etc. Dette kan sikkert stemme, men dersom eg melder meg inn i ein organisasjon som tillet streik som virkemiddel seier eg samstundes at eg går god for dette. Kva viss det (utrulege?) skulle skje at presteforeininga tok meg ut i streik? Skulle eg nekte folk gudsteneste, skulle eg nekte folk nattverden? “Nei, de må nok gå heim. Eg vil ha betre løn.” Evangeliet er ei gåve, og det er ei gåve som vi aldri må la vere bunden til statens (eller andre si) vilje til å betale løn, slik Jakob Andfindsen påpeika i fjor.

I dei debattane som kom i kjølevatnet av presteforeininga si avgjerd var det ein del naivitet ute å gjekk. Ein person hevda at prestar kunne streike, og bruke streiken på å sitje i kyrkjene å be. Det er fleire problem med dette:

(1) Ein streik er ikkje ein ferie. Ein som streikar arbeider under streiken, men ikkje med sine vanlege arbeidsoppgåver.

(2) Ein streikande prest kan ikkje sitja i kyrkja (dvs. på arbeidsplassen sin) å be. Som det faktisk står på sidene til presteforeininga: “Under streiken suspenderes den streikendes arbeidsforhold. Den streikende mottar ikke lønn, men vil få streikebidrag fra fagforeningen. En streikende arbeider skal som hovedregel ikke oppholde seg på arbeidsplassen.”

Hovudpoenget mitt er at eg ikkje vil melde meg inn i ein organisasjon som opnar opp for ‘prestestreik’ (viss det i det heile teke er eit meiningsfult ord å bruke). Dette dels er fordi eg er prinsipielt mot dette og fordi eg ikkje kan sjå noko scenario der dette er spesielt rammande for arbeidsgjevar. Medstudenten min nemnte at ein kunne ta ut administrative prestar. Men kva viss dei ikkje har ‘dårleg løn’ – kva viss det faktisk er kyrkjelydsprestane som har ‘dårleg løn’? Ein kan ikkje ta ut folk i streik om dei ikkje er i konflikt. Men ein hovudgrunn til at eg ikkje kan melde meg inn i presteforeininga (før dei eventuelt har gått tilbake på vedtaket*) er at eg rett og slett ikkje ynskjer å risikera å måtta streike. Eller ærlegare sagt: Eg vil ikkje verta streikebrytar, noko eg meiner mitt kall hadde krevd av meg om eg kom i ein slik situasjon.

Eg nektar av heile mi sjel å la mi teneste som prest – mi evangelieforkynning, mi sakamentsforvalting, min misjon, mitt arbeid – vere bunden av statens (eller nokon annans) vilje til å betale løn. Evangeliet er ei gåve, og det er direkte ukristeleg å bruke det som ei økonomisk brekkstang. Då sluttar gåve å vere gåve.

* Det er lite truleg at eg kjem til å melde meg inn då heller. Eg vil ikkje risikere at dette skjer igjen.

One comment on “Eg vil ikkje verte streikebrytar

  1. […] Eg skreiv litt om ‘prestestreiking’ i går, og vil fylgje litt opp i dag. Det eg skreiv i går kunne kanskje tolkast til at eg ikkje vil bli tatt ut i streik, og at det er eit problem. Det er sant, men det er meir. Eg snakka litt med ein medstudent i dag, og kommenterte at det ikkje er slik at eg er imot berre fordi eg ikkje bil bli teke ut i streik. Eg er prinsipielt mot at prestar (fortrinnsvis kyrkjelydsprestar) verte teke ut i streik. Det er ikkje fordi eg tenker på meg sjølv, men fordi eg tenker på kyrkjelyden. […]

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s