Lutherdom og katolisitet

Som mange sikkert har fått med seg har Ulf Ekman vorte meir og meir positiv til det katolske dei siste åra. Eg var til stades på eit foredrag for nokre år sidan, der Ekman poengterte det katolske og høgkyrkjelege. I det siste har det igjen ‘storma rundt han’ fyrst etter at yngste son hans, Benjamin Ekman, konverterte til Den romersk-katolske kyrkja, og deretter då han publiserte sine tankar rundt det høgkyrkjelege, katolske og sakramentale i ein artikkel i Livets Ords tidsskrift Keryx.[1] I artikkelen går Ekman djupt inn på ei rekkje spørsmål og problemstillingar, t.d. kor naudsynt det er å ha ein gjennomtenkt ekklesiologi,[2] kyrkja sin sakramentale dimensjon som kyrkje, kyrkja som berar og formidlar av nåde, det strukturelle ved kyrkja, den kyrkjelege autoriteten, apostolisk suksesjon, læreembetet, etc. Eg vil tilrå å lese denne artikkelen. Sjølv vil eg her reflektere litt over det katolske i lutherdomen.

Oppdatering: Her er nokre artiklar i Dagen omkring Ulf Ekman:

Som medlem i Den norske kyrkja (Dnk) er eg forplikta på Den nikenske truvedkjenninga.[3] Der vedkjenner vi trua på “éi, heilag, katolsk [ålmenn] og apostolisk kyrkje.” Vidare les vi, i Confessio Augustana (CA) VII, at kyrkja er “forsamlinga av dei heilage, der evangeliet vert lært reint og sakramenta forvalta rett.” Og vidare, om einskapen i kyrkja, står det at til denne “er det nok å vera samd om evangelielæra og om forvaltinga av sakramenta.” Mot slutten av den doktrinelle delen av CA (art. I-XXI) finn vi ei oppsummering av denne delen. Der står det: “Av dette kan ein sjå at det ikkje er noko i henne som avvik frå skriftene eller frå den katolske kyrkja eller frå Romarkyrkja, slik som vi kjenner henne frå kyrkjefedrane.”

Påstanden frå dei lutherske ‘kyrkjefedrane’ – frå Luther, Melanchthon og frå dei andre som stod bak CA – er altså at dei er medlem av den ålmenne kyrkja, den katolske kyrkja, Ecclesia Catholica, og at dei forkynner det same evangelium som kyrkjefedrane.

Men korleis bruker ein dette katolske prinsippet? Det ser ut for meg at dette ofte har vorte brukt a posteriori, som noko ein kan endre om ein sjølv vil. Brukt slik vert det katolske prinsippet eit tomt retorisk omgrep som meir eller mindre berre betyr at ein vel ut det ein sjølv liker i den kristne overleveringa. Eg trur dessverre at det ofte er slik det har vorte brukt i lutherk samanheng. Men det vi må er å bruke dette a priori, som noko som står fast, noko vi skal prøve vår lære på. For at det katolske prinsippet i CA ikkje berre skal vere eit tomt retorisk omgrep vi kan fylla med alt eller ingenting, må vi prøve vår lære og vår forkynning ikkje berre på ‘den nakne Skrifta,’ men på den apostoliske og kyrkjelege overleveringa, på det vi har fått overlevert gjennom generasjonane og hundreåra. Det var nettopp ved desse vi fekk del i Skrifta. Det var desse som kanoniserte Skrifta, som samla dei bibelske skriftene.[4] Dersom vi finn ut at noko av det vi lærer som lutheranarar ikkje stemmer overens med Skrifta eller denne overleveringa, må vi ha integritet til å innrømme dette, og reformere oss. Ta eit døme, som vart diskutert i denne bloggposten. I CA XIV står det: “Om kyrkjeordninga lærer dei at i kyrkja bør ingen læra offentleg eller forvalta sakramenta utan at han er retteleg kalla.” Kva vil det seie å vere ‘retteleg kalla’? Omgrepet ‘retteleg kalla’ (lat. rite vocatus; ty. ordentlichen Beruf) kan tolkast opent – at den lokale kyrkjelyden kan kalla ein person som pastor. Men det kan også tolkast meir strikt. Uttrykket rite vocatus er nemleg ein term frå katolsk kyrkjerett. Ordet rite, skriv den lutherske teologen Arthur Carl Piepkorn, “implies in the normal terminology of the 16th century a formal ordination as something over and above a mere calling.” Og vidare, at termar som ‘kall’ (lat. vocatio) og ‘ordinasjon’ (lat. ordinatio) “are extensively used in this period to describe the whole process of election and ordination.”[5] Sjølv meiner eg at dette er ei god lesing av teksten. Ikkje nødvendigvis av dei fyrste lutheranarane sin intensjon bak bruken av det, men sett i lys av kyrkjehistoria og den kyrkjelege overleveringa.[6] Og det er eit viktig poeng her, som Chris Jones, ein av kommentarane til den nemnte bloggposten set ord på:

If the Apostolic Tradition means anything, and if the Creeds, the Councils, and the Fathers are worthy of any credit at all as faithful witnesses to that Tradition, then it seems to me that we must see our Confessions as part of that tradition, and consistently read them in the context of that tradition. Otherwise how can we possibly claim to be the Catholic Church, rightly reformed? And if that leads us to the conclusion that our Lutheran fathers were mistaken about the necessity of episcopal ordination, then that ought to lead us not to put the “Catholic principle” out of court, but to repent of that error. If we have made a mistake, we ought to admit it — not re-interpret Church history to make the mistake somehow not a mistake. After all, if one should never admit a mistake in doctrine or practice, there never could have been a Reformation.

If the “Catholic principle” is only an a posteriori judgement, not an actual embrace of the Apostolic Tradition, then it was no more than a rhetorical weapon against the Romanists, without substance. And that leaves us not as evangelical Catholics, but mere Protestants. That is not a position that I care to be in.

Ja, om vi ikkje let det apostoliske og katolske, som vi vedkjenner som umisselege karaktertrekk ved den éine kyrkja, få prege oss, men let dei vere ei av mange prinsipp som vi bruker litt etter eige ynskje, kan vi då i det heile hevde å vere ein del av den ålmenne kyrkja, den katolske kyrkja, Ecclesia Catholica? Vi er ikkje kalla til å vere ei sekt blant andre. Vi er kalla til å vere i Guds éine, heilage, katolske og apostoliske kyrkje.

Noter:

[1] Ulf Ekman, “Spelar kyrkosyn någon roll?” (Keryx 11:3, 2013): 7-19

[2] Ekklesiologi er framanord for kyrkjesyn, frå gr. ekklesia, ‘kyrkje, forsamling.’ Her trur eg Equemeniakyrkan har noko å lære av Ekman.

[3] Dei tekstane som, utanom (og etter) Skrifta, er bindande i Dnk er dei tre oldkyrkjelege (vestlege) symbola (den apostoliske truvedkjenninga, den nikenske truvedkjenninga og den athanasianske truvedkjenninga), Confessio Augustana og Luthers vesle katekisme. For tekstane, sjå Arve Brunvoll, Vedkjenningsskriftene åt Den norske kyrkja (Ny omsetjing med innleiingar og notar. Oslo: Lunde 1979). Det er usikkert kor bunden eg er av desse som lekmann, men om eg vert ordinert prest så svergar eg truskap til desse. I ordinasjonsliturgien seier biskopen m.a. at han formanar ordinanden at han “forkynner Guds ord klårt og reint, som det er oss gjeve i Den heilage skrifta, og som vår kyrkje vitnar om det i vedkjenninga si, og forvaltar dei heilage sakramenta etter den skipnad Kristus sette, og den ordning vår kyrkje har.” (Gudstenestebok for Den norske kyrkja, del 2 (Oslo: Verbum 1996): 168,169) Som prest svergjer eg altså truskap (av forskjellig grad) til Guds ord og til (det oppfor nemnte) vedkjenningsgrunnlaget.

[4] For litt bakgrunnsinformasjon omkring dette, sjå Wikipedia (“Biblical canon” og “Development of the Christian biblical canon”); og Michael Barber, “Loose Canons: The Development of the Old Testament” (del 1; del 2; del 3), om kanoniseringsprosessen og spesifikt om den gamaltestamentlege kanon.

[5] Arthur Carl Piepkorn, “The Sacred Ministry and Holy Ordination in the Symbolical Books of the Lutheran Church,” i The Church: Selected Writings of Arthur Carl Piepkorn, red., Michael P. Plekon & William S. Wiecher (Delhi, NY: American Lutheran Publicity Bureau Books 1993): 62, sitert i Rev. John A. Frahm III, “The Church, Pastors, and a Confessional Lutheran Ministerium,” s.3 (avlevert ved Peoria, Illinois, 26.10.2004). Den katolske kyrkja godtok CA XIV dersom rite vocatus vart brukt om kanonisk ordinasjon. Sjå det katolske motskriftet til CA, Confutatio Pontificia (CP) 14 og svaret til dette i Apologien til CA (XIV,1). Om desse to skriftene, sjå Wikipedia (her og her).

[6] Om dette, sjå “Embetssynet i den lutherske reformasjonen med særleg vekt på Confessio Augustana 1530,” ei semesteroppgåve eg skreiv i kyrkjehistorisk epokestudium på NLA Høgskulen, Bergen, hausten 2010. Oppsummeringa og konklusjonen står på s.14-18.

One comment on “Lutherdom og katolisitet

  1. […] skal vi forstå dette med autoritet og tradisjon (med eller utan stor T)? Som eg har påpeikt før, må vi spørje oss sjølve: Når forfattarane av Confessio Augustana (CA),[8] det mest […]

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s