RE: Eg vil ikkje verte streikebrytar

Eg skreiv litt om ‘prestestreiking’ i går, og vil fylgje litt opp i dag. Det eg skreiv i går kunne kanskje tolkast til at eg ikkje vil bli tatt ut i streik, og at det er eit problem. Det er sant, men det er meir. Eg snakka litt med ein medstudent i dag, og kommenterte at det ikkje er slik at eg er imot berre fordi eg ikkje bil bli teke ut i streik. Eg er prinsipielt mot at prestar (fortrinnsvis kyrkjelydsprestar) verte teke ut i streik. Det er ikkje fordi eg tenker på meg sjølv, men fordi eg tenker på kyrkjelyden.

Dersom det skulle skje at ein kyrkjelydsprest vart teke ut i streik, så meiner eg dette er problematisk uansett om han synst det er greit. For ‘presteyrket’ er ei teneste. Det hjelper lite om presten synst det er greit å streike dersom streiken fører til at kyrkjelyden ikkje får gå til gudsteneste. Prestetenesta sitt hovudfokus er, og skal vere, på forkynninga av evangeliet og forvaltinga av sakramenta. Dette skal vi ikkje røve frå folk. Og vi skal ikkje la dette vere styrt av økonomiske interesser. Korleis hadde evangeliet spreidd seg om kyrkjefedrane hadde gått til streik?

Eg tenker å ta meg ein telefon til nokon i presteforeininga for å snakke litt om dette, men dersom argumenta utelukkande er av økonomisk art, og ein ikkje har gjort noko meir teologiske drøftingar av dette (t.d. det å frårøve folk evangeliet som er den faktiske konsekvensen av å nekte å feire gudsteneste), så ser eg ikkje for meg at eg kan melde meg inn.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s