Preik 2. sundag i advent 2013

Agrippa_pushkin_museum2

Herodes Agrippa I. Gipsbyste i Pushkinmuseet i Louvre. Kjelde: Shakko/Wikipedia.

Preik på gudsteneste i Bogafjell menighet
2. sundag i advent, 8. desember 2013
Apg 12:1-19

Fotnotane i denne teksten vart ikkje referert til i preikesituasjonen, men er med for dokumentasjonen skuld.

***

Teksten i dag handlar i stor grad om forfylgjing, og om Guds hjelp. Vi har allereie lest tidlegare i Apostelgjerningane om andre bylgjer med forfylgjing. Apostlane vart meir enn ein gong førd fram for det store rådet (det jødiske leiarskapet, leia av øvstepresten), og vi les også der om Stefanus, kyrkja sin fyrste martyr. Der møter vi også Saulus, som seinare forfylgde kristne før han vart omvendt og tok namnet Paulus.[1] Det er viktige element i denne teksten: at Jakob vart drepen for trua si, at Peter vart fengsla og frigjort, og at Herodes i stor grad handla slik han gjorde fordi det var populært og taktisk, og ikkje nødvendigvis fordi han meinte det var rett.

Eg skal konsentrere meg mest om Herodes, men fyrst nokre ord om Jakob og Peter. Det kan vere vanskeleg å forstå kvifor Gud let Jakob døy, når han redda ut Peter. Hadde han kanskje ein større plan med Peter enn han hadde med Jakob? Det veit vi ikkje. Men både Jakob og Stefanus har vorte ståande som store martyrar – og som døme for oss. Ordet martyr kjem frå dei greske orda martyrion, som tyder ‘vitnemål’ og martys, som tyder ‘vitne.’[2] Ein martyr, slik vi bruker ordet, er ein som misser livet fordi han vitnar om Jesus.

Tilbake til Herodes. Vi les i dagens tekst at Herodes, når han forfylgde nokre kristne og fekk Jakob drepen, “såg at jødane lika dette,” og fengsla Peter i tillegg.[3] Det virka nærast som at han gjorde dette for å få ein popularitetsboost. I det opplegget eller den bibelleseplanen som vert brukt her i Bogafjell denne hausten[4] vert det antyda at Herodes kanskje var splitta mellom den jødiske lova og sitt eige ynskje om å vere populær. Problemet med Herodes var at han sette seg i Guds stad, og dermed braut med Guds lov. Men Jesus sette seg også i Guds stad. Og eg trur det er her vi finn brodden i historia.

På Herodes si tid var det ikkje uvanleg med rørsler som hevda at dei fylgde messias, og det var meir enn éin kandidat å velgje mellom. På den tida vart kristne også sett på som ei jødisk gruppering slik som farisearane eller sadukearane, som vi kan lese om i NT. Men Jesus hevda ikkje berre å vere ein av mange ‘messiasar.’ Han hevda ikkje å vere endå ein politisk figur, endå ein utfriar frå fysisk fangenskap – frå romarar, korrupte jødiske styresmakter, osv. Nei, han hevda å vere Herre, han hevda å vere Gud. Og han, og etterfylgjarane eller læresveinane hans, var difor ein trussel. Herodes fylgde her i fotsporet til bestefar sin, Herodes den Store, som gav ordren om å drepe alle gutteborn i Betlehem opp til 2 år for å verte kvitt Jesus.

Kjernen i historia om Herodes, både bestefar og barnebarn, er at det berre er éit menneske som kan setja seg sjølv i Guds stad. Og det er Jesus. Og det er ikkje fordi han er løfta opp, men fordi han er Gud frå æva av. At Kristus er Herre er kjernen i evangeliet. Ordet evangelium tyder eigentleg ‘gode nyhende.’[5] Vi finn ein bakgrunn for dette fyrst i GT, hjå Jesaja, som talar til Israelsfolket og seier at Gud skal hjelpa dei ut, at han skal kjempa mot vondskapen.

Ein av dei mest kjende tekstane, som passar bra inn i adventstida, er frå Jesaja 9. Vi les to vers:[6]

Det folket som går i mørkret,
ser eit stort lys.
Over dei som bur i dødsskuggens land,
strålar lyset fram.

For eit barn er oss fødd,
ein son er oss gjeven.
Herreveldet er lagt på hans skulder.
Han har fått namnet
Underfull rådgjevar, Veldig Gud,
Evig far, Fredsfyrste.

I Jesus kjem Gud med verkeleg fred, verkeleg stabilitet. Dette er interessant. For ordet ‘evangelium’ vart på nytestamentleg tid brukt av keisarar og kongar (spesielt romerske) når dei skildra sin eigen tronstigningsdag, bursdag, osv. Tronstigningsdagen er den dagen kongen eller keisaren vart innsett. På ‘evangelisk vis’ innførte kongane fred og stabilitet (eller ein illusjon av dette).

Herodes Agrippa I, som vi les om i dagens tekst, var jøde og var fødd i Judea, men store delar av oppveksten hadde han i Roma, i keisarthoffet. Han kjente nok difor til evangelie-omgrepet, og det er ikkje usannsynleg at han brukte det om sin eigen tronstigningsdag – den dag han vart konge i Israel.

Difor, når Jesus sa at han forkynte evangeliet, og når dei fyrste kristne ikkje berre brukte dette ordet overfor jødar, men også overfor grekarar og romarar, så sa dei at det var Jesus, ikkje Herodes, ikkje Cæsar, ikkje Napoleon og ikkje ein gong Haakon, Olav eller Harald, som var og er Herre og konge. Og ikkje berre konge i Israel, men Herre og konge over universet, kongen over alle kongar, Herren over alle herrar.

Evangeliet er ikkje at Jesus er ein av mange som kan gje deg ei kjekk religiøs oppleving. Nei, evangeliet er dette: Jesus Kristus, den krossfeste og oppstadne Messias er universets Herre. Eller kortformen: Jesus er Herre.[7]

Men Herodes kunne ikkje tole dette. Han ville sjølv vere Herre, han ville sjølv vere i Guds stad. Seinare i kap. 12, etter historia som vi i dag har lest, står de at Herodes ein dag “[kledde seg] i kongeleg skrud, sette seg på kongetribunen og tala til folket. Og folket hylla han og ropa: “Her er det ein gud som talar, ikkje eit menneske!” Med det same vart han slegen av ein engel frå Herren, fordi han ikkje gav Gud æra. Han vart oppeten av makk og døydde.” Dette er historia om ein som, utan rett, sette seg i Guds stad og som forfylgde dei som proklamerte sanninga – at det er Kristus, ikkje Herodes, som er Herre og konge.

Vi har også eit kall til å gje Gud æra. Vi skal ikkje sette oss i Guds stad. Vi skal sjå opp til Jesus, og proklamere evangeliet om at han er Herre. Og dette evangeliet, skriv Paulus, “er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur.”[8] Men dersom Kristus er Herre, så kostar det noko å tru på han. Om Jesus er Herre, så må vi vere lydige. Lydig mot Jesus, og ikkje mot andre krefter som vil ha oss – kongar, keisarar, politikarar, lærarar, vener, fiendar, you name it.

Vi er kalt til å proklamere dette evangeliet, uendra, at Jesus Kristus er Herre. Men dette er ikkje alltid enkelt, fordi bodskapen vi kjem med har ein enorm sprengkraft – religiøst, sosialt, samfunnsmessig, politisk. Vi vil møte motstand. Det har Jesus lova oss.

For tida har vi det relativt enkelt her i landet. Vi har lov til å tru, sjølv om det er aldri så upopulært. Det er ikkje nødvendigvis enkelt å tru, og eg kjenner mange som seier at dei vart mobba fordi dei var kristne. Eg har opplevd lite av det sjølv, men eg budde på ein plass med mange kristne på min alder. Men dette kan uansett ikkje måla seg med det vi ser ute i den store verda. Der er det ikkje så enkelt og greit.

Det siste hundreåret har fleire mista livet på grunn av si kristne tru enn nokon gong før i historia til saman. Dette heng sjølvsagt saman med oppgang i folketal og med teknologisk utvikling, men eg trur det også har skjedd ei kvalitativ endring. Når vi les om dei tidlege kristne, så ser vi at forfylgjingane i stor grad gjekk ut over leiarane – apostlane, dei fyrste biskopane, osv. Men det siste hundreåret har sett meir og meir at forfylgjingane har gått ut over ‘kvardagskristne på golvet.’

Vi må hugsa på dei, vi må be for dei, vi må tenke på dei i glede og sorg. “For om ein lem lid,” skriv Paulus, “så lid alle dei andre med. Og om ein lem blir æra, gleder alle dei andre seg.”[9]

Men vi må også be for dei som forfylgjer dei. Jesus sa at vi skal be for fiendane våre, og vi ser jo korleis det gjekk med Saulus. Han fekk eit pangmøte med Kristus og snudde heilt om. Vi er kalla til å proklamere evangeliet, koste kva det koste vil. Vi er ikkje med i ein koseklubb. Vi er utsendingar frå kongen. Men alle er ikkje like glade for den bodskapen han kjem med.

Vi må ikkje gjere som Herodes – vi må gje Gud æra og proklamere bodskapen om at Kristus er Herre. Til slutt vil eg be ein litt utvida form av ei bøn vi bad på cellegruppene for sjette klasse på tirsdag:

Kjære Gud og Far! Takk for at vi får bu i eit land der vi får lov til å tru på Jesus. Vi ber for alle som vert forfylgde for trua si i verda i dag. Vi ber også for alle dei som forfylgjer. Kall dei til omvending, og kall oss til å fornya vår tru og lydnad til deg, slik at vi alle kan leve til ære for deg, Far, for Son din Jesus Kristus og for Den Heilage Ande, som var er og vere skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.

Noter:

[1] Apg kap. 4; 6-7; 8-9; 13.

[2] Sjå her og her.

[3] Apg 12:1-3.

[4] Opplegget To be continued… er ein bibelleseplan som vert brukt i gudstenestane, i gruppene og i heimane(?) i Bogafjell sokn (Bogafjell menighet og Figgjo menighet), Bymenigheten i Sandnes, Ålgård menighet og Stavanger International Church.

[5] Les eit intervju, og sjå ein videosnutt, med N.T. Wright.

[6] Jes 9:2.6.

[7] 1Kor 12:3, jf. Rom 1:1-4; 10:9-10; Fil 2:11.

[8] Rom 1:16.

[9] 1Kor 12:26.

2 comments on “Preik 2. sundag i advent 2013

  1. […] eg har påpeikt før, vart omgrepet evangelium (‘godt nytt’) brukt av kongar, fyrstar og keisarar for mellom anna å […]

  2. […] Eg har skrive litt om dette før, sjå her og her, med referanse til N.T. […]

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s