Har Equemeniakyrkan noko gjennomtenkt ekklesiologi?

Dagen melder at tre prestar i den nye svenske frikyrkja Equemeniakyrkan ynskjer å innføra ‘homovigslar’ (eller ‘vigsleg for einkjønna par,’ for å bruke ei litt mindre tabloid term). Eg skal ikkje her gå inn på akkurat det spørsmålet, men vil heller spørje litt om kva dette kyrkjesamfunnet er. Det står i artikkelen at Equemeniakyrkan er eit ‘økumenisk kyrkjesamfunn.’ Kva er eigentleg det, forstått på den måten økumenikkomgrepet vert brukt i dag? Omgrepet ‘økumenikk’ vart brukt annleis i oldkyrkja, då om heile kyrkja, i kommunion. Dette heng sjølvsagt saman med forskjellar i ekklesiologi. Der ein i våre dagar (fortrinnsvis på protestantisk hald) ser på kyrkja som ein åndeleg storleik og på kyrkja som summen av alle kristne (utan nemneverdig omsyn til læremessig einskap), må omgrepet nødvendigvis brukast annleis.

Ifylgje artikkelen er Equemeniakyrkan “resultatet av at Metodistkyrkan, Baptistförbundet og Svenska missionskyrkan gjekk inn under same paraply i 2011, den gongen under namnet Gemensam Framtid.” Korleis løyser ein teologiske strider innad i kyrkjesamfunnet? Det er store teologiske forskjellar mellom metodistar, lutheranarar og baptistar, spesielt i dåpssyn, og eg stiller meg sterkt tvilande til at dette er kyrkjeleg forsvarleg å starte eit slikt ‘felles kyrkjesamfunn’ utan å ha ein klar teologisk profil. For det er jo teologien som må vere det sentrale, og ikkje forma.

Har dei tenkt over kva teologisk profil dei skal ha, eller har dei berre abdisert ved å seie at kvar einskilde forsamling bestemmer (slik det ofte er vanleg i baptist- og pinsevennsamanhengar)? Er dette eigentleg eit kyrkjesamfunn, eller er det ei nasjonal-kongregasjonalistisk utgåve av WCC?

3 comments on “Har Equemeniakyrkan noko gjennomtenkt ekklesiologi?

  1. Det er også ein liknande konstellasjon i den franske protestantismen. Eg er framleis like spørjande til dette fenomenet som eg var då eg skreiv dette for eit par år sidan. http://stisidorsminne.blogspot.no/2011/05/fatale-feil-eller-kumeniske-sigrar.html

    Ofte, men ikkje alltid, er ordet «økumenisk» ein fin måte å seie «mangel på teologi»….

  2. Det er min mistanke at dette vil verte ein fatal feil. Dåpen er eit heilt grunnleggjande og kyrkjekonstituerande sakrament, og eg kan ikkje sjå korleis ein kan ha eit kyrkjesamfunn med så grunnleggjande forskjellige syn på dette spørsmålet. Eg spår at dette etter kvart kjem til å splittast opp igjen (fyrst ved at einskildsforsamlingar eller enkelte grupperingar bryt ut).

  3. […] Ekklesiologi er framanord for kyrkjesyn, frå gr. ekklesia, ‘kyrkje, forsamling.’ Her trur eg Equemeniakyrkan har noko å lære av […]

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s