I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by

Denne bloggposten vart publisert kl. 17:01, og då er vi liturgisk sett i fyrste juledag. Tekstane for dagen etter katolsk ordning (julekveldsvigilien) er Jes 62:1-5; Apg 13:16-17.22-25; Matt 1:1-25 (evt. kortare: Matt 1:18-25), med Sal 89:4-5.16-17.27.29 som bibelsk salme/salmeomkved.

Denne jula vil eg stogge litt opp med evangelieteksten og teksten frå Apostelgjerningane. Vi les i Jesu namn:

Det står skrive i Apostelgjerningane:

16 Då reiste Paulus seg, gav teikn med handa og sa: «Israelittar og de andre som ottast Gud, høyr på meg! 17 Han som er Gud for Israelsfolket, valde ut fedrane våre. Han gjorde dei til eit stort folk då dei var innflyttarar i Egypt, og med lyft arm førte han dei ut derifrå. 22 Men Gud avsette [Saul] og reiste opp David til konge over dei. Han fekk dette vitnemålet av Gud: ‘Eg har funne David, son til Isai, ein mann etter mitt hjarte. Han skal gjera alt det eg vil.’ 23 Av hans etterkomarar lét Gud ein frelsar for Israel stiga fram, så som han hadde lova. Det er Jesus. 24 Før han kom, hadde Johannes forkynt omvendingsdåp for heile Israelsfolket. 25 Og då Johannes fullførte livsløpet sitt, sa han: ‘Eg er ikkje den de held meg for å vera. Men etter meg kjem ein, og eg er ikkje verdig til å løysa sandalen av foten hans.’»

Slik lyder Herrens ord.
Gud vere lova!

Dette heilage evangeliet står skrive hjå evangelisten Matteus.
Ære vere deg, Herre!

1 Dette er ættetavla til Jesus Kristus, Davids son og Abrahams son: 2 Abraham fekk sonen Isak, Isak fekk Jakob, Jakob fekk Juda og brørne hans. 3 Juda fekk sønene Peres og Serah med Tamar. Peres fekk sonen Hesron, Hesron fekk Aram, 4 Aram fekk Amminadab, Amminadab fekk Nahsjon, Nahsjon fekk Salma, 5 Salma fekk sonen Boas med Rahab, Boas fekk sonen Obed med Rut, Obed fekk Isai, 6 og Isai vart far til David, kongen.

David fekk sonen Salomo med kona til Uria, 7 Salomo fekk sonen Rehabeam, Rehabeam fekk Abia, Abia fekk Asa, 8 Asa fekk Josjafat, Josjafat fekk Joram, Joram fekk Ussia, 9 Ussia fekk Jotam, Jotam fekk Ahas, Ahas fekk Hiskia, 10 Hiskia fekk Manasse, Manasse fekk Amon, Amon fekk Josjia, 11 og Josjia vart far til Jojakin og brørne hans; det var på den tid då folket vart bortført til Babylon. 12 Etter at dei vart førte til Babylon, fekk Jojakin sonen Sjealtiel, Sjealtiel fekk Serubabel, 13 Serubabel fekk Abiud, Abiud fekk Eljakim, Eljakim fekk Asor, 14 Asor fekk Sadok, Sadok fekk Akim, Akim fekk Eliud, 15 Eliud fekk Eleasar, Eleasar fekk Mattan, Mattan fekk Jakob, 16 og Jakob vart far til Josef, mannen til Maria. Av henne vart Jesus fødd, han som blir kalla Kristus.

17 Slik er det i alt fjorten slektsledd frå Abraham til David, fjorten slektsledd frå David til bortføringa til Babylon og fjorten slektsledd frå bortføringa til Babylon fram til Kristus.

18 Då Jesus Kristus vart fødd, gjekk det såleis til: Mor hans, Maria, var lova bort til Josef. Men før dei kom saman, viste det seg at ho var med barn ved Den heilage ande. 19 Josef, mannen hennar, var ein rettvis mann og ville ikkje føra skam over henne; han sette seg føre å skilja seg frå henne i det stille. 20 Då han hadde tenkt ut dette, synte ein engel frå Herren seg for han i ein draum og sa: «Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den heilage ande. 21 Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.» 22 Alt dette hende så det skulle oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten:

23 Sjå, møya skal bli med barn og føda ein son,
og dei skal gje han namnet Immanuel

– det tyder: Gud med oss.

24 Då Josef vakna frå søvnen, gjorde han som Herrens engel hadde bode han og tok Maria heim til seg som kona si 25 og levde ikkje saman med henne før ho hadde fødd son sin. Og han gav han namnet Jesus.

Slik lyder det heilage evangeliet.
Lova vere du, Kristus!

Denne evangelieteksten er velkjend for mange, men i dag vil eg ikkje fokusere på siste del, men på slektstavla og på Pauli ord.

Den katolske forfattaren Peter Kreeft har sagt mange gonger at folk i oldtida elska slektstavler, og at vi ser denne fascinasjonen over heile verda, også i dag i ikkje-vestlege kulturar. Vi, derimot, finn dette ofte keisamt. Vi er ofte intereserte i slektsforsking, men vi har ikkje den fascinasjonen mange kulturar har for slektstavler, der det er noko stort å lese opp tavla, slik vi t.d. ser i miniserien Roots. Når dei har kome fram, byrjar dei å lese opp slektshistoria, nærast rituelt: “One day Kunta Kinte…”

Vi er individualistar. Men denne fascinasjonen for slektstavler finn vi i bibelsk tid. Det er mange av dei i GT, og det var eit viktig poeng å ha dei med i evangelia. Det står særs mykje viktig i v.18-25 i dagens evangelietekst, men for dei fyrste lesarane var slektstavla minst like viktig.

Ut frå slektstavla ser vi at Jesus, “han som blir kalla Kristus” er “Davids son og Abrahams son.”

Desse to var heilt sentrale for jødane. Abraham var den store patriarken og presten, David var symbolkongen framfor alle. Kristi pakt med oss vart, i Gal 3, framstilt som ei realisering, ei fullkommengjering, av Abrahamspakta:

De er alle Guds born ved trua, i Kristus Jesus. For alle de som er døypte til Kristus, har kledd dykk i Kristus. Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De er alle éin i Kristus Jesus. Og høyrer de Kristus til, då er de Abrahams ætt og arvingar etter lovnaden.[1]

Vi kan på mange vis seie at Kristus er ‘den nye Isak.’ Isak var Abrahams son, og Kristus tek Isaks plass, som lyftessonen, men også som offer.[2] Men Kristus er også, på mange vis, ‘den nye Salomo.’ Han er Davids son, kongen. I Kristus vert desse to smelta saman. Og dette er kjernen i evangeliet.

Som eg har påpeikt før, vart omgrepet evangelium (‘godt nytt’) brukt av kongar, fyrstar og keisarar for mellom anna å markere deira tronstigningsdag.[3] Etter det ‘kaos’ som oppstod ved ein konge-, fyrste eller keisardød, kom den nye og innførte fred og stabilitet. Dette var i det minste retorikken bak. Livet vart likevel det same som før for folk flest. Med Kristus ser vi noko anna. Han hevda å vere Messias – han hevda å vere Israels representant. Men han hevda ikkje berre å vere ein av mange ‘messiasar’ – endå ein politisk figur, endå ein utfriar frå fysisk fangenskap – frå romarar, korrupte jødiske styresmakter, osv. Nei, han hevda å vere Herre, han hevda å vere Gud. Og han, og etterfylgjarane eller læresveinane hans, var difor ein trussel, for Kristi herredøme relativiserer herredømet til kongar, fyrstar og keisarar. Herodes den Store, t.d., tola ikkje Kristi utfordring og prøvde å utrydde han ved å gje ordren om å drepe alle gutteborn i Betlehem opp til 2 år.[4] Seinare ser vi at barnebarnet, Herodes Agrippa I, gjekk hardt fram mot dei kristne, fordi dei forkynte Kristi herredøme, Kristi evangelium – at det er Kristus som er Herre, og ikkje verken Herodes, Cæsar, Napoleon eller til og med Haakon, Olav eller Harald. Og ikkje berre konge i Israel, i romarriket, Frankrike eller Noreg, men Herre og konge over universet, kongen over alle kongar, Herren over alle herrar.

Herodes Agrippa I var jøde og var fødd i Judea, men store delar av oppveksten hadde han i Roma, i keisarthoffet. Han kjente nok difor til evangelie-omgrepet, og det er ikkje usannsynleg at han brukte det om sin eigen tronstigningsdag – den dag han vart konge i Israel. Difor, ved å forkynne Kristus som Herre, sa dei kristne at det herredømet som var gjeve til kongar, fyrstar eller keisarar var relativt – dei hadde det på lån frå Gud.[5] Evangeliet er ikkje at Jesus er ein av mange som kan gje deg ei kjekk religiøs oppleving. Nei, evangeliet er dette: Jesus Kristus, den krossfeste og oppstadne Messias er universets Herre. Eller kortformen: Jesus er Herre.[6]

Kristi evangelium er godt nytt for fattige. For det seier ikkje at Kristus er berre ein av mange politiske ‘messiasar.’ Han er ikkje ein oldtidsversjon av Neo frå The Matrix. Han er ikkje endå eit syndig menneske som berre vil tyne menneska endå meir. Han er Gud, og han er god.

Julebodskapen er at Gud, i Kristus, har planen klar for å gripe inn att, og gje menneska nytt liv, i overflod, slik vi les i Jesaja, der vi finn det rette tolkingsparadigmet for det kristne evangelieomgrepet – at Kristus er Gud, Herre og konge. Vi les frå kap. 9:[7]

Det folket som går i mørkret,
ser eit stort lys.
Over dei som bur i dødsskuggens land,
strålar lyset fram.

For eit barn er oss fødd,
ein son er oss gjeven.
Herreveldet er lagt på hans skulder.
Han har fått namnet
Underfull rådgjevar, Veldig Gud,
Evig far, Fredsfyrste.

Så skal herreveldet vera stort
og freden utan ende
over Davids trone og hans kongerike.
Han skal gjera det fast og halda det oppe
med rett og rettferd
frå no og for all tid.
Herren over hærskarane skal gjera dette
i sin brennande iver.

Som kristne har vi fått eit oppdrag, eit vakkert oppdrag, å proklamere Kristi kongedøme, at Guds rike er komen, at det er i oss, midt iblant oss.[8] Som Jesaja skriv:[9]

Kor vakre dei er
der dei spring over fjella,
føtene til den som ber bod,
forkynner fred,
kjem med god bodskap,
forkynner frelse
og seier til Sion:
«Din Gud er konge!»

Juleevangeliet er dette, at Kristus er konge. Eller med engelens ord: “I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren!”[10]

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal éin sann Gud, frå æve og til æve. Amen.

God Jul! Gledeleg Kristmesse! Happy Christmas!

Noter:

[1] Gal 3:26-29

[2] Jf. 1Mos 22.

[3] Les eit intervju, og sjå ein videosnutt, med N.T. Wright.

[4] Matt 2:1-18

[5] Jf. Joh 18:33-36; 19:5-12; Rom 13:1-7.

[6] 1Kor 12:3, jf. Rom 1:1-4; 10:9-10; Fil 2:11.

[7] Jes 9:2.6-7

[8] Luk 17:21. Hovudmeininga bak det greske ordet ἐντὸς (entòs) er ‘inni,’ men sidan dei som vert tiltala er i fleirtal, gr. ὑμῶν (hymån), ‘dykk,’ kan det også bety ‘midt iblant [dykk],’ jf. det engelske uttrykket ‘in your midst.’ Eg tenker begge delar er rett, då vi vert frelst som individ. Men eg heller mot ‘midt iblant [dykk],’ då dette får fram fellesskapet på ein betre måte (og då dette verkar å vere meir grammatikalsk korrekt, då dei tiltalte står i fleirtal).

[9] Jes 52:7

[10] Luk 2:11

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s