Kort om evolusjon og ID

aristotle

Aristoteles

I eit lesarbrev i Luthersk kirketidende skriv Kjell Johannes Tveter (prof. em., dr. med.) om intelligent design.[1] Eg skal ikkje her ta opp alt han skriv der, sjølv om eg er usamd i delar av det han skriv, men eg vil heller ta opp ein av dei påstandane han byrjar artikkelen med. Han hevdar at det hjå kristne er tre ulike syn omkring skapinga og utviklinga av livet:

  1. Ung jord-kreasjonismen, som tek Genesis (1. Mosebok) ‘bokstavleg.’
  2. Kristen-darwinismen, som “forsøker å binde bro mellom tro og vitenskap.” Sidan darwinismen er ‘Gospel’ i vitskapen, vert det også det for desse kristne.[2]
  3. ID-rørsla, som prøver å argumentere ut frå at det finst design i verda.

Men her har han gløymt eit fjerde syn (og kanskje andre). Før eg går inn på det, vil eg ta opp problema med dei tre. Verken ‘ung jord-kreasjonismen,’ ‘kristen-darwinismen’ eller ‘ID-rørsla’ er uproblematiske. Ingen av dei er adekvate, verken i møte med vitskapen som fag eller i møte med verda og moderniteten.

Problemet med ‘ung jord-kreasjonismen’ er at den ofte baserer seg på karikaturar av vitskap generelt, og av rett og slett elendig eksegese. Eg vil hevde at dei slett ikkje tek tekstane ‘bokstavleg’ (forstått som ei normal litterær tilnærming til ein tekst). Her vil eg heller ta for meg ei mykje betre lesing av teksten, som tek teksten på alvor, og som ikkje prøver å få den til å sjå ut som eit moderne vitskapsdokument. Her vil eg seie at Jimmy Akins “Genesis One” er bra. Han tek utgangspunkt i dei fire vanlegaste tolkingane, og viser kva han meiner er best (rammeverk-tolkinga, the Framework Interpretation).

Problemet med ‘kristen-darwinismen’ (kva no enn Tveter meiner med dette omgrepet) er at dei ikkje har ein adekvat filosofisk gjennomtenking av vitskapen. Men her er eg litt nølande. Eg vil hevde at evolusjonstanken kan forsvarast kristent (utan noko skilje mellom ‘mikroevolusjon’ og ‘makroevolusjon’). Men klassisk sett har darwinismen vore ei nominalitisk retning, der ein ikkje hadde ein adekvat filosofisk gjennomtenking av vitskapen.

Men det er også problemet med ID-rørsla. Dei har heller ikkje ein adekvat filosofisk gjennomtenking av vitskapen. Dei har nærast ukritisk teke over den moderne vitskapens mekaniske verdsbilete (nokre gonger ‘for argumentets skuld’).

Mitt eige syn, som eg ikkje får gått sterkt inn på her, er at vi må tenke meir Aristotelisk-Thomistisk. Vi må tenke at ting har eit ‘ibuande vesen,’ ein ‘natur.’ Her skal eg ikkje skrive mykje meir, men vil berre kort vise til nokre viktige artiklar. Les Jimmy Akin fyrst, deretter desse (i denne rekkefylgja):

  1. Kenneth W. Kemp, “Science, Theology, and Monogenesis” (American Catholic Philosophical Quarterly 85:2, 2011): 217-236. [Dette er ein vitskapleg artikkel i eit fagfellevurdert tidsskrift.]
  2. Edward Feser, “ID theory, Aquinas, and the origin of life: A reply to Torley.” [Dette er ein bloggpost, skrive av ein fagfilosof.]
  3. Edward Feser, “Modern biology and original sin, Part I.” [Dette er ein bloggpost, skrive av ein fagfilosof.]
  4. Edward Feser, “Monkey in your soul?” [Dette er ein bloggpost, skrive av ein fagfilosof.]
  5. Edward Feser, “Modern biology and original sin, Part II.” [Dette er ein bloggpost, skrive av ein fagfilosof.]

I tillegg til desse kan ein også lese David S. Oderbergs artikkel “Essence and Properties” (Erkenntnis 75:1, 2011): 85-111. Dette er også ein vitskapleg artikkel i eit fagfellevurdert tidsskrift, og er krevjande å lese.

Desse artiklane viser problemet med ID-rørsla, og det er at den ofte heilt ukritisk har teke over ‘darwinismen’ sitt mekanistiske verdsbilete. Ein ignorerer i stor grad filosofien (som ofte også vert gjort i moderne vitskap), og let dette vere toneangivande for måten ein driv vitskap på. Men dette er djupt problematisk, og etter mitt syn feilaktig. Artiklane oppfor viser også korleis ein fint kan argumentere kristent på vitskapleg grunnlag utan å gå på akkord med verken Bibelen eller det kyrkja har lært oppretter historia. (Alle artiklane er skrive av katolikkar, og tek utgangspunkt i Den katolske teologien som seier at alle stammar frå ein mann.)

Eg vil også tilrå nokre bøker som går inn på dette tema direkte, men som også tek for seg andre relaterte tema. Desse er av forskjellig ‘vanskelegheitsgrad’:

  1. Edward Feser, Philosophy of Mind (Revised ed. Oneworld 2007).
  2. Edward Feser, Aquinas (Oneworld 2009).
  3. Edward Feser, The Last Superstition (New ed. St. Augustines Press 2010).
  4. Edward Feser (red.), Aristotle on Method and Metaphysics (Palgrave Macmillan 2013).
  5. Henry Koren, An Introduction to the Philosophy of Animate Nature (Ginn Press 1955).
  6. David S. Oderberg, Real Essentialism (Routledge 2008).
  7. Etienne Gilson, From Aristotle to Darwin & Back Again: A Journey in Final Causality, Species and Evolution (Ignatius Press 2009).
  8. Conor Cunningham, Darwin’s Pious Idea: Why the Ultra-Darwinists and Creationists Both Get It Wrong (Wm. B. Eerdmans Publishing Company 2010). Denne tilrår Tveter sjølv. Sistnemnde fekk ein god melding av Knut Alfsvåg i Teologisk tidsskrift 1:2, 2012, s.211-213.

Noter:

[1] Kjell Johannes Tveter, “Hva skal kristne mene om livets opprinnselse?” (Luthersk kirketidende 148:19, 2013): 557-559. (Eg lurer litt på korleis 150 år vert 148 årgangar. Det burde vel strengt tatt vore 151 årgangar. Kor forsvann dei tre årgangane? Hadde det med krigen å gjere, kanskje?)

[2] Det er usikkert kva Tveter meiner med ‘kristen-darwinisme.’ Det kan vere teistisk evolusjon , men den treng ikkje vere ‘darwinistisk’ (kva no enn Tveter meiner med dette omgrepet).

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s