Sola fide?

Historisk har protestantisk teologi, spesielt luthersk og reformert, halde fast på sola fide, ‘tru åleine,’ eller meir korrekt iustificationem sola fide, at ein er rettferdiggjort av tru åleine. Men korleis skal vi forstå grammatikken her? Frasen iustificationem sola fide kan nemleg lesast på to diametralt forskjellige måtar, representert av høvesvis luthersk og kalvinsk/reformert teologi. Eg har ikkje noko skriftlege kjelder på dette, anna ein ein og annan bloggpost, og baserer dette utelukkande på ei munnleg overlevering og mitt eige minne.

I luthersk teologi har ein tradisjonelt sagt at sola er eit adjektiv som modifiserer substantivet fide. Ein seier altså ein er er rettferdiggort av ei åleine-tru, av ei tru som er åleine. Deretter, som eit resultat av denne innleiande rettferdiggjeringa, byrjar heilaggjeringsprosessen der ein, i takksemd til, og i kraft av, Gud, lever ut det nye livet og får del i Guds gåver, jf. Confessio Augustana (CA) VI.[*] I reformert tenking, derimot, har ein tradisjonelt sagt at sola er eit adverb som modifiserer verbet (partisippet) iustificationem (akusativ singularis av iustificātiō). Det ein seier der er altså at det er trua som åleine rettferdiggjer. Forskjellen er subtil, men den fører til to diametralt forskjellige syn.

På tradisjonelt luthersk hald seier ein altså at regenereringa kjem etter rettferdiggjeringa, medan ein på reformert hald seier at rettferdiggjeringa skjer åleine av tru, men at denne trua på langt nær er åleine. Vi les om dette i the Westminster Confession (frå 1646), i kap. 11:1-2 (mine uthevingar):

I. Those whom God effectually calleth, he also freely justifieth: not by infusing righteousness into them, but by pardoning their sins, and by accounting and accepting their persons as righteous; not for any thing wrought in them, or done by them, but for Christ’s sake alone; not by imputing faith itself, the act of believing, or any other evangelical obedience to them, as their righteousness; but by imputing the obedience and satisfaction of Christ unto them, they receiving and resting on him and his righteousness by faith; which faith they have not of themselves, it is the gift of God.

II. Faith, thus receiving and resting on Christ and his righteousness, is the alone instrument of justification; yet is it not alone in the person justified, but is ever accompanied with all other saving graces, and is no dead faith, but worketh by love.

På reformert hald (og hjå mange lutheranarar) høyrer ein nok ofte at ein er rettferdiggjort av tru åleine, men ikkje av ei tru som er åleine. Eg tenkte at dette kunne vore ein litt interessant ting å reflektere over.

[*] For ei norsk omsetjing av CA, sjå Arve Brunvoll, Vedkjenningsskriftene åt Den norske kyrkja (Ny omsetjing med innleiingar og notar. Oslo: Lunde 1979), s.32-98.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s